Grani og Bjørki.

Burte i ei fager Lid stod det ein Flokk vakre unge Tre. Det var mest Grantre; men so fanst det ogso her og kvar ein Einekoll elder ei liti Bjørk; og alle voks og treivst so godt, for eit stort Fjell attanfyre tok av imot Nordanvinden, so han ikkje fekk gjera dei noko ilt. Midt inne i Flokken stod ei Gran, som var so utifraa vakker. Fraa ho var ørende liti, teiknande det til aa verta noko stort av den Grani, og alle dei gamle Trei sagde: ”Hev ho Lukka med seg, so skal du i Manns Minne ikkje hava seet slikt Tre; men det er ogso ofta”, lagde dei til med Vegt, ”at det ikkje gjeng so godt med dei, som er so lovande i Ungdomen; der er mange Freistingar”. Det fall eit Tre her og kvar burte i Skogen fyre Timberhoggaren si Øks; men det var ingen, som røyvde den unge, vakre Grani. Det leid, medan det skreid. Mange Aar gjekk, og Grani vart so stor, at ho rakk langt yver dei andra Trei i Skogen og kunde sjaa langt, langt umkring. Ho saag ogso ut yver det store Havet, kor det blaanade langt undan. Di lenger ho saag, di lengre vilde ho ogso sjaa. Naar Vinden taut framum, so fekk ho slik Hug til aa fylgja med, at ho tøygde seg langt etter honom. Ho drøymde um aa koma langt ut i Verdi og gjera Storverk _ og so verta namngjeti.
 
Rundt umkring henne stod det som sagt ei Mengd med Tre; men dei var berre som Tre flest. Næst den vakre Grani stod ei Bjørk, men ho var so liti, at ho hadde ikkje vaagat aa snakka til Grani paa lange Tider.
So ein vakker Dag, daa Grani lengtade mest, skulde daa ogso Ungdomsdraumarne hennar verta uppfylte. Eit nytt Skip skulde ganga av Stabelen i den nærmaste Byen. Dei skulde hava seg ei pen Master, og den vakre Grani vart utteki til det.
 
Ein fin Vaardag var det stor Rørsla i den vesle Byen; det nye Skipet skulde reisa ut paa si fyrste Ferd. Der var Flagging og Skjoting _ og dei hadde gode Vener. Og sidan er det aa fortelja um den staute Grani, at ho som Skipsmaster i mange, mange Aar for langt og lenger enn langt ut i den vide Verdi, og ho vart ei namngjeti Master. Etter eit ærerikt Liv vart ho lagd til Kvild paa Skipsvervet i Byen.
 
Paa Heimstaden burte i Skogen er det stor Forandring, sidan Grani for ut. Dei hava bygt ein Veg beint yver den Staden, der ho stod. Attmed Vegen er det sett upp ein Benk, som Ferdafolk setja seg paa, naar dei er trøytte av aa ganga. Attmed den eine Enden paa Benken stend det ei Bjørk. Ho er vorti gamal no og er likevel ikkje komi lenger. Rundt ikring Benken stend det nokre Ungbjørker tett saman. Det er Gamlebjørki, som hev fenget dei paa den Tanken, at dei skulde slaa seg ilag um aa gjera noko godt. Mangein trøytt Ferdamann finn ho i Solsteiken so god og sval ein Skugge under Krunorna deira og er glad i det litle Bjørkesamlaget, som hev so vakkert eit Fyremaal. Naar nokon set seg paa Benken, bøygja Bjørkerne seg mot kvarandre, so Lauvet dirrar, og smaasvalla um, kor trøysamt det er aa faa gjera ein annan glad og fegen. Sume Tider snakka Bjørkerne um, at det er so faa, som takka dei for det kjærlege Arbeidet deira, og at det maatte vera mykje gildare aa faa koma ut i Verdi. Men daa tek alltid Gamlebjørki til Ords: ”Me skal gjera det som er godt av Kjærleik og ikkje for aa faa Løn. Gud hev skapat sume til aa gjera Storverk og andre til aa arbeida og gjera godt i det smaa.”
 
Etter Barnebudet.

Frå Fedraheimen 20.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum