Mistaket.

 
Naar det var Tingmenn, som heldt Kielland for ein framifraa Kar i Diktarvegen, men likevæl røystad imot at han skulde faa same Stelling i Landet som dei andre Stordiktarar, so var det laga med dei paa den Maaten, at dei saag etter sine eigne Meiningar og berre talad um sitt personlege Andsvar elder tenkte paa, at dei skulde repræsentera Stemningi hjaa Folk paa Heimstaderne sine i Staden for, at dei i ei Sak som denne berre skulde repræsentera Staten i det heile. Det er elles so vanskelegt med slike Skiljingar um dei ymse Hensyn som Stortinget bør taka, at det vil verta for abstrakt elder tinglaust. Men Tanken vert den same um ein tek det so, at me hev Plikter og Andsvar baade mot oss sjølv og mot den Ætt, som kjem etter oss. Oftedal var inne paa den Tanken, men han meinte, at det var nettupp Hensynet til Ætti, til Ungdomen i Landet, som gjorde at han maatte røysta imot, um han kanskje for sin eigen Del helder kunne hava voret med. Han tok det soleis paa den Maaten, at Plikterne imot Ætti byd oss aa ikkje gjera Vegen for lett for dei som etter kjem til aa døma um Livsens store Spursmaal paa eigi Haand, men at me skal bruka den Magti som me hev, til aa halda dei paa dei same Vegjer, som me sjølv hev faret og gjeva dei same Tykkje og Tankar, som me sjølve hev havt. Me held daa oss sjølve for aa hava Rett til aa bruka alle Midlar, som Fleirtalsmagti gjev oss til aa verja um, at dei næste Ætter skal tenkja som me. Det er naturlegt, at Foreldri gjerne vil at Borni skal faa dei same Meiningar, som dei sjølve hev havt. Men hadde dei fullstor Tiltru til, at det var eit godt Ættarmerkje i dei, so vil der ikkje ottast for at Borni skal koma ut millom ymse Tankestrøymingar, men dei vil vita, at daa fyrst, naar dei fær jamgodt Tilføre til aa røyna alt, vil dei kunne gjera eit sjølvstendigt Val og faa Meiningar, som det er Mun i, velja det beste.

Um det og kunne vera med blødande Hjarta, ein ottsam Hug for at Ungdomen skulde ikkje velja den rette Leidi, so skulde helder kvar ein tenkja med seg sjølv, at her gjeldst det ikkje um personlege Kjenslur, men um Statens strenge Krav um Likskap og Rettferd, og er det daa so, at det gjeng galne Vegjer med Ungdomen, naar Staten fær sitt Krav fram, so er det einast me sjølve som hev Andsvaret, me som daa hev alet upp Borni vaare so, at me ikkje torer senda dei ut i Heimsens Leik, men me maa hava dei under vaare eigne Hyrdingsaugo heile Tidi.

I Avrøystingi um Kiellands Sak, kann ein ikkje godt segja, at det var Fritenkjaranne og dei Kristne, som rauk i Ota med kvarandre og prøvde sine Krefter, og at det var dei Kristne, som vann ein Siger for Kristendomen. Ein skal helder ikkje hava Lov til aa segja, at det var berre Hyklarskap og Fanatisme og Intoleranse paa deira Side, som var imot, endaa Hyklarar og Farisæarar finst det i ein Flokk, um han er aldri so liten, men Saki var væl den, at anten dei sjølve hadde den Meining, elder det var for Veljaranne si Skuld, so kom det fram dette, at Ungdomen vaar hev me ikkje gjevet den rette sedelege Uppaling, som gjer oss fulltrygge paa aa lata dei faa prøva seg sjølve. Dei som røystad for Diktarløni gjekk ut ifraa, at anten var Fritenkjarskapen hans K. ei god Sak, elder dei heldt Kristendomen for aa vera ei betre Sak og ei større Sak, som trygg um aa vinna gjerne kunne lata Motparten faa svinga Vaapni sine ei Stund; men der stod Fritenkjarar og Kristne samstelte um det, at Sanningi skal berre føra Striden ut og vinna ved sine eigne Midlar, med Aandens Vaapen. Paa den andre Sida stod dei, som trudde, at Folket i det heile endaa var for ungt og umyndigt til aa avgjera sitt Livs Leider paa eigi Haand. Paa den eine Sida Tillit til alt som er ungt og friskt i Norig, paa den andre Sida Mistru, Tvil og Otte.

Det var dei siste, som vann. Og det var mistaket, at dei synte for liten Tillit til Landet og Framtidi vaar.
 
X