Lappar og Kvænar.

Av Lapparne er det tvo Slag, og um ein vil tri, skriv ein i Morgbl. Det er Flytjelappar og Sjølappar og Elvelappar. Det er Flytjelapparne, som hev mest sermerkt ved seg, det minkar Talet paa dei; det er helst i Karasjok og Kautokeino dei finst. Dei liver her, av Reinarne sine og fer og reiser umkring fra Stelle til Stelle. Og dei likar ovende væl Livet, dei er so glade i Fjelli sine, so dei ikkje byta med dei rikaste Bygder. Den Gladfljote til aa renna paa Ski og hugheil Ein fær urædde, naar det gjeldst paa, dei tek ofte inn, kor Ulven og drep han med Skistaven, som er stor og tung. Dei er kjærlege og gode mot Huslyden sin, Utruskap og Ægteskapsbrot høyrer ein sjeldan gjetet. Mødrarne er framifraa umhugsfulle mot Borni sine, dei plagar vanleg hava dei liggjande i ei Hengjevogge, som dei kallar ”Komte”; og den hengjer dei kvar det høver.
 
Dei hev ikkje store Krav til Livet, skal ein tru. Eit Telt med nokre Reinsfeldar til aa liggja paa; eit Par Byttur og ein sprukken Kaffikopp det er Bunaden deira, og til Klæde brukar dei helst berre Reinskinn. Daa dei liver so sparsamt, dreg dei snart i hop, so dei vert Vælstandsfolk aa kalla; mange eig 4 _500 ja yver 1000 Reinsdyr, og mange hev mykje med Pengar standande i Bankarne. I gamle Dagar brukad dei mest aa grava ned det, som dei hadde, men dei hev no sluttat med det for det meste. Men for det um dei vert meir rike, maa ein ikkje tru, at dei vil liva gildare. Um Finnen er aldri so rik, so hev han det ikkje gildare enn Armingen for det, like smaasamt og ufjelgt, der er ingen Skilnad aa sjaa millom den, som eig berre eit Par Reinar og den som hev paa Tusundvis.
 
Lapparne er fælt glade i Pengar, og dei nyttar alle Høve til aa venda aat seg, og dei hev ikkje noko Ord for Ærlegdom, og dei er leide til aa stela Reinsdyr allvist.
 
Dei er overlag lortvelde, reint Vatten er aa kalla ukjent millom dei, og i Teltet deira er det so griselegt ofte, som det kann vera. Dei brukar aldri aa klæda av seg um Natti utan paa Føterne, dei hev Klædi paa Kroppen, solenge det er noko Gagn i dei.
 
I eit Telt, som han var inn i, brukad dei Hunden til aa vaska Borni, han sleikte dei i Andlitet og Henderne og paa Klædi, der det sat Feittflekkjer. Det var Morgonvasken deira. I eit anna Telt bad han um aa faa ein rein Kopp, Kjeringi tok og sputtad i ein og turkad han og gav oss.
 
Daa Flytjelappurne for det meste liver av Kjøt og Mjølk og er so mykje ute, hev dei for det meste ei god Helse.
 
Elvelapparne hev faste Bustader, dei hev som oftast Timmerhus og liver av Fedrift, held ikkje Reinar, berre Kyr og er framifraa Baat-folk. Dei plagar hava det reinslegt og vænt i Husi sine.
 
Sjølapparne bur berre ved Havkanten og nærer seg mest av aa fiska, dei er dugelege paa Sjøen, men fælt armodslegt er det med dei, og dei bur berre i smaae Torvhyttur.
 
Dei er godlynde men smeikne og smøygjelege, sløge og trælelynde, burtgjevne til Drykk- og Ukjurskap, Karar og Kvende drikk seg, fulle like radt. Til aa klæda seg brukar dei Ty av ymse Slag og likar sers godt gloande og glymande Liter. Ofte kann dei fjøra seg til, so det er løglegt aa sjaa. Ein Brudgom hadde soleis stelt seg til med ein gamall Snippkjole, um Halsen hadde han eit overlag stort kvitt Skjerf, og paa Hovudet ein høg Hatt, som var nok meir enn ein Sumar gamall. Og Brudi endaa gildare.
 
Lapparne gifter seg jamleg med dei er unge, og det trengst ikkje nokon lang Kjennskap, fyrr dei forlovar seg. Guten gjer berre eit Teikn med Fingren, og svarar daa Gjenta likeeins, so er dei forlovad; og det er aldri nokon Standsskilnad til Mein for at tvo kann faa kvarandre.
 
No skal væl alle Lappar vera kristne, men det skal ikkje vera so mange Aar sidan, at det var gamle Sjøfinnar, som lovad Offer aat nokre Steinar, som dei heldt heilage, fyrr dei drog ut paa Fiskje, og gjekk det daa godt, heldt dei og Lovnaden. Ellest syntest dei ikkje at Guden hadde fortent noko. Dei hev ikkje Ovtru endaa.
 
Lapparne hev voret i Finnmarki ifraa lange Tider.
 
Paa det seinare hev det komet eit anna sandt Folkeslag dit, det er Kvænarne. Det er i Varanger dei held seg mest, 2/ 3 av deim bur paa Vatsøy, er Kvænar. Og det er mange, som er i Norig i Fisketidi og som ser heim att, naar den er slutt.
 
Kvænarne er store sterke Folk og dugelege Arbeidskarar, so dei ofte raar dei norske. Dei er seige og paahaldne sitt eiget, hardhugad og striduge, allvist naar dei er fulle, som ofte hender. Ein Del av dei høyrer til eit Serlag, dei kallar ”kvæntruande”, dei er fælt sjølvgode og utolsame imot andre. Ved Gudstenesta deira gjeng det stundom villt til. Naar Aanden kjem yver dei, tek dei til aa skrika og bera seg som galne, og fær det med slik ein Kjærleik, at dei maa umfamna alle og kvar.
 
Kvænarne er reinslege, og paa Landet tilvissa brukar dei Badstogur mest paa kvar Gard. Der finst berre nokre Steinar, som dei gjer fælt heite og slær so paa Vatten, berre so Govet fyller Romet, naar dei so hev dampat seg væl igjenom der inne, flyg dei ut og avkjøler seg.
 
Kvænarne kjem innflytjande fraa Norddelen av Finland, der det ofte treffer til aa vera Misvokster og Uaar, dei kjem daa ofte reint utsvelte og utarmad, men dei tek seg godt upp, og er dei mest vælstandande i Finnmarki. Det er sjeldan likevæl, at dei vert Handelsmenn, dei held seg som oftast til Jorddyrkingi, og er skikkelege Folk, daa hev Kvænarne, som bur i Byarne, oftare leidt Ord paa seg, dei vert klagad for aa vera so agalause og ville.
 

Frå Fedraheimen 16.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum