Lars Knutson Liestøl¹).

Han er fødd tett uppunder Heksfjell paa ein Heidegard i Aaseral; det er Bygdi vestanfor Sætesdalen.
 
Han hadde Skule 5 Dagar um Aaret. Skulemeistaren kom farande paa Ski nedgjenom Bakkarne, berre so Snøspruten stod, med Skreppa paa Ryggen. Dei tvo siste Aari, fyrr han gjekk for Presten, hadde han Skule heile Fjortandagar for Aaret. So han lærde daa lesa. Mor hans var klok og god i Lærdomen, ho heitte Gyro Grundisdotter; og Faren var framifraa til aa skriva jamvæl. Han heitte Knut Larson, var Lensmann og Stortingsmann 1865_1873, Far hans var Sæbygg.
 
Den Tid Knut Larson var ung, var det ikkje godt um aa læra skriva. Men Far hans laag baki Omnskroken og fortalde korleis Bokstavarne var lagad og riplad dei av i Oska frampaa Omnspanna, so naar han var i Hjuringskog, lagad han seg Blek av Blaabersaft og skreiv paa fine Bjørkenevrar.
 
Det var lettare for Sonen, for han fekk Papir aa skriva paa.
 
Men det gjekk smaatt for Lesningi med Lars Liestøl; han var tungnæm i Forklaaringi. 
Dei næme Gutarne skulde no lesa den store Forklaaringi maa vita, men det var aldri til aa bjoda Lars det. Han fekk vera glad, um han kunne koma igjenom den litle. Dei tvo fyrste Vetrarne lærde han ikkje meir enn dei 7 fyrste Blad; daa var dei svarte som Bik, men lenger uti var Boki so blank, som daa ho kom fraa Prentaren. ”Vil du daa plent bli ein Heidning du?” sytte Mori. Daa tok dette han so hardt, og han lagde iveg med Lesnaden, og vart so god, at han kastad Litleboki og tok den store han likeeins som andre gilde Gutar.
 
So skulde Faren reisa i Høyskog ein Gong Skulemeistaren var der. ”No fær eg sjaa kven som gjer det likast”, sagde han; det var eit Stykkje, som skulde skrivast av og sendast til Futen. Ja so skreiv dei baae tvo. Faren kom heim att og saag paa det. ”Nei du lærer aldri aa skriva, du vert aldri noko til Kar”, sagde han aat Guten. ”Nei du skulde set dei, som er paa Kantori, korleis dei skriv, alle Bokstavarne er like store, Linurne beine som Strik og like langt millom dei, som um det var mælt med ein Passar”.
 
Daa vart Guten sutefull, tok til paa nytt, skreiv so fint kvar ein Bokstav og sigtad etter kvar ei Line, til han fekk det so beint som det var Raad.
 
So um ei Tid gjekk han til Far sin og synte det fram; han laag paa Sengi og kvilde. 
”Ja dette er væl nok” sagde han, ”men det er ikkje Rettskrivning, dei maa kunna den og dei som skal sitja paa Kantor”. Han hadde fenget slik ein Hug til det, Guten, paa det siste.
”Ja Rettskrivning, kva er det for noko?”
 
”Jau korleis ein skal skriva Ordi, kva ein skal skriva med smaae og store Bokstavar og sovore”.
 
”Kvar kunne ein daa læra slikt helst?”
 
”Det stend i ei Bok, heiter Grammatikk”.
 
Ja hadde han ei slik Bok?
 
Nei det hadde han ikkje, men Skulemeistaren hadde visst.
 
So tok han ut og reiste dit, som Skulemeistaren budde og fekk laant seg Grammatikk. So tok han til aa lesa.
 
Han lærde Rettskriving og vart god til aa skriva.
 
So ein Gong Faren kom att fraa Reis, sagde han, at Lars skulde faa koma til Futen og vera paa Kantoret hans. Daa vart han gild.
 
Hjaa Futen var det mange Bøker, og han fekk lesa, alt han vanst. Men han viste aldri, kva han helst skulde lesa, det var so formykje aa velja i. Der var ei Bok av Ivar Aasen ”Prøver paa Landsmaalet”; den Boki likad han ikkje. Det var aa gjera Narr av Bonden slikt, meinte han. Men so raakad han endeleg paa ei Bok av Ole Vig ”Liv i Norge”; den Boki likad han. Aa det maatte vera ein framifra Mann, som hadde skrivet ei sovori Bok; det maatte vera ein av dei fyrste i Norigs Land. Han laut lesa meir av den Mannen; hadde han ikkje skrivet meir? Jau han fekk høyra, at det var han, som skreiv ”Folkevennen”. Den maatte han hava, sparad i hop og kaupte alt som var komet av ”Folkevennen”.
 
Og so livde han paa Ole Vig. Men so fekk han sjaa ”Ferdaminni” av Vinje; daa fekk han Hug til Maalet. Og daa var det ingen Mann han var so burtgjeven til som Vinje. Paa Vinje hev han livt sidan, ”og lenger er eg ikkje komen”, segjer han.
Sidan var han i Kristiansand eit Bil og las noko Gamallnorsk og Stilskriving med Rektor Feilberg. So gjekk han paa Utskiftingslære og vart Utskiftingsmann, sveiv paa Arendalskanten 4_5 Aar.
 
Vart so Lensmann i Byggland i Sætesdalen.
 
Dei totte berre løglegt i Maalmannskapen hans Storingarne daa, det var berre noko Grillur og Vas sovore, meinte dei; det vart so ikkje noko av det likevæl, det var ikkje so faarlegt. Men sidan, daa han fekk Folket med seg paa Trui, tok dei til aa fæla. Dei likar seg ikkje, naar dei høyrer Sæbyggerne fortelja, at noko av det nyttelegaste, som er paafunnet i dei seinare Tider, det er Maalstrævet.
 
