Til T. Bjørnaraa.


Det er John Lie, som hev sagt dei Ordi, du ankar yver i Fedraheimen No. 41. Og dei Ordi kjennest han med endaa. Eg meinte inkje noko vondt med dei Ordi: eg meinte at det aa vera Maal Strævar tilgagns, det krever sin heile Mann, so alt annat ein lyt driva med berre vert til BiSaker liknat mot den eine store Maalsak . Naar no ein hev valt seg nokot annat til Hovudsak, so kann han inkje vera Maalstrævar i den Meining, at han offrar alle sine beste Krefter, all sin Evne til aa hjelpa Maalet fram.

Hadde Maalsaki voret der ho er i Dag, um inkje andre enn dei, som skriv paa Maalet og berre skriv paa Maalet hadde hjelpt til? Elder kann inkje andre enn dei som berre skriv norskhjelpa fram denne store Sak?

Skreiv inkje Aasen og Vinje paa annat Maal enn norsk? Vil du vaaga deg til aa segja at K. Janson og A. Garborg inkje hev gagna Maalsaki? Og dermed snur eg dine beiske Ord um so: ogso dei, som stundom skriv norsk og stundom dansker Maalstrævarar og Maalvener, og myket er dei værd, og alle trengst dei saart i det store Arbeid: Uppreisningi av det norske Folk. Elders er det no ogso so, at no i Yvergangstidi er det inkje aa venta at allesom er Maalvener jamt kann skriva berre norsk.

Eg ser utyver mi fagre Bygd, som no ligg sveipt i vaarleg Eim, eg ser myket vidare: utyver mit vene Fedraland, og Vaardagarne kveikjer, Soli vermer og skjin, Regnet duskar og Doggi fell, og ei vælsignad Magt i Naturen driv fram Lauv paa Trene, Gras og Blomar paa Vollarne, matlovande Korn-Brodd paa Aakrarne _ _ _ og eg ser i denne Naturmagti eit Bilæte paa Modersmaalet, det er Grunnkrafti, som driv fram Lauv og Blomar og matdruge Frukter paa Livstreet aat Mannaætti til Magt og Mot og Gleda for alle Folk i Heimen.

No Gras og Blomar her kjeme kuft _
_ Og Maalet vert norsk paa den norske Tuft. _
 
7de Juni 1885.
 
Venlegst fraa John Lie .