Tidender.


Kristiania, den 12te Mai.

Odelstinget  i gaar. Ein liten Lov um aa freda Kvalfisken i Finmarki vart vedteken.

Lov um Loss-stellet vart utsett til eit anna Aar. Likeeins ein Lov um Born i Fabrikkarbeid.


Danmark. Loven, som Estrup hev gjevet ut um Riflekaup, er fraa fyrst til sist eit Aagrip paa den personlege Fridom og Rett. Skiveskjoting er Lovbrot, og ingen hev Lov til aa kaupa seg eit Gjevær, utan han fær Løyve til det av Styringi. Dersom ein Gjeværhandlar sel ei Byrse til ein, som inkje hev fenget Løyve av Styringi, so skal han hava Staff. Gymnastikklærarar, som underviser i Hogging og Bajonettfegting skal slutta med det for det fyrste.

_ Det hev voret haldet mange Møter av dei frilynde um, korleids dei skal gjera det med Skattarne iaar, og det ser ut for, at dei vert samde um inkje aa bitala Skatt til Estrup for det fyrste.

_ Det ser ut for, at mange Høgremenn inkje fær Bate av Striden. Mange Stader er Vinstre samde um inkje aa handla med Høgremenn i Byarne, og daa paalag alle Bønderne er Vinstre, so vil inkje det segja so litet.
 
 
England og Rusland . Det ser framleides fredelegt ut. Dei, som hev Æra av aa gjort mest for Freden er Gladstone og Keisar Alexander den III. Baade hev dei arbeidt for ein fredeleg Utgang paa Ugreida, kor Bladi og Folket i baade Landi ropte paa Krig. Det vert nok til det, at den danske Kongen kjem til aa døma um Penjdehgreidurne likevæl, men det er inkje alle i England som likar det.
 
 
England og Sudan . Osman Digma magtar inkje aa gjera Engelskmennerne nokot Mein. Han skal hava litet Krigsfolk og litet Mat aat dei som er. Ellest er det inkje godt for dei engelske Krigsfolki aa liggja der nede no, daa det er fælande varmt. _ Siste Meldingarne fraa London segjer, at Hartington melde igaar i Underhuset, at Herferdi til Khartum var uppgjevi, og at Engelskmennerne med det fyrste vilde draga seg attende fraa Sudan.

 
Preussen. Russiske og polske Arbeidarar hev strøymt i mengdevis inn paa preussisk Grunn, og det hev jamt voret klagat yver, at dei hev sleget Lønerne ned og teket Arbeidet fraa Tyskaranne. No hev Styringi vist ei mengd av desse innflutte Arbeidaranne ut av Landet, og det vart ein hard Støyt for mange. 
Denne Saki var nyleg framme i Tinget, og Styringi si Framferd vart lastat av mange frilynde Talarar; det vart sagt, at slik Framferd var stridande mot Folkeretten, og dei bad Styringi um aa halda upp med denne Utjagingi. Innanriksministaren svarad, at Styringi var nøydd til aa gjera, som ho hadde gjort, daa dei innflutte Arbeidarar tok Braudet fraa dei tyske, so dei vart nøydde til aa reisa til 
Amerika, og Landet miste ved den Grunnen for eit tysk Kulturliv. Det vantad inkje paa Svar fraa dei frilynde. Dei sagde, at Regjeringi si Framferd vilde auka Hatet millom Russarar og Tyskarar, og at andre Styringar snart vil bera seg aat paa sama Maate mot innflutte Tyskarar, som no den preussiske Styringi hadde gjort mot innflutte Slavar.

 
Fullmagtsnemndi hev innstelt paa Godkjenning av Røysteretten aat dei 400 Bykselmennerne fraa Kristiania. 2 Mann (Aarflot og Quam) meiner, at Bykselbrevi skulde hava voret tinglesne, skulde dei gjeva Røysterett. Roll ogso er imot.

 
Statsministar  Sverdrup er reist til Stockholm paa eit Par Dagar. Det gjeld væl politiske Saker, er det Von.


Lensmannsembætte. Stortinget hev avgjort, at det skal verta Lensmenn baade i Laardal og 
Mo (Telemork) med Kr. 450 i fast Løn aat honom i Mo, og Kr. 400 aat honom i Laardal.

Til Lensmann paa Hitra vart det latet til 
Kr. 650 og paa Frøya Kr. 600 og i Brandvoll kr. 600.


Det er Skiføre endaa paa Høgderne ei Mil fraa Byen, naar ein er ute tidleg um Morgonen.


Nye  Stortingsmenn. I Nordland er Prest Amundsen nemnd som Stortingsemne. I Vest-Uppland (Kristians Amt) vil væl ikkje Hvamstad verta uppattvald, det er daa Spursmaal um W. S. Dahl. For Aust-Uppland nemner ein Mann i Kristianiap. Torp, Engelhardt, Arvesen elder Konow som nye Menn. I Fjordarne (N. 
Bergenhus) skal Skulestyrar Dahl vera uhugad paa aa verta vald. I S. B. vil ikkje Løberg taka Val, og um Helleland som no er Suppleant fortel Vestlp., at han skal vera uhuga paa aa verta Tingmann.


Talen hans Melvær i det fyrste Ordskiftet um Maalsaki er trykt paa Norsk i Stortingstidendi. Talen hans Liljedahl er trykt paa Norsk i Vestlandsposten.


Professor  i Gruvedrift . I Gasjenemndi er det eit Mindretal, som vil hava A. Helland til umframs Professor. Dei held det ikkje for umogelegt, at dette kann vinna fram.


Privat Sylvdrift paa Kongsberg . Tinget hev gjevet Storhandlar Schartum-Swensen og Gravør Kingo Rett til aa driva ut Sylv paa Statens 
Grensur paa Vilkaar, som skal verta sette sidan. Statsraad Haugland sagde um dette, at det var berre godt og gagnlegt, um det og kunne verta Drift utanum det, som Staten kunne rekkja. _ Men Retten kunne kor som var ikkje gjevast, fyrr den Nemndi var ferdug, som skal granska heile Stellet paa Kongsberg. Thornevilde at Tinget skulde setja ut med aa avgjera noko til dess, men fekk berre 41 mann med seg.

 
Stortingsvali for Nordland er tillyst til 2dre Juli og for Romsdals Fylkje den 13de Oktober. For sundre Trondheims Fylkje skal det ogso vera fyrst i September. Det hev voret tala mykje um, at ein skulde sjaa til aa faa alle Stortingsvali paa same Dagen. Men det vert ikkje noko av det. Kanskje dei likevæl kunne laga det so endaa for dei Fylki sunnanfjells, det er sagt, at Amtmennerne hev havt Møte til Samraading um dette.


Til Fyr ved Grimstad hev Stortinget latet til Pengar.


Mange  Søkjarar. Til ein Tolltakarpost i Mandal hev det meldt seg 375 Mann. Alle Slag Folk, derimillom ogso ein som hev voret Prest.


Bondeopvigleriets  Frugter. I Gudbrandsdalen klagar dei mykje no um Tider, for at det er ille Tilstand. Og det er Chr. Bruun, som hev mykje Skuld for det, skriv I. Lunde, for Brunn vil at Arbeidaren skal hava det godt og agtast like med Husbonden. Og naar slike Ord kjem ut millom Folk, so vert det umogelegt aa vera Bonde lenge, skal alt ganga væl.


Folkehøgskulen paa Sagatun sluttad Skuleaaret sitt den 30te April. Det hev voret Gjenteskule i Vetter; 36 Gjentur hev voret der. 21 fraa Aust-Upplandi, 8 fraa Vest-Upplandi, dei andre fraa Romerikje, Vestfold, Sør-Uppland, Vest-Agder, Ryfylkje og Uttrøndelagi. Gjenturne hev voret umlag 20 Aar yver det heile. Lærarar hev voret Arvesen sjølv og Stud. jur. Olaf Arvesen. Fru Arvesen og Karoline Skramstad og Anna Refsnæs hev lært dei Handarbeid og Thora Borch hev lært dei aa syngja.


Paa Gjenteskulen i Sogndal , som byrjad den 13de April gjeng 44 Gjentur. So mange hev det aldri voret der fyrr.


Revolusjonen  i Overhalla . Bataljonshornblaasar Johannes Moe fekk Avskil fraa Posten sin. Dei heldt honom for ein av Upphavsmennerne til den vidgjetne Revolusjonen der uppe, endaa det var ikkje han korkje som lettad paa Lemmen elder bles paa Bukkehornet. No hev Stortinget gjevet honom Like for Avsetningi, han fekk Kr. 150 um Aaret til so lenge.

 
Til Skyttarmøtet i Stockholm i September hev den svenske Regjeringi latet til Kr. 20,000 av
Statskassa.


Lauseld. I ein liten By i Skaane, Skanør, hev det voret Lauseld. Byen hev berre 1000 Menneskje; men av dei vart inkje mindre enn 550 husville. Mest 100 Hus brann upp. Dei gjorde alt dei kunne for aa sløkkja, men det var ein so fælande Storm, at det var reint faafengt aa slaast mot Logen.


Luftsyn. I Visby hadde dei ei underleg Syn for ei Stund sidan. Langt burti Havet imot Himelsyni saag dei ein liten By med høge skogklædde Kollar kringum: dei saag det so skilleg, som um det hadde voret nære ved. Det stod paa berre nokre faae Minuttar.


Fraa  Wiskonsin skriv dei, at den 14de April hadde dei slik ein Snøstorm so stygg, at dei ikkje hadde havt honom verre i heile Vetter. Det er kaldt og gruste so det ikkje ser rart ut for Vaaronni.


General  Gordon. Ein Brevskrivar til eit engelsk Blad skyt Skuldi for, at Gordon vart fangad og drepen, paa den engelske General i 
Sudan, Wilson. Wilson laag tri Dagar og ingenting gjorde i Gubat, og han kunde aldri verta samd med seg sjølv um, kvat han skulde gjera. Daa han endeleg kom til Khartum, heldt han seg utanfor Skotmaal, so han fekk ingi Greide paa, korleids Sakerne stod; han gløymde og aa heisa kvitt Flag paa Eimbaaten sin, so Mahdien kunde vita, at han vilde forhandla, og so snudde han um fortast han vann, utan aa hava gjort nokot. Denne Brevsendingi hev gjort stor Uppsigt i England, daa ho er skrivi av ein, som sjølv hev voret med i Krigen i Sudan.