Offisielt Maal?

Der er stor Strid i Landet um kva Maal me kann kalla Morsmaalet vaart. Sume meiner, at det er Norsken, andre at det er Dansken, elder som dei segjer ”Dansk-Norsken”. Og det merkjelege er, at dei hev paa ein Maate rett baae tvo. Med Morsmaalet forstend me, det Maalet, som ho Mor talar, det som ein lærde av ho daa ein var liten. Dette tykkjer eg er so klaart, at der ikkje kann vera Tale um noko anna. Soleis hev eg alle Dagar høyrt det tolkat, og eg kann sant aa segja ikkje fatta at det kann vera annleis. Dette er soleis Tilfelle, naar ein talar um Morsmaalet aat den einskilde. Talar ein no um Landsens Maal, so meiner ein det Maalet, som Mesteparten av Folket talar. Det er Fleirtalet her, som i alle andre Tilfelle, gjeng av med Siger. Men det er ikkje alle, som er einige i, at dette Maalet kann kallast Landsens Maal. Dei meiner, at det er det ”offisielle” Maalet, det som vert brukat av Styringi og Embættsmennerne elder ogso av Forfattaranne. Men det trur eg ikkje er rett. 
Det mundtlege Ordet hev altid meir aa segja enn det skriftlege, det er klaart. Det er ikkje Maalet i Bøker og ”Dokumenter”, som utgjør Landets Maal. Det er det, som høver paa Folkets Tunge i Tale og Song.
 
Naar me legg serleg Merkje til Tilstandet her hjaa oss, so maa me segja, at det ser helst noko underlegt ut. Der er mange og det av dei styrande, som ikkje vil vedgaa anna, enn at Dansken er Morsmaalet aat alt Folket. Det norske Maalet vert ikkje agtat sopass, at det kann setjast tilliks med Dansken. 
Dei vil, at det Maalet, som Mindretalet av Folket brukar, det skal hava Yvertaket yver det, som Fleirtalet brukar. Det gjeng ikkje an aa bruka norsk som offisielt Maal elder ved Eksamen paa dei ymse Skularne. Det stend t. D. i Reglementet for Eksamen artium (Studenteksamenen), at der krevest ”Besvarelse af to Opgaver i Modersmaalet”.
 
Det stend ikkje eit Ord um, at det er Dansk der er meint. Aldri eit Ord um det. 
Men soframt ein trur, at det gjeng an aa bruka Norsk, so tek ein imist. Daa gjeng det galet. Daa heiter det, at det er imot Reglementet, endaa det i dette ikkje stend eit Ord um anna enn Morsmaalet. Dette tykkjer eg er fælt underlegt, so underlegt, at eg ikkje kann fatta det. Eg forstend nok det, at der mange, som ikkje er blide paa ”Maalet”, som paa alt nasjonalt og norskt; men at dei skal hava noko aa segja no, daa me hev fenget ei folkeleg Styring i Landet, det forstend eg ikkje. Der er visseleg mange Ungdomar i Landet, som med meg er harme paa eit slikt Uføre, og som tykkjer, at det er ein Urett mot Maalet vaart. Ja, kvarein Ungdom, som elskar ”Maalet hennar Mor” er harm paa det, som ventelegt er. Lat oss endeleg faa Løyve til aa bruka vaart eiget Maal til kva me vil, likesovæl som dei, som vil bruka Dansk, fær Løyve til det.
 
Me krev ikkje, at Maalet skal tvingast inn paa nokon, men me krev, at det norske Maalet vert sett tilliks med Dansken. Soframt ikkje Styringi gjer det, so hindrar dei Maalet fraa aa veksa fritt. Daa arbeider dei imot det. Aa koma med slikt som at Eksamensnemndi ikkje forstend seg paa Maalet, nyttar ikkje lengre. Det er ingen Trollskap for dei aa læra det, um dei vil, og vil dei ikkje, ja so fær der brukast ei onnor Raad. Folk, som hev lært Gamallnorsk, kann læra Maalet so snøgt dei vil.
 
Difor lat oss faa Løyve til aa bruka Maalet vaart i eit og alt og trug oss ikkje lengre til aa bruka Dansk i vaart eiget Land.
 
n.
 

Frå Fedraheimen 20.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum