Tidender.

Kristiania, den 15de Januar.

Adresse til Stortinget. I Buskeruds Vinstreforeining hev dei gjort, samrøystes Vedtak um, at det maa gjerast: 1) meir Sparing i Riksens Pengestell i det heile, 2) i Herstellet, som paa ingen Maate maa verta dyrare enn det som no er, 3) Embætsverket maa minkast ned, Futeembætte allvist maa kunne dragast inn og Løytnantspostarne maa helst slutta aa vera Embættspostar, 4) Rentefoten maa setjast ned til 4 pCt., 5) Underoffiserar maa kunna naa so høge Offisersstellingar, som det paa nokon Maate kann ganga an. 

Dette Vedtaket vilde dei so senda umkring til Vinstresamlagi i dei andre Fylkje og so faa sendt ei Adresse um det inn til Stortinget.

 

Dei fekk sin Vilje fram i Danmark Høgre, daa Høgsterett dømde dei tri Vinstremennerne til eit halvt Aars Fengsel, allvist er dei glade for, at Formannen i Folketinget, Borg, skal vera burtgøymd eit halvt Aar.

I Riksdagen vart det stor Harme, daa dei fekk Tidendi, Borg nedlagde Formansposten sin straks, men vart attervald straks mod stort Fleirtal. Det var Svaret som Domen fekk av det danske Folket. Men Bladi maa tegja seg og tala so lydt, so lydt, ein Vinstremann hev mest ikkje Lov til aa segja nokon Ting no, fyrr han vert teken.

 

Det engelske Parlamentet hev no komet isaman. Det spyrst korleis der vil ganga. Alle Augo er no rette paa Parnell og Irlandsflokken, det er dei som hev det i si Magt, anten Høgreregjeringi skal verta standande, elder um Gladstone og Vinstre skal koma upp atter. Ein fær nok likevæl venta eit Bil, fyrr ein fær sjaa, kor det lagar seg. Dei vil drygja og sjaa kven det er som byd Irlandsflokken mest, og so vert det væl daa ein Kappestrid millom Høgre og Vinstre i aa tøygja seg so langt dei kann faa Partiet med seg, til aa segja Irland.

Regjeringi vil elles vara seg so mykje som mogelegt i Fyrstningi, meiner dei, og ikkje nemna Irlandssaki eingong i Trontalen.


Frå Fedraheimen 16.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum