Joletre i Skulen

Gols Skule i Hallingdal, hadde nyleg Joletrefest for umkring 100 Menneskje, deriblandt ogso Amtsskula. Det heile gjekk svert godt, so det er aa vona, at Festen maa gjera Gagn. Ein, kunne verta so innerleg sæl, naar ein saag den store Hopen, baade med det same den fekk Augo paa den overlag gilde Grani med alle Ljosi (paalag 70) og andre gilde Ting, og sidan under Talen, Songen og Leiken! Og ein maatte faa Hug til aa freista aa skaffa dei smaae ei slik Moro. Det var Talar, Song og Leik um kvarandre eit langt Bil. Kyrkjesongar Berg heldt Festtalen; Sokneprost Skattebøl talad um dei gamle ”Joletrolli”, Drykken, Slagsmaali og Levenet daa, og minte um koss det no var; Amtsskulelærar Seland fortalde fleire Eventyr og sluttad med ein Tale for Fedralandet, og Amtsskulestyrar Munthe-Kaasbar fram ein Takk for Tilstellingi.
 
Bergs Tale lydde, noko avkortad, paalag soleis: Det er lett aa sjaa, at det som samlar oss her i Kveld er Joletreet. Og alle desse smilande og undrande Barneandlit segjer, at det vekkjer glade og hugnadsfulle Tankar. Men lat oss ikkje berre undrast, lat oss freista aa koma etter, kva det meinest med altsaman, _ med Festen, med Grani, med Ljosi og Frukti.
 
Det er ein eldgamall Skikk det aa hava ein Gledefest midtvinters. Langt, langt burt i Heidningetidi hev det voret i Bruk. Likeso er det eldgamalt det aa hava Joletre. Det hev no ikkje alltid voret brukt nett paa sama Maaten som no; men solenge, som det hev funnest Joletre, hev Grani, voret nyttad til det.
 
Kvifor hev denne Skikken komet seg upp, og kvifor hev den kunnat halda seg so gjenom so lange Tider?
 
Jau, fordi den hev gjevet eit Uttrykk for dei djupaste Kjenslur i Menneskjehjartat.
 
Kvar ein hev faatt kjenna, at der er so mykjen Saknad, so mykje Sut og Sorg hernede. Det fær me alle kjenna ofte, men sterkast Hausten og Vinteren utyver. Naar Blomarne visnar, naar Graset bleiknar, naar Lauvet gulnar og fær Dødens Lit, bivrar og skjelv og so fell ned det eine etter det andre, til Trei tilslutt staar att som daue, og so attaat den kalde Vinteren kjem fykande, _ daa fer det ei Rædsle gjenom Hjartat, det kjenner, at noko vondt er i Vente. Og naar Snøen breider seg kald som eit Liklaken yver Mark og Vang, og Myrkret sveipar seg tjukkare og tjukkare umkring alt, _ daa kann nok Hjartat kjenna det, som um Døen og dei vonde Magterne i Livet hadde faatt Yvertaket og vilde kuva alt og alle ned. Det stig ein tung, ein ropande Sukk ifraa Hjartat, det søkjer rundt, um det ikkje kann finna noko, som kann gjeva Von elder Visse um, at det gode likevæl vil vinna, og at soleis betre Tider vil koma. Augat treffer daa paa GraniHo staar der like grøn og frisk, ho likesom trassar alt drepande umkring. Ho er eit Haap um ljosare og blidare Dagar.
 
Og so kjem det slik ein Trong yver alle til aa halda Fest og gleda seg, kveikja seg upp og styrkja seg. Difor vart det alt i den eldste Tidi ein stor Gledefest rundt umkring ved det Bilet, daa dei fyrste Teikni viste seg til, at Myrkret maatte vika. Og so tok dei den unge eviggrøne Grani og flutte ho fraa den kalde og daue Naturen ute inn i den varme Stova og stasad ho til med Ljos og Frukter, med Band og Kransar for dess sterkare aa kunna vekkja Haapet paa den etterlengta Sumar med Ljos og Vermde, med groande Sæd og mogi Frukt.
 
Soleis har Jolefesten og Joletreet fraa eldgamal Tid, voret eit Vitne um, koss Menneskjehjarta krympar seg under alt det vonde her, um den djupe Trongen etter noko betre, og um det seige vedhaldande Haapet paa, at det gode eingong vil koma atter og vinna yver det vonde.
 
Men um Festen og treet soleis alt ifraa forne Dagar hev havt mykje aa segja, so hev dei og ei endaa djupare Meining for oss, som liver i den nye Tidi.
 
Jolefesten, den veit me alle me held til Minne um det vesle Barnet, som for snart 1900 Aar sidan vart fødd i Bethlehem, daa Englarne song: ”Fred paa Jorden og iblandt Menneskjom ei hugnadleg Tid”. Og han den fatike Veslegut hev ogso gjevet Fred til Slegt etter Slegt, til Mann og Kvinne, til gamle og unge yver heile Jordi; han fatike og lite akta Veslegut hev gjevet Trøyst til dei sorgfulle, Lukke til dei ulukkelege, Rikdom til dei fatike, Lindring til dei lidande, _ Fred og Sæle her og der uppe i Himlens ljose Salar.
 
Grani hev ogso eit Ord aa segja oss. _ Igaar’ stod ho ung og sterk og venta ikkje nokon Faare. Ho var som desse som staar her med Rosur paa Kinni og Smil um Munnen. Men no er ho likevæl hoggi av, og maa no døy. Ho minner oss difor um, at so kann det gaa med kvensomhelst av oss, Døen kann koma og utan Varsel taka den friske Ungdomen som den sjuke Gamlingen. Men um Grani enn har mist Livet sitt derute, so staar ho likevæl her som like frisk og straalar ut Ljos og Vermde og prydd med gode Ting. Difor gjev ho oss, samstundes som ho varslar um at Livet vaart her er usikkert og stutt, eit Haap um, at etter skal koma eit Liv tusen Gonger fagrare og lukkelegare enn dette nokorsinn kunne verta. Difor kann me vera so glade ogso her. Og naar ho delar ut sine gode Gaavur og gledar andre med dei, so lærer ho oss til aa tenkja paa andre, gjera godt mot dei og gleda dei.
 
Desse mange Ljosi, som straalar her med slik lokkande Glans, fører vaare Tankar paa Upplysningi. Likesom Ljosi ikkje berre lyser, men ogso vermer, so skal Upplysningi ikkje berre klaara upp i Hovudet, men ogso verka paa Hjartat, so det kann verta edlare og reinare, faa fleire Interessur og meir aa gleda seg ved, og so setja Viljen inn paa aa fremja det gode og fagre og døyva ned det raae og stygge. Difor sagde alt dei gamle, naar dei vilde, at ein skulde læra noko, ikkje at han skulde ”paa Skule”, men at han skulde ”førast ut av Raaheiti”. Men god Upplysning er tung aa skaffa baade seg sjølv og andre, for det er so mangt og mange, som strittar imot. Og rart er det, at det mest er dei, som minst hev av den og best treng den. Dei trur, at ho ikkje er stort tess. Men so vist som me no kjenner, at desse Ljos her gjer oss glade og dreg oss til seg, so vist skal Upplysningi ogso gleda og draga til seg dei, som fær ho.
 
Frukterne paa Treet, det er det gode me bør gjera. Naar me hev Hug til aa vera ulyduge, men koma etter, at det er galet, og so med Guds Hjelp avleggja det, so er det ei god Frukt. Naar me hev Hug til aa ljuga, banna, tenkja og tala stygt, vera vonde paa nokon, men so avleggja det meir og meir, so er det gode Frukter. Naar me lærer aa elska andre og gjera væl imot dei og gleda dei, so er ogso det gode Frukter. So minner difor Frukterne paa Treet oss um aa avleggja det vonde og gjera det gode og soleis gaa fram og koma til aa likna meir og meir paa honom. Barnevennen, den edlaste og reinaste av alle.
 
Det heile skal minna oss um, at Livet her er som ein kald Vinter, og gjeva oss Hug og Kraft til aa leva eit godt og edelt Liv, so me tilslutt kann faa koma til eit overlag fagert Land med Ljos og Vermde, med Gras og Blomar med søt og fagnande Ange, med Tre og og Buskur, med Frukt av alle Slag, med sprettande Bekkjer og blanke Sjøar, med Fuglesong og Kvitter, med Glede og Gaman, med Hugnad og Lukke, og yver alt og alle ein hugsvalande og fredgjevande Kjærleike.
 
Tilslutt eit Par Ord til dei eldre.
 
Jolefesten er upphavleg Heimens Fest. Men naar me her har gjort den ogso til Skulens Fest, so er det, fordi me bør freista aa gjera Skulen til ein Heim og Heimen til ein Skule.
 
Lat oss difor, Foreldri og Lærarar og alle, som hev med Skulen og desse smaae aa gjera, som me elskar so innerleg, _ paalag som me no hev sleget Ring um Joletreet med Arm i Arm, so ogso slaa Ring um dei og freista aa gjera dei likeso glade i Upplysningi som dei no er i Ljosi her, og dana dei til edle og dugande Menneskje. Lat oss av Treet her med Haapets friske Farge og Frukterne paa taka Visse um, at daa gjer me ei god Gjerning, som skal bera gode Frukter baade for Borni og oss, baade for Grendi og Landet.
 
-s-

Frå Fedraheimen 20.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum