Tidender.

 
Kristiania, den 2dre Januar.
 
V. Ullmann fekk ei Heidersgaave av Elevarne sine ved Folkehøgskulen i Seljord straks fyre Jol. Med di han takkad for Gaava, talad han um si Stelling til Politikken og Folkehøgskulen. Skulen hadde no snart i 15 Aar havt Hugen hans, sagde han. Og difor var det fyrste etter mange Uppmaningar at han hadde teket imot Val til Tingmann, og han trudde ikkje han kom til aa vera lenge i det politiske Livet.
 
Det var tri Ting, som han gjerne ville vera med i Arbeidet for, det var Kyrkjeumboti og Skulesaki og Kvendesaki. Han vilde setja fram Forslag um Røysterett for Kvendi; han trudde, at dei vilde kasta han som Tingmann for det, men det fekk vera det same. Han bad Elevarne vera forsikrad paa det, at Folkehøgskulen i Telemork ogso skulde drivast i Framtidi, for han totte det var mykje meir vonfullt aa arbeida for Ungdomen enn aa vera med i Lovgjevingsarbeidet.
 
Ein serskild Maate aa faa Rifle paa. Det var ein Gut, som var so hugad paa aa faa seg Rifle, fortel Samhold, men det var smaatt med Pengar. Han bad ein Mann i Folkevæpningssamlaget hjelpa seg, og det lovad han ogsaa; han skulde tinga ei Remingtongrifle. Men um ei Stund kom Guten att og sagde, at no kunne han tinga ei Tennstempelrifle, for no hadde han Pengar aat det. Men korleis hadde han fenget Tak i so mykje Pengar no daa. “Jau”, fortalde Guten, “han rike Fyllebytta, 11, “C., vart sint paa mej en Kvæld, som han møtte mej neri Gaten, fordi je inte gik fort nok ta Vegja før a’, aa saa begynte’n aa smørja mej op før di. Da je hadde Folk mæ’, som saag, hussen han for aat, læt jo hannom panke saa ej Stund. Saa skaut je tel Vitnes paa’n, hoss han for aat, aa vilde mælle’n for Overfall. Dagen etter, daa’n va ædru att, kom’n aa telbau Forlik, aa je fekk 80 Kroner, før dæ han hadde panke mej. Det er saa ?? tel ej Tændstempelrifle, naar je faar Samlagsbidrage ataat, aa her er dom.”
 
Høgre hev ofta rosat seg av sine store Framgang millom Veljararne. Men Tall visa noko anna.
 
I Bygderne er det iaar avgivet 21000 Høgre-stemmer og 40000 Vinstre. I 1882 var det 20000 Høgre og 30000 Vinstre, Høgre hev soleis vakset med eit Tusund og Vinstre med tie Tusund Stemmer. I Byarne er det nygivet 11500 Høgrestemmer og 9700 Vinstre. I 1882 var det 8800 Høgre og 6000 Vinstre, Høgre hev soleis i Byarne vaknat med 2700 Stemmer og Vinstre med 2800, Høgre hev soleis gjenget att baade i By og Bygd. (Dag).
 
Dei er ymse Gutar Politimennerne ogso. Dei plagat no helst vilja dylja ned sovore; men det hende noko Joleftan, som ikkje, var for vænt. Det var tvo Brør, den eine var noko øren, den hin var ædrug og vilde hava Bror sin med seg heim. Daa kom det ein Konstabel og vilde hava han som var øren paa Raadstoga, Broren bad, at det maatte ikkje, for dei hadde ikkje langt heim. Men han vart slegen av ein Konstabel, so han datt aat Marki. Han bad for seg, at dei maatte ikkje slaa han meir, men han vart slegen meir, so han uvitad, og Endskapen vart, at dei laut føra’n paa Sjukehuset, Broren vart ført paa Raadstoga. Ei hugsam Jol.
 
Ein Bonde i Sverik hev drepet Svigerfar sin.
Han kom inn til han tidleg ein Sundagsmorgon medan det endaa var myrkt og bad han fylgja med heim og faa ein Kopp Kaffe. Daa dei hadde drukket Kaffien, vilde Gamlen ganga heimatt, Bonden gjekk etter han. Um ei Stund fann dei Gamlen liggjande død utanfor Fjoset, Halsen var reint sundhoggen, det var berre sovidt Hovudet hekk attaat Kroppen. Daa Mordaren kom fram, sagde han, at han var glad for at Gubben hadde sleget seg ihel, no var dei daa kvitt han. I Fengslet stod han til, at han var Drapsmannen.
 
Ein 13-Aaring vart sett fast for Mord i New-York. Han hev drepet ein Kamerat, som var 8 Aar gamall, og pint han gruveleg.
 
260,000 Indianarar finst det i Sambandstatarne i Nordamerika. Det er Folkgjerd paa 70,000 av desse, dei driv med Aakerbruk og sovoret Arbeid, som krev at ein hev viss Heimstad.
 

Frå Fedraheimen 02.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum