Ormen ved Kjellingtjorni.

(Segn fraa Mykland).
 
Daa Halte-Gaut heldt seg paa Brubakken _ ja han heldt seg ei Stund paa Røyseland au _ heldt der seg ein Orm i ei Tòn med Kjellingtjønni, tett ved den gamle Kyrkjevegen Øydegardens og Bellands. Denne stygge Ormen var Folk rædde for. Fyrste dei gjekk der, kom han leggjande og vilde hogga dei; det var mange reint av seg komne; han vaknad, fyrst dei kom nær og kunne forfylgja dei, so det var fælt. _ So sagde Halte-Gaut: ”Det er daa rart, skal me ikkje faa vekk denne Ormen!” So gjorde han seg ei rund Skaal og skjeftad paa ein lang Stake, og tok han væl eit Kvartil Tobak og turkad og mol til Snus, som han vilde hava i Skaali. Med dette reiste han til Fjellet, som Toni var i; han kom stilt ovantil. Daa han kom fram, so han kunne sjaa ned, vaknad Ormen og lettad upp Hovudet sitt. Halte-Gaut var daa svint mod Snusskaali han og heldt henne fram fyr Nosi paa ormen og tømde Snus yver Hovudet paa han. Daa høyrde Halte-Gaut, at Ormen naus som eit Menneskje, og med det same kastad han seg ned or Toni paa Myri og søkte seg ned i ein av dei Puttarne, som er inne i Enden av Kjellingtjørni. Sidan saag der ingen han meir. _ Dei meinte, det var ein, som heldt paa aa veksa seg til Drake. Dei byrjad alstødt daa med aa faa ei Mann som ein Hest. Dei vilde gjerne liggja paa Sylv. Aslak Mykland han fann ein Gong eit Gullstykkje i Aallhylkleivi _ han selde det endaa for fleire Hundre Dalar _ det trudde dei Draken hadde slept ned. Ko det var, veit eg ikkje, men det veit eg, at han fann Gullstykkjet og selde det, som eg sagde, og endaa meinte han, at han fekk ’kje det, det var verdt.
 
Straks ovanfor det Fjellet, der Ormen laag, er det tvo Varp. Det var Bellandshjuringen og Myklandshjuringen, som hadde slegest; daa dei hadde gjort det, vilde dei heim kvar til seg; men dei var so kvitt, at dei rokk berre eit Stykkje, so hadde dei trullat baade tvo. _ Der Varpet til Bellandskjuringen er, er det hogget i Fjellet nokre Bokstavar; men dei er no so slitne, at det er ’kje meir aa sjaa av dei enn lite Grand, kva Teikni tyder veit eg ikkje.
 
Eit Steinkast burtanfor er Tronds Varpet. Trond var ei Kjempe og ei Ukjure; han heldt seg i Bellandspladsen. So var det ein Prekesundag, at Trond trefte ein Fant; det var paa Øvre Mykland. Den Tid kunne dei faa kaupt Brennevin der, og Fanten kaupte og gav Trond. Det var ein Stut den Trond, som ikkje varde seg betre. Vermor mi fortalde, at Fanten sagde: ”
Drikk du, imorgo kjem Rakkaren og tek Skinnet”. Fanten spurde Trond, um han kunne minnast ein liten Gut, som var so rædd, at han kraup inn i Bakaromnen, daa Far hans vart drepen. Tosken, den Gaut, skulde han, ikkje hava passat seg. Hin Dagen, daa Trond gjekk heim, kom Fanten etter og stakk Kniven i han der paa Fjellet. Ei Likferd fraa Flateland kom straks etter.
 
Daa var han daud. Helarne hadde han spent undav Skorne. Blodet rann endaa; men det var ’kje Liv i han. Dei saag Fanten og Fenta gjekk nedetter Slaattedalen der. Fenta sagde til Fanten: ”Lat meg faa noko aa karva i Pipa du”. Paa Flateland hadde dei voret inne, og der vilde Fenta hava narrat nokon til aa taka mot Baansungen sin, men det fekk ho ikkje. Dei strauk avstad, og ingen fekk spurt til dei meir.
 
Daa dei lagde Trond paa ein Slede og vilde køyra han heim, draup det Blod ned paa Fjellet, og Flekkjerne stend der den Dag i Dag. Dei køyrde han inn til Bellandspladsen og lagde han inn. Der var ute ei Vindaugsrute, og Skjerarne flaug inn og hakkad ut Augurne hans.
 
Tett ved Varpi er Brørvaangslyptet. Det var tvo Brødrar paa Røyseland, dei lyfte den store Hella der ligg, og ho er groveleg stor.
 

A. L.


Frå Fedraheimen 16.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum