Paa Fantestig¹.

 
(Eit Brotstykkje).
 
Han den vesle blaaklædde med det beksvarte Tjafsehaaret og det lange gulbrune Andlitet, og so Augo, som glyrde so rart, og som ein sjeldan fekk sjaa, men som nok i Grunnen var brune. Elder kanskje graabrune, det var han Tomas. Fante-Tomas, Hovdingen for det Fylgjet. Han var Kammakar og Blekksmed og kunne binda Vevskeider og gjera Fiskekrokar, og han tenkte so mykje med Arbeidet sitt, at med det til, som Kjeringi og det andre tagg i hop, kunde Flokken klara seg utan Steling.
 
Og det var det beste i fleire Maatar, meinte Tomas. For det fyrste var Lensmennerne svært gløgge i denne Tid, so det var vondt aa sleppa ifraa ei Stuld med det gode, og for det andre var Tomas ein boklærd og klok Mann, som ikkje vilde hava noko Tjuveord paa seg. Det skulde ingen segja, at Tomas Fredriksen stal seg fram, og ingen skulde stengja Husi sine for Fylgjet hans, av di dei fælte for sine Sylvskeider.
 
Han hadde leset alle gode gamle Lærdomsbøker, Saxo Grammatikus, Olger Danske, Karl Magnus og andre, og so Bibelen, Lars Linderoth og Knud Spødervoll2). Han var konfirmerad med god Kristendomskunnskap paa Tukthuset i Kristianssand; dei hadde tenkt paa aa døypa han og, men ikkje vaagat det, daa der var sterk Grunn til aa tru, at han var døypt som Barn ein Stad uppi Sætesdalen. Paa Tukthuset var det, at han fekk Sans for aa lesa og tenkja, og sidan hadde han baade leset og tenkt, og hadde funnet ut mange merkjelege Ting paa sine lange Vandringar. Han var ein av dei faae, som tilgagns forstod Profetarne, og han var kanskje den einaste, som visste, kva Syndi mot Aanden var; men det torde han ikkje segja. 

Mang ein Mann, som ikkje hadde dess sterkare Hovud, vilde gaa ifraa Vitet, meinte han, um han fekk kaste ein Glytt inn i denne djupe og syrgjelege Løyndomen, som daa helder ikkje Gud hadde funnet det rett aa gjera kunnig for Storhopen.
 
Fante-Tomas hadde i det heile Greide paa dei fleste Ting, og serleg paa alt, som var løynt elder gaatefullt. Læra um dei underjordiske elder Tussefolket grunnad han paa det Gudsordet i 1ste Moseb. 2, 23, der Adam segjer um Eva: ”denne Gang er det Kjød av mit Kjød og Ben av mine Ben”. Kvi sagde Adam ”denne Gang?” Jau fordi han hadde havt ei Kone fyrr. Men denne Kona hadde voret av eit anna Slag enn Adam, og so hadde Gud set, at det nok ikkje vilde gaa godt millom dei tvo. Daa støytte han henne og Borni hennar ned i Jordi, og der hadde dei livt sidan som ei Ætt for seg sjølv. Dette hadde hendt fyre syndefallet; derav kunne me vita, at Tussefolket var frie for Synd. Derav kom det og, at dei kunne gjera seg usynlege. Det var fleire av dei enn me trudde, og mang ein Gong vankad dei midt imillom oss. Dei hadde sine Kyrkjur og Prestar liksom me; men daa dei var syndefrie, turvte dei berre det gamle Testamentet. Det nye vedkom ikkje dei.
 
Mange underlege og utrulege Ting hadde hendt i Verdsens Tider, og dei vart ikkje mindre forunderlege, naar Tomas fortalde dei. Fleire Sogur i Karolus Magnus hadde han voret i Tvil um han skulde tru; han totte dei vilde koma i Strid noko med Guds Forsyn og Bestemmelse. Men han var komen til det, at han maatte tru dei likevæl. Det som hadde ført han til denne Tankegangen var Slutningsordi i Boki. Desse Slutningsordi lydde so: ”hvo dette tror eller ikke tror, han synder ikke derved.” Men dei Ordi kunde ikkje staa, dersom noko i Boki var Lygn. ”For trur du ikkje, at du syndar, dersom du trur noko, som ikkje er sant?” _ meinte Fante-Tomas.
 
Han visste um dei fem Jordbolkarne: Europa, Asien, Amerika, Ægypten, Oranien elder Ny-Holland. Han hadde høyrt gjete at Jordi skulde vera rund, men det trudde han ikkje. Han kunne ikkje faa det til aa høva med Guds ord, og ikkje med den naturlege Tankegangen helder. So sagde og Knud Spødervoll, at Jordi var flat, og likeeins Luther, som daa var ein høgt upplyst Mann i alle Guds Forunderlegheiter. Um Sol- og Maanemyrkjingar visste Tomas god Greide. Derimot forstod han ikkje, at Maanen vaks og tok av. Dette var ein av dei store Løyndomarne, som det ikkje var oss Syndarar forlenet aa skyna. Men eit av dei største Symptomer elder Forestillingar av Guds Visdom, det var, at naar ein saag rett paa Maaneskiva, so vilde ein der sjaa Adam og Eva med Kunskapstreet imillom seg; dei var sette der upp etter Dauden til aa minna alle Folk til alle Tider um det store Syndefall. Guds Visdom hadde set, at Menneskens Born hadde godt av aa hava denne Anmindelsen for Augo, serleg um Nætterne, daa den gamle Adam var verst.
 
Tomas var smaavaksen, og mjuklemad, og mjuk og slengjeleg i Gang og heile Ferd, lik ein Villmann, som er ukjend med Tungarbeid. Det var som han leikad med Lemerne sine, naar han arbeidde elder gjekk, lagde dei hit elder dit elder kor han vilde; Hovudet laag og svingad paa ein mager, brun, frambøygd Stylk til Hals og lagde seg fraa den eine Aksli til den andre, liksom kjælande. Andlitet, som i Grunnen var godslegt, hadde Tatersvipen: dette snedige, litt laake, litt uvederheftige; men naar Tomas rødde med godt Folk; saag han høgtideleg ut, liksom han og var høgtideleg i sin Tale. Mælet var mjukt som heile Mannen, syngjande upp og ned etter ein urimeleg høg Skala i utrulege Tonefall. Naar han talad, kunne ein høyra, at han var fornøgd baade med seg sjølv og med Talen sin, og han gjorde seg fyre med aa tala utsøkt og fint, og sputtad brunt, naar han hadde sagt noko vigtigt; for Tomas togg Tobak som ein Geitebukk. Han vilde gjerne disputere um høge Ting. Og daa reiste Hovudet seg rett paa Stylken og vaggad som eit tomt Aks, og han slog med Nakken, og Augo spelad, og Andlitet vart stramt og Talen forunderleg tilgjord. For sine mange lærde Tankar og Fyresyningar hadde han funnet Ord, som tidt ingen utan han sjølv kunne forstaa, og han hadde sett so mang ein klok Mann fast, ja mang ein Prest med, baade i Bibelen og i Loven og hellest i mange Anskuelser og Aspekter.
 
Han sat i Dag og forklarad ei slik Aspekt for ein ung Skulemeistar, som høyrde heime der paa Garden; og dette var ei av dei vondaste Aspekter; ikkje eingong Presten Meier hadde kunnat klara den.
 
Det var sagt i det 7de Bud: ”du skal ikke stjæle”. Og det hadde Mose, som me alle visste, skrivet med sin eigen Finger paa Steintavla paa Sinai Bjerg og Gud Herren hadde sjølv sett sin Stempel og sin Sigel paa , at det skulde vera so, som Mose hadde skrivet etter hans Ord og Bod. Her hjelpte det ingen Betragtningsmaatar elder Umsvævelser i det; som var skrivet, det stod.
 
”Men no skal du sjaa”, sagde Fante-Tomas og slog med Hovudet, ”kossledssen desse Aspekter og Vitnesbyrd tek seg ut i ein annan Ordning elder Begrep. For her er so mange Begrep elder Betænkninger, som me ikkje hev regtigt for oss, naar me tek dei i visse Maatar og Undersøkelser; men dei vert regtige, naar me granskar etter i alle dei andre Punktar og Betraktningsmaatar, som maa vera med i denne Forstaaelsen”. Tomas sputtad brunt.
”Men”, heldt han fram, ”naar me held paa med vaare Funderingar og Randsakelser og prøvar alle Vitnesbyrd og Aspekter mot kvarandre, so at det eine stend imot og vitnar imot det andre, som Apostelen segjer, so vart det galet paa ein annan Kant att, og du veit ikkje, kossleis du skal gebærde deg, og kann ikkje utvikle den Floken, du hev lagt deg. Thi vaar naturlege Forstand er ved Synden formørket, som me alle veit. Men no skal du sjaa, kossleissen dette er aa upplyse”.
 
