Ein Selle.

(Del 4 av 30. Fyrste delen.)
(Framhald).
 
Til meir eg saag og tenkte paa Sigrid, til meir kom det for meg, at eg visst maatte hava set ho fyrr; det sveiv for meg noko so kjenslegt, at eg maatte grava og grona, um det ikkje skulde ganga upp for meg, kvar det daa var eg hadde set ho. Jau seinste kom eg paa, at det var nok paa det ”aagjæte” Fyredragsmøtet mitt. Kjære det var daa desse blanke lægjande Augo, som hadde gjort meg som reint forkvifsen og kjøvt meg heiltupp, naar eg var i mi heitaste Stemning. Og so desse Haartustarne, ajei, ajei var det daa ikkje dei eg hadde havt til Augnefeste, daa eg talad? Jauvist var det so. Det var ingen, som hadde Haaret sitt paa same Maaten som ho. Ho flettad det med Band og lagde det ikring Hovudet, men so var det ikkje lenger, enn at Haarduskarne møttest midt uppaa, og stod som nokre Fleinehorn og stangad mot kvarandre, ikkje so vænt endeleg, so ljosbrunt og noko veiklegt i Liten, og det vilde aldri liggja slett; attaat dei Fleinehorni midt uppaa, som dansad og riste, for kvar Gong ho ledad seg, var det smaae ljose Haartryglur yver heile Hovudet, so det saag ut som ho hadde stunget det nedi ei Duntunne, so ho liknad likeso mykje ein Fugel som eit Menneskje.
 
Og so Munnen, som aldri kunne sleppa til aa vera igjen, fordi ho log i Einingi, og dei sterke drivkvite Tennerne innafor.
 
Daa hadde dette Andlitet heiltupp gjort meg ”nervøs”, fordi det var no reint utanfor all Forstanding med den ævelege Lægjegjerdi si, men no var eg vorten anna Slag Kar, no gjordest ikkje Guten kveppa for eit lægjande Gjenteandlit meir.
 
No sat det i meg, at eg skulde hava vist, korleis den Gjenta var lagad, naar ho var aalvorsleg, men det høvde aldri til, at eg fann ho aalvorleg, like kaat og lettlivad og lægjande, kvar det var.
 
Eg var saman med ho mykje daa, kann du skyna, naar det er eg, som segjer, at eg hadde ikkje Fred paa meg, fyrr eg fekk Greide paa, koss ho var lagad, naar ho var aalvorleg. ”Rjupa” og ”Krullhotten” skulde læra meg aa dansa, maavita. Eg vilde ikkje hava den Skammi paa meg; det sette eg fyre meg, at det skulde ikkje spyrjast um meg, at eg var klenare enn nokon i so Maate. Me dansad til kvar Dag, og det var til stor Glede for meg, at eg kjende eg fekk rette Laget i Føterne lite um Senn, og endeleg vaagad eg meg ut, og var det nokon Stad det var Dansemoro, so var det daa visst, at eg var der, Rjupa og Krullhotten likeeins.
 
Nei ho var makelaus, hadde det endaa voret noko styvelegt og toskutt ved ho, men det var ikkje det elder, ho kunne røda um alt som var, godt Vit hadde ho, kvar det bar av, og kor galet ho kunne fara, so vart det aldri sitjande noko Skarvord paa ho; var det noko paa Ferde og, so sagde Folk berre. ”Ja det var ho Sigrid, ja det kann eg tru, og so log dei berre og talad ikkje um det meir. Det var ikkje Raad til aa finna paa noko um ho elder verta vond paa ho, for berre dei saag ho, so laut dei koma i Godlag.
 
Der var det Natur der, for Naturen er slik han, skire klaare Godlyndet, det er berre Kulturen, som gjeng so sjuk og sur. Og endaa hadde ho ikkje berre Goddagar, det var eit Arbeidsmenneskje, berre so det stod etter; det var ikkje noko, som var for tungt elder for vandt for ho, so ho mullad eit Ord um det, ho var aa sjaa blankøygd og raudleit og nære og med den trillande Laatten altjamt.
 
Av og til kunne det koma paa meg smaae Argerider med Ovunskap og sovore, fordi det kunne finnast slikt eit Menneskje paa vaar syndige Jord, som det ikkje var Sut i. Men kvifor skulde eg ganga og vera annleis enn andre Menneskje? Naar dei var so lagad, at Vondskapen foor ifraa dei som Skodd for Vind og som Dogg for Sol, berre dei nemnde Sigrid, kvifor skulde daa eg stampa imot, og meinka dei siste Rester av gamall Vesalldom fjuka sin Veg, so langt dei vilde? Du held meg daa væl ikkje plent for ein Uviting?
 
Eg kunne ikkje standa imot dei; eg kjende tydeleg kor fengjelegt og smittsamt sovore Godmøle er, eg kjende tydeleg det var ei Magt, som vrengde Lippurne mine upp til Laatt, um eg aldri ahdde voret meint paa det; i Fyrstningi berre naar eg saag elder talad med ho, sidan kvar Gong eg tenkte paa ho, men endeleg merkad eg, at det same Laget kom yver meg elles ogso.
 
No ei vælmeint Raad til deg, som er Prest. Hev du ætlat deg til aa halda ei aalvorleg Skjemmepreike til Bygdefolket ditt, so gransk fyrst væl etter, at det ikkje finst nokor Gjente med same Gjerdi som Sigrid ved Kyrkja den Dagen, for elles vaagar eg paa, at du grøter ikkje Folket, um du so strævad, so Sveitten han rann.
 
Hadde eg ikkje voret hugteken, so kann du daa skyna, at eg aldri hadde fritt til ho.
 
Nei naar ho ikkje vart korkje aalvorskleg elder vond daa helder, so trur eg aldri ho vert det i Verdi. Ho vilde ikkje hava meg ho, veit du. ”Kunne du tenkja det daa”, sagde ho, og log, log paa slik ein hjarteleg Maate, at det var reint forunderlegt.
 
8 Dagar etter tok ho med Amerikanaren av til Amerika.

 

(Meir.)


Frå Fedraheimen 16.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum