[Tidender.] Brev fraa Vesleelvdalen.

Maandag 11te Jan. hadde ”Nordre Østerdalens Landbrugsforening” Aarsmøte paa Steien i Vesleelvdalen. Det var mange, som møtte fram, mest fraa Bygda her, men aa mange ”Ovatæingar”. Me heldt paa heile Dagen og snakkad um ymse Ting. Det var mykje Tale um”Smørforeiningar”. Det veks ikkje frakt Korn her uppi Fjellbygdom, og det er Kun, som lyt skaffe Kontanten. Fyrr i Tida var det mang ein Skilling aa tene ved Lasskjøring og ved aa levere Kol aat Verkom. Men sidan Jarnvegen vart bygd gjenom Dalføret her, vart det slutt med dess Fortenester. I gamle Dagar virka dei ikkje meire Smør, enn dei sjølve aat upp, og um ein og annan hadde ein Bit aa selja, var det berre ”simpelt Bondesmør”, som Byfolk ofte snaudt vilde eta. No er det annleis, berre fraa Os Stasjon vert det sendt 50,000 Kg. Smør Aar um anna. Det er væl dei øvste Bygderne, som er komne lengst, og alle gav Smørlagi det Ordet, at det er dei, som hev gjort, at Folk er komne so langt. I kvar Grend plar det vera eit slikt Lag. Ein Dag i kvar Vika kjem daa alle som er med i 
Laget tilsaman med Smøret sitt. Det maa vera kirnat same Dagen. Ei Domsnemnd granskar det, og kjem nokon med Smør, som ikkje er fullgodt, maa han taka det attende. Alt Smøret blir so samenmenta og tilgjort, nedpakka og straks sendt til Byen, der kvart Lag hev ein ”Kommissjonær” til aa selja det. Det segjer seg sjølv, at i eit slikt Lag vil kvar Kjering sjaa ei Ære i aa skaffa baade mykje Smør og godt Smør og so kjem ho ogso til aa stelle 
Kreturi sine slik, at ho kann faa baade mykje Mjølk og feit Mjølk. Det var fyrr slik, at Kjeringi paa kvar Gard gjerne vilde ha so stor Buskap som mogeleg, no spørst det ikkje etter det, men etter aa hava so mykje Mjølk som mogeleg; og med det hev Folk lært, at det er liten Gagn i aa hava mykje Ku og knapp Foring med faae men vælstelte Kyr.
 
Paa Tolgen og Tynsæt er det slike Smørlag i kvar Grend; i Veslelvedalen er det enno berre nokre faae, som hev teket til med dette; Vesleelvdølerne hev lite Skog att enno, og soleis hev dei ikkje voret nøydde til aa leggja seg so etter Kreturstellet som Ovatæingen. Men her au tek dei til aa skyna, at det er Gardsbruket, som vert det sikraste paa Lengda.
 
Det var elles fleire, som ikkje var fullnøgde med Smørlagom, og som meinte, at Folk skulde arbeida paa aa faa nytta Mjølka endaa betre, og at dei paa høvelege Stelle skulde slaa seg i hop og skaffe seg Centrifuger og driva Smørtilverknaden paa Fabrikkgjerd. Det var berre paa den Maaten, ein kunne faa Rett for alt Smøremne, som finst i Mjølka. Men elles sa alle det, at det var reint utruleg, kor store Innkomur dei hadde faatt av Fjoset, etter at dei hadde gjevet seg inn i noko Smørlag.
 
_ So var det og ordskifte um Saustellet. Landbruksforeininga hadde kaupt Sauer av Tauter-Slaget og gjevet Medlemerne til Prøve. No var det Spurlag um korleis Folk likad desse. Det Sauslaget, som hev voret her i Bygderne fraa gamalt, var ikkje stort tess. Sauen var baade smaa og gav lite med Uld; men kravde lel Mat. Det var Skarvesau. Alle var einige i dette. Det nye Sauslaget var dei for det meste væl nøgde med. Det gav mykje Ull og fin Ull, slik som Kvinfolka her helst vil hava. Men det gav ikkje so god Slagt til Dømes Cheviotslaget, som ogso einkvar hadde prøvat. Men dette Slaget gav for grop og for glesen Ull. Det var difor nokre, som raadde til aa prøva ei Blanding av Tauter og Cheviota.
 
Sumarhamna ligg for det meste i Sameige her, um nokon raadde seg godt Sauslag, var det soleis Faare for at det kunne bli utskjemt, solenge det var fritt for kvar aa sleppe anna Sauslag, um dei var aldri so simple, i Hamna. Paa 
Teigen hadde dei brukt den Magti, som den nye Loven gjev Heradstyre, til aa hindra dette. 
Dei hadde vore væl tent med dette der i Bygda og hadde set stor Mon paa Sauom, sidan dette vart sett i Gang. Bygdestyre vel der ei Nemnd paa 12 Mann, som kvar Vaar fær yver Bygda og ser paa Avlsdyri. Veddar og Uksar, som desse finn utenlege til Avlsdyr, fær ikkje slepvast i same Hamning. Møtet uttalad, at det var bra, um det vart teket same Raad i dei are Bygdom au.
 
_ Elles var det fleire Saker som vart for seg havde, soleis um Fesjaa m. m., men det vil ta førmykje Rom aa melda um meir.
 
Paa Møtet var berre Bygdefolk, ingen ”Autoriteter”, og det viste seg, at det gaar an aa klara seg utan desse ogso.
 
Det var Moro aa leggje Merkje til Maalet, som dei som talad, brukte. For ein 3_4 Aar sidan var eg ogso paa eit Landbruksmøte her i Bygda. Eg vart mest harm yver all Danskinga, gode jamne Bønder skulde støtt freista aa tala fint, Bondemaalet var vel for simpelt. Men den som talad best, gjorde det lel paa Bondemaal; det var Meierimestar Berner, han fekk baade Kraft og Klang i Ringsakermaalet sitt. Og det syntest eg var so mykje betre, som den same Berner var Høgremann so god som nokon.
 
Paa Møtet no merktest ein stor Framgang. Vistnok hadde mange no og vondt for heilt aa vera seg sjølve. Folk hadde venjat seg til maa vita, at naar ein skulde tale offentlegt skulde det liksom vera paa Dansk _ men ein kunne daa no høyra at Tanken var, at det skulde vera Norsk. Underleg nok var det no og ein Høgremann, som talad best Norsk. 

Frå Fedraheimen 20.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum