[Tidender.] Henrik Ibsen og Frua hans


drog fraa Byen Torsdag Eftan. Som ein kunne venta var det mange som fylgde han paa Stasjonen for aa segja den namngjetne Diktaren eit Farvæl. Damurne hadde Blomsterduskar med til han. Daa han steig inn i Vogni, var det væl eit Par Hundrad Menneskje kring han, millom dei kunne ein sjaa fleire Bladmenn av Vinstrepressa, Mange Stortingsmenner, Presidentarne i Odelstinget og Lagtinget og ein heil Del Damur. Eg saag ingen Høgremann. Kva skulde dei ogso der? Alle saag med Age og Vyrdnad paa Diktaren og eg er viss paa, at Ibsen kjende seg varm ved all den Kjærleiken som her lyste honom imøte fraa alle. Han talad mest heile Tidi, so med ein, so med ein annan; og daa han trykte Skodespelar Bjørn Bjørnsons Haand, sagde han høgt, so alle kunne høyra det:

Hils alt som er ungt i Norge og bed dem være tro, og sig, at jeg vil være dem som Fløimand paa venstre Side, som venstre Fløimand. Den Dag da jeg ikke kan det, den dag vil jeg ikke lenger leve. Det, som kan se ud som Galskab hos de Unge, det blir dog tilslut det seirende. Vær sikker paa det..

Dette var dei trauste Ordi hans Henrik Ibsen, daa han foor. Og skulde nokon vera i Tvil, so visar dei oss, fullt ut, kor Diktaren stend og kva han meiner; dei viser, at han er ung enno, at han no som alltid umfattar Fridomshugen med ein Kjærleik som aldri vil svika. Desse Ordi viser og, kor nære kvarandre Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson stend i Arbeidet sitt; naar ein les dei, kunne ein gjerne tru, at det var Bjørnson som talad; dei viser at desse tvo Diktaranne arbeider for eit og det same, og difor sae og Ibsen, ein Gong daa han høyrde, at Bjørnson var faarleg sjuk: Det var som om den ene Væg i mit Hus var borte.

Daa Toget gjekk, ropte Bjørn Bjørnson eit Leve Henrik Ibsen og Frue og eit dundrande Hurrarop fylgde; alle tok Hattarne av, Damurne viftad og vinkad, og so stod me der og saag etter Toget, til det kvarv burt. _ 
Det var Høgtid yver oss alle. Me, som var der, vil gøyma paa dette Minnet, som eit av dei dyraste me hev, og aldri vil det unge Norig gløyme Henrik Ibsens Avskilsord.

Ibsen var her i Kristiania so lenge for aa faa høyre paa Ordskiftet um Kiellands Diktarløn. Det maatte vera undarlegt for han dette. Spursmaalet galt naturligvis likso mykje honom som Kielland. Serleg maatte det vel undra honom, at ikkje ein einaste Mann fraa Høgre la eit einaste Ord inn. Det maatte væl staa for honom som um Vinstre var det Parti, som hadde alle dei aandelege interesser og som um det berre var hjaa Vinstre, at Aandslivet hadde nokor Kraft. Fraa høgre Sida høyrde han berre eit samrøystes nei; inkje Grunnar. Og kor skulde dei ogso fenget dei ifraa? Eg kann ikkje tru anna, enn at Ibsen reiste burt med eit undarlegt Inntrykk fraa Stortinget. Han saag Intoleransens Aand gjera seg breid; han saag det myrke svarte Spøkelset, som Sparre kallad det; men han høyrde ogso frie ord, so frie, som dei ikkje mange Gonger hev lydt i Norigs Storting. Og det er denne Frihugen han i heile sit Liv hev stridt for, arbeidt for so trugjet. 
Og difor kunne han og segja det, at han likevæl kjende seg som yngd etter det han hadde høyrt og set dei Dagarne han var her.


I. N.