[Tidender.] I Skulekommissjonen.

I ein Krins skulde det setjast inn ein ny Lærar. Det søkte Seminaristar baade fraa Austlandet og Vestlandet og her fraa Telemarki. I Skulekommissjonen vart det daa Strid millom Presten og Lærar L., um kor det var best aa hava Læraren ifraa. L. meinte, at naar Læraren skulde tala Borni sitt Maal i Skulen, so var det likast aa taka ein Telemarking. Presten meinte, at Læraren skulde tala Skriftsproget i Skulen, og daa var det best aa taka ein fraa Umkanten av Kristiania, so han kunne sleppe det fille Maalstrævet. So vart det eit lite Ordskifte um Maalsaki. Presten lagde ut lenge og væl um, at vaart Skriftsprok var den beste Norsk. Maalmennerne foor med noko Tøv og Tull. Nordmennerne hadde voret med og dana Skriftsproket liksovæl som Danskarne. Maalsaki var faarleg. Dei Styrande hadde allestader voret rædde slike Maalreisningar; dei splittad Folket. Difor maatte dei kjøvast ned; der maatte ikkje vera fleir enn eit Skriftsprok i Riket. Me kunne vera sikker paa, at aldri Byarne vilde bruka Landsmaalet. Stortinget foor paa Villska. Landsmaalet var ikkje til, anna hell i Innbillningi. Stundom snakkad han som at det var til au, men det stod paa same Standpunkt som Gamall-Norsken, var altso mange Aarhundrad for gamalt og slett ikkje tenlegt no. Det var mest underlegt, so lite, som Presten syntest aa kjenna til Maalarbeidet, so hadde han daa lært seg mange Paastand, som Motstrævaranne brukar. Jamvæl K. Knutsen var tenleg. Maalmennerne var nere paa dei verste av alle til aa bruka Framandord. Og so sluttad han med aa fortelja, at der hadde stadet nokre Prøvur i Bladi av Landsmaalsbibelen; det var reint ”væmmeligt”, at Guds Ord skulde bli slik medfaret. Lærar L. svarad, at Skriftsproket vart ikkje til Norsk fordi um det hev vortet og vert brukat her i Landet. Det, som vitterleg var komet fraa Danmark, skulde me vera so ærlege aa kalla Dansk, so lenge det var so dansk, som Skriftsproget enno er, og so lenge me hev eit ægte norsk Maal ved Sida. Skulde me kalla alle framandord me laaner fraa andre utanlandske Maal au for Norsk? Kven vart daa innsett til Lærar? Det gjekk, som det gjeng jamt i Skulekommissjonen, at Presten fær sitt fram. Han fraa Kristianiakauten fekk Posten.
 
X

Frå Fedraheimen 20.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum