Fraa Tørdal.


Ogso iaar hadde me ein liten 17de-Maifest paa Lauvstad i Tørdal. Daa det leid ut paa Ettermiddagen samlad Folk seg paa Einarhaugen, der det reine norske Flagg var plantad. Fyrst talad Klas Øvrebø um den dyre Arven me fekk i 1814 og etter honom Jon Lauvstad, som talad um dei Strider, som Folket ved sine Repræsentantar maatte halda med Kongsmagti, og i Fyrstningi ogso med Sverik, i dei 70 Aar fraa 1814 til 1884. Desse 70 Aari kom til aa verta ein Bolk for seg sjølv i vaar Soga, som med 26de Juni 1884 dreiv inn i det Utviklingsfar, som vanleg kallast det parlamentariske System.

Deretter talad Andreas Nordbø. Daa Klas Øvrebø hadde talat um Tidi fyrr 1814 og Jon Lauvstad um Tidi etter, so vilde han tala um den Tid, som skal koma. Han nevnde ymse Ting, som turvte Bøting og Umvøling paa i vaart Land. Ei Frikyrkja vilde han skulde løyse av Rikskyrkja, daa denne paa Grunn av sine stive, stramme Former berre gjer Folket einsidelegt, dumt og hykkelsk. At Skuleborni laut puga paa Luther og Pontoppidan, fann han myket skadelegt. Kvar frilynd Nordmann, trudde han sikkert maatte stydja og hjelpa fram Maalsaki og Kvendesaki. Etter at han hadde talat litet um vaare Diktarar, som han nevnde som Folkets Fyregangsmenn, sluttad han med eit Hurra for Framstigsmennerne. So talad atter Klas Øvrebø um Bjørnsons Bok Det flager osv., som i Stuttmaal, sagde han, kann framsetjas i dei faa Ordi: Vaarherre straffar Federnes Vondskap paa Borni i 3die og 4de led. Etter Uppmaning av Jon Lauvstad vart so ropat eit tridubbelt Hurra for det norske Maal, det reine norske Flagg og det norske Folks Fyrstemann Johan Sverdrup. Gjenterne song av og til nokre nokre Songar, og daa det leid ut paa Notti, sluttad Festen, etter at dei mest kaate og spreke hadde fenget seg ein Svingum.

(Vestmar)