Dei tok Liestøl til Valmann, fyrst han var gamall nok til det, og han vart utpeikad som Stortingsmann straks, han vart Varamann (Suppleant) fyrste Gongen. Næste Valet vart han Stortingsmann fraa Nedenæs, 1874. Sidan hev han voret Stortingsmann.
 
Han var radikal; dei er jamt radikale Sæbyggerne. Naar dei fekk vera forutan Kongedøme og Prestevelde, er det mange, som tykkjer, at det var gildare. Republikken vilde han daa hava Liestøl ogso, og Storkarsmagti vilde han tyna.
 
Daa han so kom paa Tinget og fekk sjaa Storpolitikken, totte han liten Mun i den; det var liksom ikkje nokor Greide paa’n. So røystad han imot Statsraadsaki, han totte Storkararne fekk for stort eit Velde daa, skulde Regjeringi sleppa inn i Tinget.
 
Dei heldt han for Høgremann daa, og det var med Naud, at han vart attervald.
 
So hadde han komet paa og skrivet eit Framlegg um Domarlag i Aastedssaker. Han synte dette fram til fleire av dei fyrste Tingmennerne, dei likad det, men sagde det var so radikalt. Men Johan Sverdrup tok seg av det. Liestøl vart sett inn i Justitskommiteen, hadde alle Juristar imot seg, men fekk Studning av Øverland og dei andre Bønderne i Kommiteen. Dei gjorde Innstelling og fekk det gjenomført i Tinget, men det vart ikkje godkjent av Kongen. Det var det fyrst i 1880, etter at Lagtinget hadde støypt um Formi paa det noko.
 
Liestøl er dugeleg og gløgg til offentlegt Arbeid; han er Sekretær i Stortinget, og Regjeringi hev sett han inn i Sportelkommissjonen og den store Skulekommissjonen. Og det var ikkje noko Mistak, um dei gjorde ein slik Kar til Embættsmann for slike Bondelensmenn kann raaka til aa hava baade meir Røynsle og meir Vit, enn ein kann finna hjaa mangein juridisk Kandidat, og so mykje meir Bondelagome og uvande daa!
 
Liestøl hev høvt seg betre ihop med Storpolitikken no dei Aari, han hev voret paa Tinget, og stend traust og trugje paa Vinstresida. Men endaa er han ikkje so lagad at han kann gjeva seg blindt burti ein Partipolitikk, kvarhelst det berst. Han stend so fritt og sjølvstødugt paa sine eigne Grunnar, at han gjeng som utanum dette Tvidraget, som hev komet upp i Vinstreflokken. Dei hev ikkje kunnat ”kulla” han anten paa den eine elder andre Maaten. Skulde ein endeleg hengja eit politisk Vednemne attaat han, so vart det berre rett og slett ”Døl” utan baade Fyre- og Ettersleng. Han hev det frie hugheile Laget, som ein helst finn hjaa slike ”sjølvgjorde” Menn, at han ser berre beint paa Saki og vyrder ikkje kven han fylgjer. Han er fri for baade akademisk og seminaristisk og all annan Lærdoms Udaam, og der er likevæl ikkje Tefti av noko ”raabarkat”. Det er denne Naturklokskapen attaat Sjølvbyrgsskap og hugheil Framferd, som Sæbyggen paa slik ein meistarleg Maate kann samhøva med Sømd og Finleik og fager Ordeferd.
 
Liestøl var ikkje noko til aa tala i Fyrstningi, torde ikkje bruka anna enn Dansk daa, stivt og stramt. Men sidan hev han vortet meir vaagall, slepper seg laus no og talar Norsk berre so det smell etter; og no vyrder han ikkje kven han legg seg i Ota med. Høgremennerne likar seg ikkje naar han kjem setjande beinveges paa dei, for han fer ikkje krøkjer og krokar med parlamentariske Vendingar i skrivne Fyredrag, men spring yver Brikarne og ryk kav paa dei, so det kjem paa Tverke for dei, dei veit ikkje straks korleis dei skal svara. Han er ein av dei faae Bønderne, som kann veksa seg heilt utor Bondebljugskapen og føra seg fullfritt i Stortingssalen. Han magnast og motast, til lenger han stend i det, han vert ein av dei fyrste paa Tinget.
 
Det er so hugnadlegt, naar det lid solangt, at Tingbønderne kjem til Byen. Dei ber med seg ein frisk Gust inn i Hovudstaden. Eg veit ingen det stend slik ein Fjellgust av som Liestøl. Det er plent som Lufti vert fylt med Granange, naar den kaute Sætesdølen stigar inn i Stoga. Og rett naar han tek til aa kveda Stev, daa let eg att Augo og voggar meg inn i den daamelege, væne Stevtonen, til dess eg ser berre friske, kaute Sæbyggjer og Sæbyggjur, som slengjer Stev til kvarandre med blenkjande Augo og blømande Kinn. Og han er so rik paa gode, norske Ord, at det stundom meste gneistar og sprakar. So hender det, at han tek seg til aa skriva heile Fedraheimen, og aldri tykkjest eg Bladet fær meir heimhøvelegt Lag.
 
Skulde Liestøl vera burte fraa Stortinget vart det ikkje halvt so mykje Løgje der. For naar det gjeng for traatt og dauvlegt, so sit han og teiknar Sellarne av, koss dei gagar og goggar seg til, og det vert so utifraa løglegt, dei kappast reint um aa faa Tak i Bilæte hans.
 
Ivar Mortenson.
 
¹) Skrivet attaat Bilætet hans i V. G.

Frå Fedraheimen 20.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum