[Tidender.] Tanken paa Mindretalet.

Denne Tanken er ikkje endaa heilt komen inn i Politikken vaar.
 
Høgre hev sin Mindretalstanke og Vinstre sin, men ikkje noko Parti hev endaa sett han upp som noko serskilt Program.
 
Høgre hev væl ei Trong og difor ei Lære um, at um dei er faae paa Partiet, so skal dei likevæl hava Magt. Og Vinstre arbeider for Tolsemd og Jamstelling for slike, som ikkje meiner det same som Fleirtalet i det religiøse.
 
No er Tanken um Forholdstalsval eit Utslag av dette, som baade Høgre og Vinstre hev tenkt paa.
 
Det er berre no nyleg, at me hev fenget rett Tak paa Fleirtalsstyret her i Landet, so det er ikkje aa venta, at Folk skal kunna heilt skyna denne Mindretalstanken, som me endaa ikkje tykkjest hava noko Bruk for. Men likevæl kann det nok henda, at det ikkje vil vara so lenge, fyrr me kann hava stor Nytte av aa stydja Politikken til den.
 
Ei slik Tid, som det hev voret i Politikken vaar i dei siste Aari, vil ikkje so snart koma igjen. Det politiske Program var so greidt, at det var ikkje meir enn tvo Ting aa velja, anten med elder imot, og det Mindretalet som var, det var so faataligt og derattaat so merglaust og faafengt, at det var ingen Mindretalsrett aa gjeva dei.
 
Den Striden, som endad, med at Johan Sverdrup kom i Høgsætet, den var Slutten paa ei lang Utvikling; det var tvo Krafter, som hev arbeidt imot kvarandre alt sidan 1814, som daa møttest paa harde Taket og fekk avgjort kven som skulde raada.
 
I Framtidi vil det verta annleis, allvist naar den Tid kjem, at Johan Sverdrup vert for gamall til aa kvessa upp Programmet og samla Folket. Alt no hev me byrjat merkja, at Samanslutningi um Programmi hev losnat noko.
 
Um me berre ser paa dei tri Storsakerne: Juryen, Hersaki, Skulesaki og Kyrkjesaki, so er væl alle samde um, at her maa gjerast noko, men Meiningarne um korleis dei skal greiast, gjeng ut fraa kvarandre i mange Ting; um det væl ikkje er so stor ein Skilnad, at Sakerne kann øydeleggjast, so verkar det daa so mykje, at Arbeidet drygjest ut lenger og lenger. Og naar det kjem endaa fleire nye Saker til, kann det godt henda, at det vert meir Skilsmaal ogso, so at dei politiske Parti, som fyrr var, vil umlagast, so det i Fyrstningi vert fleire Smaaflokkar, som snart held i hop og snart er imot kvarandre, til dess at dei fær veksa seg fastare saman att til tvo elder tri sterke Parti.
 
Skal det ikkje koma til nokor Kløyving elder Tvidrag i Vinstre, som vilde vera til Skade for Politikken vaar, var det tryggast so snart som det kann gjerast aa opna nokon lettare Inngang for mogelege Mindretal, som Lovarne no held reit nede. For sjølv um det kunne koma upp Mindretal i Vinstre som kunne vera faarlege, so var ein mykje tryggare for at dei vart meinlause naar dei fekk koma fram og verta repræsenterad, enn naar dei skulde kjøvast ned.
 

Frå Fedraheimen 16.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum