[Tidender.] Fraa Honnes (Sætilsdalen).

No er daa ”Jolemoroa” ende, men ho hev daa kostat tri Menneskje Livet.
 
Andre Joledag blei der tri Menneskje i Otra upp ved Evje Nikkelverk.
 
Dei vilde til Honnes Kyrkja, (Evje Nikkelværk ¼ Mil upp ifraa Honnes paa den andre Sida av Otra) og so vilde dei ro seg yver i ein liten Baat. Komne so væl halvvegs utaa, misser den eine Hatten sin. Han hiver seg daa til dan eine Sida for aa faa fatt i Hatten, men so tek Baaten Vatten og kvelvest.
 
Dei var fire Menneskje i Baaten. Mann og Kjering, som vart gifte for 8_9 Vikur sidan, og tvo Ungkarar, den eine var Bror til Mannen. 
Mannen fekk berga seg paa den Maaten, at han svam i Land, men dei andre tri blei liggjande til alt Liv vart ute. Ja dette vart ein Sorgens Dag for deires Forældre og Syskjen, sværast fordi, at Brennevinet var Skuld i denne Ulukka.
 
Ja det Brennevinet, det veld mangt eit Menneskje Livet, og fleire fær ei Hjartesorg, som dei ikkje slepp fyrr Døden, berre for Brennevinets Skuld.
 
Korlengje skal me plagast med denne Brennevinsdjevelen? Kann me ikkje eingong verta han kvit?
 
Ubbør, 12te Januar 1886.
 
Olav.

Frå Fedraheimen 20.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum