[Tidender.] England.


Det var reint eit Tilfelle, som gjorde, at Gladstone fekk Fleirtal mot seg i Tinget. Det vilde og vera undarlegt, um dei Menn, som hev studt honom so lengje, skulde fella ifraa honom, fyrr Semja med Rusland var fullt ferdig, serleg naar alt var komet i so godt Gjenge. Men Saki var den, at dei frilynde viste inkje um, at Ministeriet vilde gjera Inntektsbudgettet til Kabinetsspursmaal, difor var det mange av dei, som inkje hadde møtt fram i Tinget den dagen. Hadde dei tenkt, at Ministeriet vilde gjera Saki til eit Livsspursmaal for seg, so hadde dei møtt fram, og daa hadde det gjenget paa ein annan Maate. Dei, som røystad mot Gladstone, var Høgre og Irarne og 5 av dei frilynde. Dei frilynde Flokkarne, som hev voret mot Gladstone i ymse Spursmaal fyrr, heldt med honom denne Gongen.

Etter Avrøystingi søkte heile Ministeriet Avskil, og Telegrammi melder, at Lord Salisbury hev teket paa seg aa skipa den nye Styringi. Men det vert inkje so greidt for honom, daa han inkje hev nokot Fleirtal aa stydja seg til, og Irarne, som studde honom no, er litet aa lita paa; dei kjem væl til aa røysta mot alle engelske Styringar, til dei fær fram Kravet sitt um eit fritt Irland.

Ellest vert det væl inkje so lengje, at eit Høgreministerium fær sitja ved Roret. Til Hausten skal det haldast Val, og det er trulegt, at dei frilynde kjem att endaa meir mannsterke enn dei er no, og treffer det, so lyt Høgreministeriet dilta av att.

Kva Slag Utanrikspolitikk Ministeriet Salisbury kjem til aa føra, er inkje godt aa vita. Høgre hev i heile Aar arbeidt for aa faa England og Rusland i Haari paa kvarandre; men dei æver seg truleg, naar dei kjem til Magti, for dei veit, at Folket inkje vil ganga med paa Eventyr.