Stev.

(Av Torgeir Bjørnaraa).
 
Det stige Sukk fraa dei djupe Dalar
so stilt og løynlegt til Himlens Salar.
D’er Bod um Lengsle og Naud og Trong
og den hev stiget so mangei Gong.
 
Um Du vil lyda, so skal Du høyra
so tung ei Tone aa naa ditt Øyra,
ein Song som ljomar so hjartesaar
og som hev gjort det i Tusen Aar.
 
Det sit so mange med Harm og Graate
ved Endemaalet med knusad Baate. 

Den fagre, lyftande Ungdomsdraum
seig ned i Jordlivets ville Straum.
 
Og Engi blømer og Skogen spretter,
og Soli Gull yver Nutann’ skvetter;
men Blekki bleiknar og Blomen fell,
og Soli sig bak dei myrke Fjell.
 
So mang ei Von ned i Gravi gjenge _;
ho fangar Liv, men ho vann kje lenge.
Ho stig som Roden i Morgongry;
men løyntest atter bak Toresky.
 
Den unge Guten der fram vil stemna
og heile Verdi med Elskhug femna.
Men _ ”Fjellet stengde, og Isen skar,
og _ Plass han fekk paa ein Kyrkjegar”.
 
Og mang ein, som var paa Gaavur rike,
fær sjaa, at Lukka kann Mannen svike. 

Han byrjad’ kanskje med store Tak.
men endad’ Livet sitt som eit Vrak.
 
Ja, her er graatande tunge Stunder
og noko saart skal det jamt liggj’ unde.
Og du høyrer hjaa alt eit Drag
aa lengte fram mot ein Løysingsdag.

Frå Fedraheimen 20.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum