Engelskmennerne i Namdalen.

 
Talet paa reisande Engelskmenner, som gjesta Norig i Sumartidi, vert større og større for kvart Aar. Naar Veteren hev gjenget og Vaaren kjem med ei vekkjande Magt og tendrar Stunding i Hugen etter aa koma ut aa løysa seg fraa alt det, som batt ein Veteren yver, daa styrer den engelske Stormann elder Riking ut fraa det flate, tettgrendte og staakande England yver Nordsjøen upp til Norig for der ei Stund aa røyna Foten um i Fjell og Ulende, tumla umkring med Jagt og Fiske elder drøyma i Fred. Gamle England vert honom daa for trongt.
 
Daa Engelskmennerne, som kjem hit, for det meste hev god Raad og oftast helder ikkje, taka det so nøgje med aa gjeva ut Pengar, hev mange Bygder av denne tiltakande Fersel fenget ei viss Inkoma. Soleis ogso i Namdalen.
 
Fraa tidleg um Sumaren og etter Hausten til den 14de September, daa Fredningstidi byrjar, varar den aalmenne Fiskartid i Namsen, som lik dei fleste større Vassdrag i rig er rik paa Laks. Sosnart Elvi er fri for Is, og Vatnet er vortet nokorlund klart, kann Fiskingi byrjast. I Fyrstningi fiskar dei berre ”Uppstøda” elder ”Gamal-laks”, hev voret uppe fraa fyrre Aaret, daa det tek ei Tid for aa ganga um i Sundi i ytre Namdalen og vidare upp i Namsen smaatt um Senn; likesom Upprunet elles rettar seg, Aaret og den Tidi Elvi fløder upp.
 
Ved det Leitet, at Nyrenningen er komen upp, koma Engelskmennerne og flytta inn paa dei vanlege Gardar. Dei er for det meste fleire saman: Herrar, Damur, Tenarar og ein Tolk. Daa vert det eit nytt Liv i Grenderne, fyrst med aa skjussa dei og Føringi deira, som umfatar næstan alt, dei trenga bruka, uppyver fraa Namsos so med Fiskebaatarne, som lyt vera i full Stand, når Engelskmennerne er komen til ”Vallet”, so Bodsending elder Melding til Valleigarar, og Rorskarar um aa halda seg ferdug til Rorsgaren o. s. fr. Engelskmennerne kvila ikkje længe etter Ferdi. Dei maa strakst prøva si Lukke med Laksen. Endaa Dagen etter Framkoma til Vallet kann ein sjaa einkvar av dei ljosklædde Herrar i den ferme ”Engelskbaat”, som gjerne er kvitfargad med blaae elder grøne Ripar og stendugt førd av tvo Roarar, sitja i Bakskuten med ei ”Trøa” elder Troda paa kvar Sida ventande paa at Laksen skal taka. Engelskmennerne bruka stendugt Skeid elder Fisk, stundom ogso Fluga. I gamle Dagar derimot var Kasting med Not i det djupare Stryk av Elvi og Lystring, som no er ulovleg, den mest brukelege Fangstmaaten. Fiskarbaaten vert rodd av og til millom Landi slagvis, soleis at han rek av litt med Straumen for kvar Gong.
 
Tek Laksen i, so han vert sitjande, maa Baaten førast til Lands, og Fisken vert, naar han endeleg er trøytt av aa renna med den lange Taumen, leid innaat og krøkt elder hugad.
 
Sume av Engelskmennerne er gode Fiskarar og hava eit godt Lag til aa handtera Fiskurgreidurne, fyrst dei byrja aa fiska her; andre igjen er reint ukjende og lyt læra av Røynsla.
 
Engelskmennerne er iherduge Fiskarar og halda paa trottugt, den Tidi det varar. Umfram alt det, som vert fiskat med Nøter og Garn i ytre Namdalen og av Valleigaren, fiska Engelskmennerne upp mange Tusund Kgr. Laks aarleg. Noko gjeng i Husholdningi aat dei medan dei er her, sumt vert saltat og røykt for aa førast til England, og det meste fær Bønderne.
 
For aa hjelpa upp Formeringi av Laksen, som minkar meir og meir i Namsen, vart det for nokre Aar sidan av ”Namdalens lakseforening” skipad ei Utklekningsinnreiding paa Garden Midjaa i Grong. Kvat Mun det har gjort er vel enno uvist. Det skal nok mykje Innsigt til for aa faa slikt til aa ganga retteleg godt.
 
Forutan at dei fiska i Namsen og eit Par Sideelvar gjer ogso Engelskmennerne Fiskarturar inn i Fjelli aat Fjellvatni.
 
Um Hausten, i den Tidi det er loglegt aa skjota Elg, gjeng Engelskmennerne paa Elg- og Bjørnjagt i Fjelli umkring Namdalen. Til sume Tider er dei ogso i Skogarne paa Fuglejagt. Paa dei sistnemnde bruka dei dei namnkjende engelske Fuglehundar.
 
Naar det lid frametter mot Veteren igjen, tek dei heimatt til England _ største Parten reiser kanskje fyrr. Daa kann dei uppfriskad paa Kropp og Sjæl, av Upplandslufti i vaart Fedraland fortelja sitt Folk um dei gjestfrie og nogsame Nordmenner og Heimlandet deira, det fagre Norig, som vistnok er fatigt og hardt i mangt, men som likevæl er eit godt Land med si friske Luft og den store Natur.
M. J. i Dag.

Frå Fedraheimen 02.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum