[Tidender.] Det gamle Aaret.

 
1885 vert ikkje no namnspurt som Aaret fyrr, men det var daa eit gildt Aar likevæl. I 1884 var Storslaget, daa fall det gamle og det nye vart innført, i 1885 vart den nye Riks-skikken sett fullt i Verk og stadfest av Folkeviljen.
 
1885 vil likevæl lenge minnast i Norigs Sogo, for det var i fjor at det norske Maalet vart godkjent av baade Regjering og Storting og fekk Lovnader um, at det skulde faa att sin fulle Rett, som det hev saknat i so mange Hundrad Aar.
 
I tri heile Dagar drogst dei um Landsmaalet, og det kom daa for Dagen, at heile Vinstreflokken kjendest ved Maalsaki og vilde vera med og føra ho fram.
 
Fyrst og fremst er det aa merkja seg Uppmaningi til Regjeringi um, at Norsken ”som Skole- og Kirkesprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog”. So maa ein minnast, at dei gav Pengar, til at det kunne haldast Maalkursar for Skulemeistrar, og so at det endeleg vart avgjort, at det skal vera ein fast Professorpost ved Universitetet i Norsk. Og Regjeringi hev gjenget iveg med aa gjeva ut Skulebøker paa Norsk.
 
1885 hev voret det same for Maalsaki som 1880 for Politikken, rik paa sterke, løysande Ord. Ikkje berre hjaa Storting og Regjering, men paa Folkemøte og i Bygdesamlag, i Bladi, jamvæl, allstad var det Verjing og Hevding av Maalsaki. So at kann Ord føra ei Sak fram, so maatte Maalsaki ikkje turva so mykje meir. 
 
Og ein skulde daa tru, at Saki ikkje lenger trengde nokor serskild Hjelp og Studning, men at ho var innskrivi millom dei, som gjeng av seg sjølv.
 
Ingen maa slaa seg til Tols med ei slik Tru. Det som er gjort av Statsmagterne er all Ære verdt, men Ord er ikkje Arbeid, og det er Arbeid, som Maalsaki fyrst og fremst treng.
 
Ord utan Gjerning er som Papirpengar, som ingen Bruk vil løysa inn. Ein skulde nemleg no tru, at detta, at Staten hev teket seg av Saki, med ein Gong skulde hava ført heile Maalarbeidet umaateleg langt fram. Soleis vil det nok ogso visa seg i Ettertidi, naar ein faar sjaa dei fulle Frukter av det, som Storting og Regjering gjorde i 1886. Men likevæl maa ein ikkje tru, at Saki gjer noko Ovsprang med ein Gong, so at ein kunne løysa seg utor sine Plikter til aa fremja Arbeidet med eigne Midlar, litande paa, at det er ei offentleg Sak. Me som best kann døma um Framgangen, kann væl vitna, at Saki hev fenget ein stor og megtug Framstøyt, so at um det ikkje endaa med ein Gong ”skyt fram so det dunar”, ”so munar det jamt, ja det munar, so det stundom er Hugnad aa sjaa”.
 
Forhandlingarne og Vedtaki i Stortinget held me gjæve fyrst og fremst, fordi dei avsluttar den gamle Tid, daa ”Maalstrævet” mest var nok til aa ordskiftast og tevlast um, all Tvil elder Fastslaaing av ”Maalangens Berettigelse” vil no heretter siga reint burt, den Sak er avgjord, at Maalet er ”berettiget”, og ei ny Tid vart vigd, som berre krev, at Folket er Menn for sine Ord. For Maalarbeidet er ikkje fyrst og fremst ei Statssak, Staten hev berre aa stydja Arbeidet og rydja or Vegen slike Hindringar, som han sjølv hev sett upp. Nei fyrst er det ei rein Folkesak, som kvar gjæv Mann og Kvinne maa hjelpa fram paa eigi Haand utan aa lita
paa Staten.
 
Tvo store Stig hev me no naatt fram. For det fyrste, at me hev eit Maal vitenskapleg granskat og tilformat og uppøvt til skriftleg Bruk av ei Rekkje større og mindre Forfattarar, for det andre: Staten godkjenner Norsk som offisielt Maal. Men igjen stend det praktiske, den fulle Gjenomføring av Tankarne i kvar ei Bygd. Det maa leggjast mykje større Arbeid paa Saki i Bygderne, alle kommunale Styre bør reinskast for alt Bakstræv i Maalvegen og allvist Skulekommisjonarne her, berre hava norsklynde Menn. All Ungdom som vil vera gjæv, bør berre skriva paa Norsk, og Foreldri maa lata Borni sine faa lesa norske Bøker og læra seg skriva paa Folkemaalet.
 
For det andre so trengst det meir Pengar, til at Malarbeidet skal kunna drivast med full Kraft. Korkje Det norske Samlaget elder Fedraheimen elder nokon av Forfattaranne hev voret soleis stelte med Kapital, at dei fullt ut kunne leggja seg heilt i det anten til Tevling med Dansken elder til Utnytting av dei Arbeidskrafter, som kann byggja upp den nye Bokheimen.
 
Me vil difor paaminna alle Maalmenn, um at endaa maa her arbeidast trottugt.
 
Og me ynskjer alle vaare Lesarar væl møtte til Samarbeid paa det nye Aar.
 

Frå Fedraheimen 02.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum