Um Historieundervisningi i Skulen.

Eg nemnde tidlegare Undervisningi i Geografi som Prov paa, at mange Fag i Aalmugeskulen med den Ordning, som no er, undergrov Ungdomens Vyrdnad for Heimen. Det er mi Meining, at det hev seg paa same Maaten med Undervisningi i Historie. Ialfall fær ein daa ikkje den Nytte, som ein kunne venta av eit slikt Fag, ved Undervisningi, slik som den no paa dei fleste Skular vert driven. 
 
Den største Vant, som Historieundervisningi vaar lid av, er vist den, at den ikkje magtar aa leggja det historiske To slik, at alle vert personleg interesserad i det.
 
Læraren i Historia stukar og steller med Segner fraa Oldtidi, med gamle, underlege Kjempur, som nok berre Vitenskapsmannen kann finna noko Verd i, med vidgjetne Kongar, som gjorde Storverk ved grusomt aa tyna sine Medmenneskje. For aa faa det smakelegt gjer Læraren som oftast freistnad paa aa fli og stella paa desse Kultarne; paa dei gamle Oldsegner gjev han ei Uttydning so djuptenkt, at sjølv den største Filosof maa standa handfallen og undra seg. Guden Tor vert soleis ikkje lenger Slusken, som gjeng, berrfot og berrhovda avstad og drep Troll, men han vert _ ”Sandheden personificeret”, og Ørni, som sit paa Ygdrasils Topp er _” Mennesketanken”, _ Me lyt no hugsa paa, at sosnart Folket hev tapat Trui paa Gudens personlege Tilvære, er han ikkje Gud lenger. _ Dei andre Heltarne som Harald Haarfagre, Olav Trygvasson, Olav den Heilage og Sverre vert stilte slik fram, som det var Samkjensle og Fedralandselsk, som i eit og alt ligg til Grunn for deira Handlemaate, ikkje Eigennytte, langt ifraa! Med faae Ord sagt: dei vert klædde ut med Livsmaal i moderne Stil. Men den einaste Vinning ein hev aa driva Undervisningi paa slik ein Maate er aa faa Ungdomen til aa gapa stuveleg yver alle dei merkjelege Ting han fær høyra. Men det han høyrer magtar ikkje aa lyfta honom, aa gjera honom glad og lett for Bringa; det berre tyngjer og trykkjer. Og det tyngjer og trykkjer for det, at han ikkje i minste Maate kann kjenna seg i Slegt med desse ville Vikingar, som heldt det for ei stor ære aa hava tjukke Skorpur av Mannablod paa Handoknerne sine, som klædde seg i Gull og Purpur, som dei som oftast hadde stolet fraa ein fredeleg Kaupmann einstad i Atlanter- elder Middelhavet.
 
Kor ukjendt, framandt og uhyggeleg klingar ikkje alt dette for den rolege fredelskande Arbeidaren, som liver der heime i si fatige, arme Bygd? Han høyrer liksom Vaapengny og Rop av ville Slaastkjempur og døyande Krigarar draga seg forbi som eit stormande Uver langt burte. Dette fyrste Inntrykk fargar hans Syn paa heile Historien. Ho stend for han som ei Krigshistorie, som ein vill, raa Tvekamp um mitt og ditt. Den vart for han noko framandt, mest uhyggjelegt elder daa iallfall honom uvedkomande.
 
(Meir).
 

Frå Fedraheimen 02.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum