Alexander Kiellands Diktarløn.


(Innsendt): No er altso Kielland negta Løn, som kanskje ikkje kom so uventandes endaa; men som iallfall etter mi Meining, Hr. Redaktør, hadde burt gjort det. Den 9de Juni er ein Æresdag i Stortingets Historia, Skade at den 10de Juni 1885 sette ein svart Flekk paa ho! Ein maa vera einig med H. Bentsen, naar han sagde, at det ikkje berre var ubilligt, men ogsaa uretfærdigt, vis ikkje Kielland fekk Diktarløn. Det kan væl med Rett kallast Smaalegheit og Intolerance, at ikkje Kielland fekk nokor Løn. Det er au Forskjel paa Sparsamheit og Vesaldom. Alle er einige i aa anerkjende Kielland for ein stor Diktar; men aa gjeva honom noko Løn, det vilde dei ikkje vera med paa. Kielland kann nok kanskje synast um, at dei segjer han er ein Diktar; men det er eit gamalt Ord, som segjer, at Gjølord er ein go Mat, men han mettar so lite; det same segjer væl Kielland au. Ein kann væl ikkje tenkje anna hell, enn at det for nokre var formedelst Ubekjendskab til Kiellands Dikting, at Avstemningi blei, som ho blei. Av ein Del i Tinget kann ein ikkje venta so mykje meir; men denne Gongen tok dei det daa makelegt au, let ikkje Kjeften upp eingong! Ibsen skreiv ein Gong for nokre Aar sidan:
 
Gaar til sin Gjerning de norske Mænd
viljeløst vimrende, ved ei hvor hen,
skrukker sig Hjerterne, smyger sig Sindene,
veke, som vaggende Vidjer for Vindene,
kan kun om en Ting i Verden de enes,
den, at hver Storhed skal styrtes og stenes,
heises som Mærke Useldoms Klude,
sætter de Æren i Flugt og i Fald _ osv.

At dette kunne passe for no, tenkte væl Ibsen med seg sjølv ogso. Det er rart, men Nordmennerne er ikkje komne lenger endaa.

J.