Han lagde Hovudet paa Skakke, tok so med mjuk Handferd og mange Slags Sleng med Aksler og Kropp, fram or Broklumma eit Stykkje Raudkrit, som han tok til aa teikna med paa eit Stolesæte.
 
”Dette er Verdi”, sagde Fante-Tomas ”Ho er her forstilt uti eit Bilæte og Liknelse av ein Brunn. Men i den Brunnen er ingen Botn; det gjeng beint til Avgruns med ein Gong, og daa er det ingen, som veit meir”. Han kastad eit Auga burt paa Skulemeistaren, lurande paa, um denne vilde segja noko; men Skulemeistaren berre reiknad og tenkte: Gud veit, kor dette ber av.
 
”Upp av denne Brunnen sting det seg ein lang, lang Stake. Paa Toppen av den Staken, her, ligg ein Planke, slik, tvers yver Brunnen: den Planken er helder smal, og ikkje fullt so lang som Brunnen er breid i Tvermaal. Utanum den Planken kann ingen koma. Kjem du berre so mykje som ein Strek elder ein Tøddel utanfor den, no ber det til Hols med ein Gong, og no er der ikkje meir. Dette maa du leggja væl Merke til.
”Og no maa du fylgja godt med”, sagde Tomas. ”Her, ser du”, han gjorde ein Prikk.
 
”her, paa den eine Enden av Planken er Kongen. Og her”, han gjorde ein ny Prikk. ”er Statsraaden. So kjem Stiftamtmannen”, ny Prikk. ”Og so Bispen. Og so Amtmannen, Og so Futen. Og so Skrivaren. Og so Presten. Og so Kjøpmannen. Og so Lensmannen”. Ein Prikk for kvar. ”Alle etter sin Orden og Stand og Innstiftelse, so som Gud hev sett dei i Verdi. Men etter Lensmannen kjem Bonden. Og etter Bonden, der, paa den ytste Enden av Planken, der er Arbeidsmannen. Han sit paa den eine Enden, og Kongen paa den andre. Der hev du Verdi”.
 
Tomas saag paa Skulemeistaren, slog med Nakken og sputtad svart. ”Ja, dette forstend eg”, sagde Skulemeistaren.
 
”No maa du hugsa væl paa”, heldt Tomas fram, ”at ingen kann koma utanfor Planken, naar han ikkje vil gaa til Avgrunns med ein Gong. Uppe paa den Planken sit dei alle, kvar paa sin Plass og Stad, ettersom Omstændigheterne og Maalestokken er i denne Verdi.
 
”No sit dei der og talar og trabellerar, med sitt og. Statsraaden med sitt og Stiftamtmannen med sitt og Bispen med sitt og so nedetter alt til Arbeidsmannen, som maa bala med sitt; for den eine vil berga Livet og den andre vil berga Livet, og det vil dei alle, som rimeleg og rett er. No spyrst det, kven som kann klara seg; for kvar maa klara seg sjølv, og der er ingen aa faa Hjelp av.
 
”No maa du passa paa. Der uppe sit Kongen; han hev tie Dalar um Dagen. So kjem Statsraaden, han hev fem. Meir kann ikkje han hava mot Kongen. So kjem Stift-amtmannen, han hev tri; so Bispen, han hev tvo; og so ned etter, mindre og mindre; Lensmannen hev fire Skilling Dagen, Bonde berre tvo Skilling. Han freistar Livet so vidt. Men so kjem Arbeidaren, og han hev ein Skilling. Han kann ikkje berga Livet. Han maa svelta ihel.
 
”Men no er det Underfundigheter: han vil ikkje svelta ihel. Kvi skal han det, meir enn dei andre? tenkjer han. Er ikkje eg skapt i Guds Bilæte liksom dei, og hev ikkje Guds Son utløyst og frikjøpt meg liksom dei, og gjeng ikkje eg tilslutt i same Bolken elder Gelænderen som Kongen og Bispen og heile Vidtløftigheta? tenkjer Arbeidsmannen. So kjem han tilslutt til den Betænkning og Avgjørelse, at han vil liva, han som dei andre.
 
”Han gjeng til Bonden og segjer: eg vil ha halvannan Skilling um dagen, for eg kann ikkje liva med ein. Bonden svarar som so: far til –H- ! du fær ingen halvannan Skilling.
 
”Arbeidsmannen gjeng til Lensmannen. Lensmannen tek Sabelen sin og segjer omentrent som no: gakk til ditt Arbeide, din Hund! elder kanskje du vil i Holet for Løsgjængeri?
 
”So gjeng Arbeidsmannen til Kjøpmannen. Kjøpmannen tek Alnemaalet sitt og viser han Døri. Vi har nok med oss sjølve, negjer Kjøpmannen.
 
”Arbeidsmannen til Presten. Presten er baade blid og snild, men segjer, at me maa alle vera fornøgd i den Stand og Innstiftelse, Gud hev sett oss.
 
”So til Futen. Og so til Skrivaren. Og so til Amtmannen. Og so til Bispen. Og so til Stiftamtmannen. Og tilslutt til Statsraaden. Men alle segjer: vi hev nok med oss sjølve, vi kann ikkje hjelpe nokon.
 
”Daa gjeng Arbeidsmannen beint rakt endefram for sjølve Kongen. So bøygjer han seg for Kongen og gebærder seg, og so segjer han som so: Stormegtigaste Konge i eders høie naades Majestæt og Herlighet! segjer han, so og so er det; eg kann ikkje liva med ein Skilling, eg maa ha halvannan, og det er endaa det minste; Bonden hev tvo, og det er ikkje meir enn so, at han bergar seg. Hjelp meg, Konge, i din Majestæts høge Naade! for eg vil ikkje svelta ihel, eg meir enn dei andre.
 
”Men Kongen svarar: Skulde eg hjelpa deg, maatte eg taka fraa dei andre, og det kann eg ikkje. Du lyt berga deg sjølv; so maa me alle.”
 
”No er det Funderinga, kva Arbeidsmannen so skal ta seg til. Lua kann han ikkje, svelta vil han ikkje; utanfor Planken kann han ikkje koma, og ingenstad fær han Hjelp. So tenkjer han som so; skal eg berga meg sjølv, fær eg berga meg som eg kann; Livsens Innretning og Væsens Maate er slikt her paa denne Planken. Dermed gjeng han i si Uppriktigheit av og tek den halve Skillingen, som han maa hava; og daa er det so vidt at han slit Livet og bergar Magen og Naturen i den største Simpelheit.”
 
Fante-Tomas saag listig ut. ”So liver dei alle ihop”, heldt han fram, ”kvar paa sin Maate. Han paa den eine Enden liver godt liksom fyrr, dei paa den andre Enden maa lata seg det gefalla. Men legg no Merkje til, at Planken ligg ute under Himmelens Friheit og Rotnar i Sol og Regn Aarstidernes Umvandlingar, og so veit me alle, kossleissen det gjeng. Ettr Tingenes Orden og Innstiftelse vil Planken tilslutt vera roten, gjenomroten. Ikkje frisk Flis att. So ryk Planken sund yver Midten, og hei! til Hols ber det med heile Vidtløftigheita, til Hols med Arbeidsmannen og Bonden og Lensmannen og Bonden og Lensmannen og Kjøpmannen og Presten og Futen og Skrivaren og Amtmannen og Bispen og Statsraaden og Kongen og Kruna og alt som finst, og det er der ikkje meir. Ho-ho! kann du klara den Undersøkelsen?”
 
Andlitet paa Tomas hadde fenget att eit Tatersvip, med dei lange snedige Drag og glyrande, glidande Augo. Skulemeistaren sagde, at Saki ikkje er greid. Han brydde seg nok ikkje um disputera um slikt no med Fante-Tomas.
 
”Nei, ho er ikkje greid”, sagde Tomas og slog med Nakken. Ikkje eingong Prost Meier visste noko aa svara til desse Aspekterne; han berre bad meg ikkje grubla for mykje paa so vanskelege Umstendigheter. Det er større Folk enn det som hev teket Skade av slikt, sagde Presten Meier.”
 
”Det er vel so”, sa Skulemeistaren.
 
Arne Garborg.
 
1) Denne Soga hev stadet i ”Joleroser”, umsett paa Norsk etter Manuskriptet paa Landsmaal, som Forfattaren og Styraren for ”Juleroser” hev voret so venlege aa gjeva til oss. I ”Juleroser” fraa samlat Stykkje er det namngjetne svenske, og norske Forfattarar, og me ser Bokdomarar setja denne Soga hans Garborg høgst av alt saman. Men fyrst i det Maalføret, som skrivi og, som me kann bjoda Lesaranne vaare, vil ho koma til sitt rette Verde.
2) Ein Bonde paa Vestlandet, som høyrer til dei sterkt-truande, og som skriv Bøker til Forsvar for Sermeiningarne aat denne Sekti.
 

Frå Fedraheimen 02.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum