[Tidender.] Fraa Ordskiftet um Diktarløn aat Kjelland.


(Slutt).
 
(Del 2 av 2. Fyrste delen.

Oftedal var ikkje imot Diktarløner i det heile, det var Nasjonalbelønning for vel udført Arbeide. Og Kielland var væl ein framifraa Diktar, som han beundrad, han hadde voret overlag gild til aa piska all Hyklarskapen vaar, og kunne faa Folk til aa tenkja yver aalvorlege Spursmaal. Og det galt helder inkje, um Forfattaren personleg var Fritenkjar elder Kristen, det skulde vera rettferd mot alle. Men han kunne likevæl ikkje vera med paa aa gjeva K. Diktarløn, for Skuld den Maaten som K. skreiv paa, det var nedbrjotande for den Moral, som Folket vaart etter Grunnloven § 2 skal verja; K. verkad til Skade for Folket og daa mest for Ungdomen; for han gjorde Kristendomen andsvarleg for alle Lyte i Samfundet. Slike Folk som vilde brjota ned Kristendom og Moral kunne han væl likevæl gjeva Tolsemd men aldri Løn. _ W. S. Dahl møtegjekk Liljedahl og hevdad, at ein realistisk Forfattar ikkje set upp slike Idealar og tek Andsvaret for dei Meiningar, som ymse Folk i Bøkerne hans hev. Men med Daarskapen kjempar ofte sjølve Gudarne til faafengjes. _ Sparre: Alle so spyrja dei kvifor Kielland ikkje skal hava Diktarløn, han hadde ikkje høyrt nokon spurt um Grunnen til at han skulde faa. For alle er samde um, at etter Diktarverdet hans, er han det fullt verd. Men dei hadde likevæl sett upp Motgrunnar, ingen av dei var god nok i seg sjølv, men mange til
saman skulde gjera det. Alle Komitemedlemerne var elles samde i det, at hans Arbeid ialfald til dels formenes at staa i Modsætning til de inden Nationen herskende moralske og religiøse Begreber; dette var Ord, som var so veike og vare, at ingen kunne verta klok paa dei. Naar dei talad um den herskende Moral, meinte dei daa kanskje den, som heldt den andre nede? Liljedahl hadde vist, at han reint misforstod den realistiske Diktning, K. skildrar berre Livet, som han ser det, og set ikkje upp nokre Idealar, dei fekk me sjølv velja millom dei Personar, som han skildrad. Han las upp Lovord um K. fraa Morgenbl. 1882, fraa Vestlandsp. 1881, der det millom anna stod, at ingen skal indbilde os, at vi er ferdige med ham (K.) og kan ryste saadant af os med den hoverende Bemærkning, at han skal være en Positivist, en Fornægter, en Vantro. Nei vil vi ikke høre Evangeliets lokkende og frelsende og frigjørende Bud _ lad saa Digteren have Ordet. Men no hadde dei funnet ut, at K.s store Arbeid berre var gjort til aa trengja Kristendomen burt og faa fram sitt eiget. Men det var ein umoralsk Synsmaate. Det sanne var, at det var so mangt stort og godt og kjærlegt, som baade Kristne og Fritenkjarar kunne semjast um utan aa trætta um Dogme. Dei kunne møtast ved Sjukesengi, i Arbeidet for dei Fatige, og framfor alt i Politikken og paa Aandens Vigvoll, der det galt um aa stydja det, som kunne lyfta og dana Menneskja. Og denne Setningi hev dei samfelles, at det du dyrkar, det skal du dyrka i Aand og Sanning. Dei sagde, at me tyner og forfylgjer honom ikkje, med di me negtar honom Diktarløn. Men det var likevæl ein Maate aa forfylgja paa; Skuleguten som vart negtad Middagsmat, reiknar dette som Straff. _ Det skulde vera for Veljaranne sin del, kanskje, at dei ikkje torde ganga med her, so vilde dei hava Ordet for aa vera tolerant paa sine eigne Vegner, men likevæl intolerant paa andre sine Vegner. Men solenge K. ikkje gjorde Aatak paa sjølve Kristendomen elder saarad den moralske Kjensla i Folket, so negtad han at der kunne hentast Grunnar fraa Kristendomen til aa vera imot denne Diktarløn. Men det var Klerikalismen, som ikkje dyrkar noko i Aand og Sanning, som her sette seg imot, Den forstend aa hata og forfylgja. Den hadde ringt med Gravklokka for mange Frægdarmenn og ein kjende Ljoen. K. hadde vaagat Kampen med dette svarte Spøkjet, det styggaste Spøkjet, som han viste, og han hadde ført Striden med Dugleik. 
Det Arbeidet heldt Talaren for mykje verdt, og difor vilde han av fullt Hjarta vera med paa aa gjeva honom Diktarløn.