Tidender.

 
Kristiania, den 16de Juni.

Ein Prest i Knipe. Daa Tinget hadde for seg Innstellingi fraa Protokolkomiteen um Embættsutnemningarne aat Regjeringi, sagde Pastor Schjørn, at Komiteen inkje for fram paa same Maaten no som under dei fyrre Styringarne. Det var inkje sodan Hug til aa finna Feilar no som fyrr. Til det svarad Formannen i Komiteen, Blehr, at Schjørn, sjølv hadde forfattat den Luten av Innstellingi, som det her var Tale um baade iaar og dei tvo fyrre Aari. Komiteen hadde gjenget med paa det Schjørn hadde skrivet, so dersom det fyrr hadde voret større Hug til aa finna Feilar hjaa Styringi, so maatte det vera Schjørn sjølv, som no hadde skiftat Sinn.

Til det svarad inkje Schørn eit einaste Ord.


Frankrike og Kina er no samde og Fredsbrevet er underskrivet av baade Partarne.
 
 
Kolerasjuken held seg i Spania, men er inkje paa det argaste.
 

Sterk  Storm. Fyrre Laurdagen var et ein fælande Sydveststorm nordpaa. Fraa Hitra og Bjugn vert det soleis fortalt, at dei inkje hev havt verre Harveer sidan 1868. Fraa Knarlagsund paa Hitra og Gardarne der ikring kom det burt 9 Baatar med 23 Mann. Ved Syd-Kraakøy kom burt 16 Baatlag; berre ein Mann vart bergad.