Lærarar, Lærarinnor, Barnevener, alle, som kann og vil hjelpa _

bed eg um Hjelp. _ Eg hev arbeidt paa ei Lesebok i fleire Aar, no er ho yver halvferdig. Ho skulde vera ei verkeleg Barnebok fyr norske Born. Ho skulde spegla av fyr deim det gode, kjærlege Livet, sant og enkelt, so Barneaugat kann sjaa det; ho skulde elska fram Adelskapen i deim, styrkja Æreskjensla, ja, styrkja deim til aa vilja liva Menneskjelivet paa heimsleg Grunn – som fyr dei aller fleste av vaare Born vil segja: paa Bondegrunnen . Difyr maa ho vera norsk til Merg og Bein, inkje berre i Sproket; Sproket er Klædnaden det, som maa høva te Kroppen. Og ho maa vera Ideal, d. v. s. skildra det beste, ædlaste som finst i norskt Folkeliv _ det, som det lyser av. Same um det er i den simplaste Hytta og i den grovaste Hamen, naar det berre er eit Stykkje ekte Liv med Aand og Hjarta og med Himmel yver seg. Drag av Bondeliv _ der Himmelens Aalvor elder Fred skin inn i Stova og er med i det som hender _ vil ho teikna med barnsleg Stil; og Moralen som varme, rennande Pulsslag _ slett inkje denne gamle, utslitne Hestefoten lenger, som stakk fram so dumt i vaar Barndom og skræmde vekk den stakars verkelege Moralen; _ og Formi so enkel og reinsleg og livfull, at ho fengslar Borni og lokkar deim til aa lesa, so Innhaldet av seg sjølv smett og smyg inn i deim, utan dei veit av det. Og detta vil paa Lag segja: den gamle Bondemaaten aa fortelja ein Ting paa. Det er den, som skal nyast uppatt, forædlast, og brukast aat vaare Born. _ Slik skulde Boki vera; og føra deim Stig fyr Stig fram (so godt som ei Bok kann det) til aa faa Vit paa og til aa elska sitt Folk og Land.
 
Dette er greidt aa sjaa. Men inkje aa gjera. Her stend eg ofte fast. No er eg komen til tridje Bolken, som, skal teikna trugne og gjæve Bilæte av norskt Folkeliv (og Dyreliv og Naturliv), og opna Barneaugat for dei ”tusen Hjem” og det kjempande, lidande, elskande Livet der inne og ute, paa Land og paa Sjø, _ like upp til hans Ulabrand, Lodsen, og ned i den armaste Hytta.
 
Her er det, at eg bed um Hjelp. Eg er so litet kjend i vaart store Land. Inkje i 
Trøndelagen, inkje nordanfyre; inkje i Raumsdalen, inkje paa Møre, inkje i Nordfjord og Sunnfjord, inkje i Sogn og paa Voss, inkje med Fiskarlivet langs heile Vestkysten; inkje i Sætisdalen, inkje i Telemork, inkje i Numedal, Hallingdal, elder Valdris, inkje i Østerdalen. Fraa kvar av desse Landsdelom skulde eg havt noko Vyrkje. Eg vilde gjerne hava Forteljingar og Stubbar fraa kvar Dal og Fjord, um det var moglegt, so eg kunne setja Landsdelen til Yverskrift yver Stubbarne. _ Inkje Jordbeskrivelse, men Menneskjeteikningar, Karakterbilæte, og Naturen som Bakgrunn. Og inkje abstrakt elder vidare filosofisk; men realistisk, so det knakar.
 
Eg bed Dykk senda meg slike Smaaforteljingar _ same um dei inkje er meir enn paa nokre Linur, og same um dei er daarlegt uppskrivne, naar det berre er ekte Grjot i deim; naar dei eig Kraft til aa styrkja og gleda norske Smaaborn og kann faa deim til aa elska sitt Folk og Land. _ Eg kann inkje lova nokor Betaling, eg maa beda um deim som Gaava.
 
Til Rettleiding skal eg segja:
 
Skriv so likt Talen, som Du berre kann, paa Bygdemaal. Det trengst slett inkje aa kunna nokot Landsmaal. Legg deg inkje sjølv frami formykje, men stell deg bakum og lat Forteljingi lysa.
 
Nemn Tid, Stelle, Namn; kann inkje Namni standa, so sett deim lell, og dikt andre Namn og sett ved Sida, som eg kann faa bruka.
 
Kva Du kann skriva um _ bli formykje aa rekna upp. Eg skal berre slaa paa ein Grunnstreng:
 
Inkje um Trollskap elder Hulder elder Underjordiske. Slikt maa standa fyr sitt Verd; eg bli aldri so danad, at eg nektar det. Men fyr Born er det inkje god Føda. Men um det yver-jordiske, som spelar inn i vaart Liv: um Guds Forsyn og Styrels i Menneskja sitt Liv _ korleids han skin inn med Velsigning elder Forbanning i vaart verklege, synlege Liv _ det, Folk hev set og lagt Merkje til av slikt. Straalar fraa ein livande Gud og fraa Uppheimen hans er kostbarare enn Gull fyr Born i vaar Tid. _ alt, Du kann finna av Forteljing, som skin av det, her heime i Folkedjupet _ er godt. Kor mange slike Hendingar gøymest det inkje paa millom Folk, der Himmelen hev gripet sterkt inn i deira Liv, men som dei tykkjer er inkje vidare te røda um. _ Tenk etter; og finn Du nokot, anten fraa ditt eiget Liv elder fraa andre sitt, so skriv det upp simpelt og trufast, som det hev hendt, og send meg det. Tenk inkje større paa Stilen _ den skal eg beinka paa. Eg bed deg um dette i mange norske Born sitt Namn.
 
Men so hev eg ein Bolk til; og der er eg meint paa aa kasta saman Gaator, Ordsprok, Smaastubbar, Rispor, Barnesullar, Smaasongar _ alt som hev danande Verde og er so gjævt, at Born vil lesa det  _ so eg tek med Takk imot; same um det inkje høver til fyrste Bolken.
 
Adresse heile Aaret:
 
Andreas Austlid ,
 
Ullensvang, Hardanger.
 
E. S. Vil andre Blad taka det upp, so ser eg det gjerne.
 

Frå Fedraheimen 16.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum