Matmunen i ymse Slag.


(Utdrag etter Nora).

Baade i Kaffi og Te finst det eit Stoff, som det er Kvælstof i, og som kallast Kaffeïn elder Teïn. Det er eit og det sama, og det berre lite Grand av det; i Kaffibønnunne ½ paa Hundrad, i Tebladi 1 _2 paa Hundrad, ettersom dei er gode til. Dette Stoff trudde dei ei Tid var til Næring; men naar der finst so lite av det, kann ein skyne, det vert ikkje stort av det i ein Kaffikopp. _ Seinare kom dei paa det, at med Kaffeïnen skulde Stoffumbytet i Kroppen verta meir langsamt, sameleis som med Brennevin; men det synte seg, at det ikkje var so. No hev dei komi til det, at Kaffeïinen gjer korkje meir elder mindre enn eggjar Nervanne, og naar ein tek mykje av han, er han Forgift, sameleis som Tobak og Brennevin. Naar me ikkje reknar med det Sukkeret og den Mjølki, ein plar setja til, finst det soleis ikkje Matmun i han 1). Naar ein ikkje drikk for mykje Kaffi, virkar han kveikjande paa Hjarte- og Nerve-Verket, han kann i so maate vera vælgjerande for eit friskt Menneskje. Men tek ein mykje veld han Hjarteilt, Skjelte, Klembing, Otte og Uro. Det finst jamvæl Sjukdomar, der Kaffien er reint faarleg, t. D. i ymse Hjartesjukdomar, Kardialgi og for den, som er livklen. Kaffien hev soleis eltt for aa bli misbruka. Kaffien er esla til aa takast attaat onnor fullgod Føde, men ikkjetil aa brukast istadenfor den, og det er det, som so ofte er Tilfelle paa Landsbygdi. Dette kjem seg vel av di, at det ikkje er so lett no som fyrr aa faa nok Mjølk til billeg Pris, daa Byarne brukar so mykje, og det vert fleir og fleir Meierigardar, og dei tek alt i hop. Difor lyt Kaffikjetelen mange Stader fram baade i Tide og Utide. Kaffien skal soleis ikkje berre løyse av Mjølki, men ogso døyve Trongen til onnor dygdig Føde. Naar ein drikk for mykje Kaffi, fær ein det plent paa same Maaten, som naar ein hev for daarleg Mat. Kaffi kann aldri bli fullgod for Mat, for det er ikkje Næring i han. Ogso der det ikkje er Matløysa, men i ein gamal Uvane som hev sett Kaffikjetelen i Høgsæte, gjer han stor Skade. Eg tenkjer her paa den aalkjende Skikk rundt um i vaart Land, at Kaffien skal fram ikkje berre tidleg um Morgonen paa fastande Hjarte, til Morgonmaal, etter Middag og kanskje til Kvelds med; men kvar Gong det kjem eit Menneskje, skal ein drikka 1 _2 Koppar, og av Framandfolk kann det vera fleire um Dagen. Paa denne Maaten vert det ikkje so sjeldan, at ein daglegdags tek ein 6 _8 _10 Koppar, og slikt er galet anten det er Kaffi ein drikk elder anna. Det verste er, at dei gjev Born Kaffi, so dei vert sjuke av Bleiksot og anna Ilt til dei er halvvaksne, Tenarar og Arbeidsfolk brukar overhendig mykje Kaffi, og det ser ut til, at Kaffibruket tek reint Yverhand utyver Bygderne. Det er ikkje sjeldan, at ein Arbeidsmann fører i seg ein 3 _4 store Kopapr paa ½ liter um Eftan, og naar det kjem so vidt, so er det syrgjelegt 2). Statistisk Aarbog for Kongeriget Norge, 5te Aargang 1884, viser, at det i 1883 vart innført til Norig ikring 8 Millionar Kilogr. Kaffi, og det vert i Pengar meir enn 7 Millionar Kronur.

Um Teen gjeld plent det same som um Kaffien; men daa Teen ikkje er so mykje i Bruk her i Landet³), er det ikkje verdt aa umhandla den her. Kaffi og Te inneheld same Forgifti, virkar paa same Maaten som Vin og Brennevin. Baade Kaffien og Spriten eggjar. Kaffien eggjar mest; Spriten eggjar fyrst og so døyver han. Maatehaldspreikaranne slær seg i lag med Kaffi- og Te-drikkarar; men det er same Fysna, som driv dei til Kaffi og Te, og Drikkaren til Vin og Brennevin.

Øl er daa mykje betre, helst naar det er lint. Det er nok so, at det i det beiske Ølet umfram Spriten, finst ei onnor Forgift, og som kjem av Humlen _ Lupulin _ men til all Lukke er det lite av baae Slag, men ein 
Del Sukker og andre Næringsmidlar, so det nyttige paa ein Maate veg upp med det skadelege. Berre naar det vert til Ovdrikking, vert Ølet til nokon vidare Skade.

Naar eg soleis undantek Ølet, som daa inneheld litevetta dygdigt Stoff, so er dei sterke Drykkjer so utrengde og so lite nyttige, at ein helst burde vera dei foruta. Alle hev dei det Lytet, at det kjem Stur etter Kveikjen, so det er ikkje langt imillom Bruk og Misbruk. Difor bør dei i det høgste berre brukast av og til, ikkje liksom Kaffi og Te til daglegdags Kost. Aa rekna upp alt det, som dei sterke Drykkjer dreg etter seg, vert for drjugt. Ein fær vondt for Bringa og i Magen, vert nervesjuk, fær Modsott og Hugløyse og desutan mindre Kraft til aa staa imot Sjukdomar i det heile. Ein øyder si Livetid og Ætti etter seg⁴).

Um Tobak skulde det ogso hava vori sagt noko. Tobak er beint ut Forgift. Sume kann venja seg til han og med Maatehald bruka han utan større Skade, men for andre vert han ikkje anna hell Forgift. Tobaken hev heime i Vestindia, men fyrr Amerika vart funni, var det ingen her i Nordlandom, som kjende til Tobak. I 1550 kom dei fyrste Tobaksbladi til Evropa. Fyrst bruka ein dei til Lækjedom, sia tok Folk her til aa fara etter Indianaranne baade med aa røykja, snuse og tyggja. I Aaret 1616 var det fyrste Gongen, at det kom Tobak til Norig, og no brukar me uppimot 2 Millionar Kilogram um Aaret og det vert i Pengar 2 ½ Million Kronur⁵). I den siste Tidi hev dei teki til med aa dyrka Tobak her i Landet au. Ein Mann hev rekna ut, at det kvart Aar vert bruka 2000 Millionar Kilogram Tobak, og det vert i Pengar 1800 Millionar Kronur. I New-York vart det 1857 bruka 3,600,000 Dollars til Sigarar, men berre 3,000,000 Dollars til Brød. I Fyrstningi vart Tobakstyggjing og Røykjing forbodi i sume Land; soleis gav Kong Kristian den fjorde i 
Aaret 1632 ein Lov um, at Tobak ikkje skulde brukast i Norig og Danmark. Pave Urban den aattande stengde dei, som røykte Tobak, ute fraa Kyrkja, som dei hadde vori gudlause Syndarar. Den tyrkiske Sultanen let Pipa stinga tvert igjenom Nosi paa Røykjaranne. 
Den russiske Keisaren let skjera Nosi av dei. Det hjelpte daa ikkje altsaman, Folk røykte likevæl. Endaa er det mange, som røykjer og tygg Tobak til dei vert sjuke, men baade Kar og Kvende brukar han kor som er.

Det er noko sjuklegt hjaa Folk dette, at dei Dags dagleg nyttar Ting, som berre skulde vera til Lækjedom, og som dei maa taka meir og meir av, ifall dei skal kjenne til det. Det er vandt aa gjera noko med slikt. Ein fær lata det gaa og berre sjaa til aa halda att, og faa Folk til aa vera maatehaldne. Ein skulde daa skyna, at det er ikkje ein naturleg Trong, men ein kunstig, som ein ikkje kann faa Has paa, minder heile vaart Samfundsliv vert umvølt. Det nyttar lite aa mana Folk til Maatehald; den beste Maaten til aa arbeide mot Misbruket av giftige Saker er høveleg Skil millom Arbeid og Kvile, jamt Byte millom aandelegt og likamlegt Arbeid, rein og frisk Luft so mykje som mogelegt, simpel god Kost.


¹) Det er ellest ikkje rett aa bruka mykje Mjølk i Kaffien, for Ostestoffet i Mjølki og Garvestoffet i Kaffien vert naar dei kjem i hop overlag tungmeltande.
²) Sjaa FedraheimenNr. 38.
³) I 1883 var det innført ikring 80,000 Kilogr.
⁴) I 1883 vart det i Norig drukki 6,357,000 Liter Brennevin og 338,030 Hektoliter Øl. Desutan vart meir enn 1 ½ Million Liter Vin innført fraa Utlandet.
⁵) Sjaa: Statistisk Aarbog for Kongeriget Norge 5te Aargang 1884 S. 60 og 62.