[Tidender.] Hestetjovar.

Aslak Henrikson av Polmak i Finnmarki skulde av og hente Hesten sin heim ein Dag i Haust var; han skulde ganga paa eit Beite innmot Finnlandsgrensa. Hesten fann han ikkje. Men som han kjem aat ei liti Elv, ser han nokre Innvolar flyt paa Vatnet, og frammed Strandi finn han Merkje etter Slagting, og daa han skal til og skoda nærmare etter, fær han sjaa ein sundlemad Hestekropp og ei Hud gøymd under nokre Riskvister. Han kjenner att Hesten sin eigen. Kven kunne vera Meistaren paa dette? Aa det var væl ikkje andre enn dei illegjetne Kararne, som budde i ei Jordhytte straks innanfor finske Grensa.

Aslak gret og gjekk heim. Dagen etter kom han att, hadde tri Mann med seg. Noko av Kjøtet var no burtteket, men det meste laag der daa endaa. So sette han tvo Mann til aa berga Kjøtet; dei andre tvo tok Kosen til Jordhytta. Der ser dei Røyk stiga upp. Enn um dei Skarvarne no nett sat og godskad seg med Hestekjøt? Han skyt Hjartat upp i Livet, tek Sonen sin med og gjeng inn. Med det same dei stigar inn, kjenner dei Tefti av friskt Hestekjøt, dei gode Gutarne Ola Maggus og Jon Balte heldt nettupp paa med aa eta.

Dei helsar og vert spurde, kva dei foor etter. - Dei var daa paa Hesteleiting, og so var det, um dei Kararne hadde set noko til Hesten hans? - Nei langt ifraa, det hadde daa ikkje dei. So var det ikkje aa tala meir um den Ting. 
Aslak vilde til aa bjoda Farvæl og ganga att, men so slog det imot han slik ein Ange av Hestekjøt, ”at Hjartat gret i han for Hesten”. So gjev han Sonen eit Teikn, og med ein Gong kastar dei seg yver kvar sin Mann og fekk meistrat og bundet dei.

Dei vart so førde til Lensmannen og maatte stana til, at dei hadde voret ute paa Veiding, og daa dei ikkje hadde funnet anna matnyttigt, hadde dei skotet Hesten. Denne Hesten var det som i 1875 var Posthest millom Vatsøy og Vardøy. Det kom Snøstorm ein Gong, og Postføraren miste Livet i Uveret, men Hesten bergad Livet til sette Dagen med Braud, som han tok utor Nistelaupen.


Frå Fedraheimen 16.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum