Dei Lærde og Landsmaalet.


Der hev nyleg voret Storslag um Maalsaki i Noregs Storting. Kampen var forvitneleg aa sjaa paa for oss, som stend utanfyre. Serleg lyt me undra oss yver eit Par lærde Teologar, ein Skuledirektør og ein Professor, som i sin Kamp mot Maalsaki openberte ei Faakunna so stor, om me aldri hadde tiltenkt so lærde Menn det.

Hvad er dette Landsmaal? Hvem taler, og hvem skriver dette Sprog? _ det er Spursmaali som dei kjem med, trass i at dei fekk Svar fraa fleire Kantar og hev fenget Svar Gong paa Gong gjenom mange Aar. _ Ein kunde mest vera freista til aa tru, at det skorta deim paa Godvilje til aa skyna det, men det er inkje Raad til aa tru det hell um so gilde Menn som Professor Bugge og Skuledirektør Bonnevie. Men eg trur helder svert gjerne, at dei hev sotet so lenge paa Leseromet sitt og nidstirt i Bøkerne sine, skrivet lærde Avhandlingar og sett upp Instrukser og Regler for dei høge og laage Skular, at dei hev latet Livet med sine mange nye Krav og Tankar sigla seg forbi. Hadde dei ørlitet komet ut millom Folk, so hadde dei snart lotet sanna, at paa Landsbygdi i Noreg liver eit Maalføre, som er egtefødt Barn etter det gamle norske _ med Undantak av sume einskilde Bygder, som er vortne utskjemde av Byarne. Likeins hadde dei, som er so lærde, lett skynat, at dei einskilde livande Maalgreiner er inkje meir Kraakemaal enn andre Maalgreiner i Verdi, til at dei inkje skulde lata seg bøygja inn under ei og sama Hovudform, for det um sume Ord hev si eigi serlege Uttala etter Bygdarlagi. Det kann daa vel ingen tenkja, at det her i Landet skulde vera meir umogelegt aa hava eit Bokmaal som umsluttar fleire Bygdarmaal, enn det er det i andre land i Verdi. T. D. Danmark. Der hev dei mest likso mange Maalgreiner (Dialekter), som her hjaa oss, men Bokmaalet er daa ikvartfall paa det næmaste eit. Skulde det vera so mykje meir umogelegt aa hava det slik her i Landet? Ja, segjer dei, naar me berre hadde ei slik Maalform, som høvde for alle! Men no hev me so mange: Aasens, Knudsens, Høyems o. s. b. Og det kann godt henda, at inkje nokon av desse eingong er den næstbeste, enn aa segja den alrabeste. No væl! dette negtar ingen. Men skal me venta nokorsinne aa faa det fullkomlegaste, reinaste og sannaste norske Bokmaal, lyt det sanneleg verta paa den Visi, at me byggjer paa det livande Maal, me hev, og etter kvart let Livet og Vitenskapen bøta og brøyta paa dei Maalformer, som no er sette upp som dei beste. 
Elder skal me venta til dess ein elder annan lærd Skuledirektør elder Professor med Ljos og Lykt kjem og leitar fram ei Maalform aat oss, som med ein Gong er, og som for ævelege Tider skal standa som den fullkomne? Daa lyt me venta noko lenge, er eg rædd for! Nei, lat Bokheimen og livande, aandfulle Menn og Kvinnor faa taka fatt i dei 
uppsette (Professor Bugge lyt sanneleg orsaka: eg segjer uppsette) Maalformer, me hev, so skal det nok med Tidi verta til eit heilstøypt og vælklingande Bokmaal.

Kvenn talar dette Landsmaal? spyrr dei. Eg tenkjer, det er paalag so mange, som talar Landsmaalet her i Noreg, som dei er, som talar dansk i Danmark og svensk i Sverik. D. v. segja: det er ingen korkje her elder der, som talar slik, som det stend skrivet i Boki. 
Det er berre regtig oldande gamle Skulemeistrar, som talar som ei Bok (dansk), og difor er dei no vortne til Laattraløggje for det.

Eg tenkte verkeleg, at Professor Bugge og Skuledirektør Bonnevie hadde havt meir Folkevit enn den Mann, som skreiv i Budstikkeneingong i Vinter, som sagde, at det, som, er, skal o. s. b. inkje er norske Ord, daa det ingen er i Noreg, som segjer det, som, er og skal, men dæ elder da, so, æ og ska elder skaa. Men no ser eg, at ogso dei meiner det same, for dei segjer, at det er ingen som talar Landsmaalet, daa det ingen er, som talar det etter Bokstaven. 
Der ser me, kvat dei lærde meiner med aa tala Landsmaalet! (Ja, han som skreiv i Budstikken hev ogso voret ein lærd Mann, kann ein nok skyna!). _ Men no er det slik, at i baade svensk og dansk _ for daa inkje aa tala um andre utanlandske Maal, som t. d. tysk og engelsk _ der er ogso Uttalen av Ordi mykje onnorleis enn Skrivemaaten, so me kjem daa i tolegt godt Selskap med vaar Usemja millom Uttale og Skrivemaate i vaart norske Landsmaal.

Det lyt undra einkvar, som er litet Grand kjend utyver Landsbygderne og kjend med det Landsmaal, me no hev, at nokon kann falla paa aa segja, fyrst at dette Maalet hev liti elder ingi Rot i og Samanheng med det millom Bønderne livande Maalføre, og dernæst at det ingen er, som talar dette uppsette Landsmaalet. Jau i sin djupaste Grunn er der utifraa god Samanheng millom Maalgreinerne _ ikvartfall største Delen av deim _og Landsmaalet. Der er, som eg fyrr hev sagt, sume Landslutar, som er noko sterkt paaverkat av Byarne, og som kannhenda hev nokot vondt for aa bøygja sitt daglege Maal inn under Landsmaalet, Men ser me væl etter, so skal me nok finna, at ogso dei hev norsk Maal, at dei nettupp hev det, som serkjenner norsk Maal fraa alle andre Maal i Verdi. Me vil finna, at Namnordi og Gjerningsordi, som gjev Livet i baade Tale og Skrift, lyder i si innerste Rot likt yver største Luten av Landet. At Ordi vert bøygde i Enden paa fleire Maatar skulde vel inkje gjera so stort til Saki. Um eg til daglegt Bruk segjer t. d. Bygdæ, Solæ, Bokjæ o. s. b. so vert det slett-inkje noko nytt Ord _ inkje eingong i mindste Maate noko framant og for meg ukjenslegt Ord _ for det um eg ser det att paa Papiret bøygt um til Bygdi, Soli, Boki. Det er same Ordet, og eg kann godt kjennast ved det. Tru inkje dei, som hev o elder a i Enden kann det same? _ Paa denne Visi kunde nemnast Døme i hundradvis og meir til.

Tru inkje me allesaman _ Prof. Bugge og Skuledirektør Bonnevie ogso _ kunde verta samde um, at det Landsmaal me hev fenget uppsett er eit godt norsk Bokmaal, det beste me hev for Augnablinken, og at det slett-inkje er so umogelegt aa bruka det, som det hev voret sagt?

N. S.