Ein Vinterdag inn i Fjordarne.

Myrke, tunge Skytokar fer drivande utyver Fjellrandi _ flugsutte og fillutte og renn liksom umkapp. Uppi kvassaste Nutarne er eit Tot og eit Sod, og Buskerne i Himmelsyni og nedetter sveivar att og fram og rister seg so det dyn og brakar og knaskar i Kvistar og Troskjeppar som brotnar. Elvarne er uppøste av Regn og fossar utyver Stup for Stup, so Skumen skvett til baae Sidur og gjer Sodet og Duren sterkare og villare. Sterke, kringlande Vindbyllar, som innimillom strøymer ned paa den trange Dalbotnen, slær Spillevatnet mot Veggjer og Glas, so det dyn og drys. Husi skjelv og dirrar for kvar Rykk, og Regnet sillar av Lufti og av Tekkje og Veggjer og samlar seg i grumsutte Grover, som renn gjenom Tuni og fører med seg Sorp og Sand.
 
Vindkasti naar ned paa Sjøen, gjer høge Drivgardar so heile Fjorden stend i eit Rok og krusar Sjøen upp i kvasse Toppar og Skavlar, som skjer og bryt og veltar seg utetter og slær mot Nes og Hamrar og Klubbar og Steinar, so det syd av Skvamplet. Innimillom kann det stilnast av, og daa ser ein Sjøen, kor det gjeng i Ring og i Ring i stride Straumar; so møtest Straumarne og der vert lange, bugtutte Iler i Krik og i Krok, og so vert der Skum, som sankar seg i store Dottar og kvinglar rundt med Straumen. Dragsudi er stor; Sjøen førest uppyver Fjøra, sig nedatt og førast uppatt i eit vekk som lang, tung Teving.
 
Graasporven hev smoget seg so langt inn i Vededungar som han kann, sit og krøkjer seg paa vaate Kvister og rister Regnet av Vengjerne sine. Kjøtmeisi sit under Hustaki, pister og ser paa Styggeveret og nappar med Nebben i Bringa si Onder og Gong: Skjori fyk fraa Tro til Tro og skrik og skrekjer og skjøglar paa tvert i Vinden, og Kraaka gjeng paa Marki og hakkar og høgg med Nebben og grev og skurar med det stygge Mælet sitt.
 
Det kan lina paa innimillom; men so kjem Vindkasti dynjande att, tunge, rykkjande og kvinglande og so sterke, at du ikkje kann staa rett.
 
Dei ruskar og riv i Vededungarne, so Sporven kvekk upp. Dei tek tak i Endar og Nover, so det yler og rykkjer i Veggjer og Tak, so Kjøtmeisi skvett undan og lyt gjera ein Sving for aa naa upp att. Skjori, som sit og skrekjer og nikkar so spelegt uppi den høge Pilen, misser Festet sitt og skingrar baklengjes nedi Tunget, og Kraaka driv paa tvert etter Marki og flaksar og grev.
 
Fjordbuen ser paa alt dette. 
 
”Der er ruskalt utanfor i Dag!” segjer han og smyg innatt i Stova, der er det godt og varmt. Men skal han glytta utfor Døri att, so ”ris han i Holdet” og spring, um han skal husimillom, sutrar og klagar yver Ruskeveret, medan han skjek av seg Væta og syter dei Stakaranne, som i slikt ”Skikkelse” skal bu ut med Havkanten, der ingi Livd er aa faa. _
 
Men i sodant Ver likar Smaagutarne seg.
 
Dei kryp daa ned paa Fjøra og sender Skipi sine ut i vide Verdi. Gamle Fjølebrot og store Spøner er Skipi deira, og ei Nevreflis paa ein Trepinne brukar dei til Segl; dette set dei so paa Sjøen og let Vinden baska med det som han vil.
 
Naar dei so hev fenget ein heil Flokk paa Sjøen av slike Skip, stend dei gilde og glade og ser paa kor dei fer dompande utyver dei kvasse Baaretopparne. Dei vert mindre og mindre, sistpaa berre smaae svarte Prikkar; og so kappast Smaagutarne um, kven som kann sjaa dei lengst. Dei stirer og stirer til Augo vaatnar, Kinni bleiknar vekk og dei vesle Nasetipparne vert so kalde og blaae av det ufjelge Veret, og so kverv dei smaae svarte Prikkarne vekk i Baarekvaklet der langt ut. 
Men daa veks der upp eit underlegt Bilæte i 
Tanken deira. Dei smaae gamle Treflisarne vert til store væne Skip med kvite Segl og Flag og gilde Greidur som paa ei Storskute. Og Skipi fer som vøre det store Sjøfuglar yver Havet, som velter seg Ukring og syd og bryt og fossar for Stemnet _ ja naar ratt til framande Land og sig inn i stille rolege Hamner, som glimar av Gull og Sol og grøne Palmer. Og so veks der ei Lengting i Barmen deira etter aa faa sjaa utom den lange trange Fjorden, der Verdi er vid og stor. _
 
_ Men Skipi deira driv for Vind og Straum til dei vert slengde paa ei vill Strand elder ei opi Vik, der fatige Kjeringar kann plukka dei til Brenneved.
 
Gorm.
 

Frå Fedraheimen 16.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum