[Tidender.] Stortingsarbeidet.

Regjeringi vil ikkje, ettersom Dagbl. fortel, kunna leggja fram noko Forslag um Herstellet for Stortinget iaar, det vil berre faa framlagt ei Umsyn yver Spursmaalet i det heile.
 
Militærkommissjonen skal ikkje kunna gjera fraa seg Arbeidet, men daa maa ein og segja, at det sanneleg er nokre seine Karar. Det skal likevæl ikkje vera Skuldi aat Vinstremennerne i Kommiteen, at Arbeidet gjeng so smaatt. Det som hev seinkat mest, er væl, at dei hev teket upp nye Saker til Dryfting, allvist daa Skyttarsaki. Forsvarsdept. skal vera hugat paa aa gjeva Skyttarsaki ei fastare Ordning med Sjølvstyre, soframt dei ynskjer det sjølve, soleis at Formannen i Samlagsstyret skal veljast av Kongen, eit Par av Styresmennerne av Stortinget og dei andre Styresmenn av Skyttarlagi.
 
 
Jurysaki meiner dei kann verta ferdug fraa Regjerigi fyrst uti Mars.
 
 
Drifti paa Kongsberg er det sagt, at dei tenkjer paa aa vidga ut eller Sylvverkskommissjonens Innstelling. Av Privatforslag er det mange, og fleire vert det væl. Det er daa nokre gamle Grunlovsforslag ifraa Høgre, som aldri kjem til aa vinna fram, og fleire Framlegg um meir Utvidging av Røsyteretten, um at Stortinget skal møta paa ei onnor Aarstid, om at Statsraadar skal kunna veljast til Stortingsmenn, um Forholdstalsval o. s. b.
 
Det er nok aa gjera, men for det er det ikkje sagt, at dette fyrste Tinget kjem til aa taka for seg alle desse Sakerne, dei plagar taka det noko imak det fyrste Aaret.
 

Frå Fedraheimen 16.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum