Tidender.

Kristiania, den 19de Januar.
 
Norske Spilstykkje i Utlandet. I Sverik hev dei paa det siste spilat Bjørnsons ”Over Evne”, og i Danmark hev dei no teket til med ”Per Gynt”. Det er Clausen, som spilad Per Gynt her for 10 Aar sidan, som spilar den Rollen der og. Sume kyter fælt av han og Stykkjet og tykkjer det er noko so fjellfriskt og norskt ved det, og synest at det norske Maalet hans tek seg so godt ut.
 
Det er underlegt med dei Danskarne og Norskdomen, dei tek det for norskt, berre dei ser ei Raudhuve og tykkjer det er grumt og gildt. Det er mangt, som kann vera norskt nok for oss sjølve so til Heimebruk, me tek det for det, som det er, um me og kann døma mangleis um det i Grunnen. Men naar det kjem til Utlandet og vert set paa som noko kavnorsk, so er ikkje me Nordmenner fullgodt tente med det.
 
Denne Per-Gynten hans Ibsen er væl god nok til aa føra fram Tankarne til Forfattaren, men han er ikkje plent ein norsk Gut, korkje i Ordelag elder Aatferd. Og um no Clausen spilar aldri so godt, so gjer han no helder Per Gynt mindre norsk enn jamvæl Ibsen hev gjort det, istadenfor at ein skulde venta det betre, naar Guten kom i Kjøt og Blod fram paa Teatret. Her er det soleis tri Umgjeringar elder Avnorskingar, fyrst er det Guten sjølv, so er det Maalet hans og sidan er det Framføringi hans Clauson, men endaa er det vesle, som er att, nok for Dansken til aa vera fjellfriskt.
 
Mordaren Henrik Janson er dødsdømd av 
Landsdomaren i Aker.
 
Drepet Kona si hev ein Handlar i Kjøbenhavn gjort. Han var eit hardt agalaust Menneskje og burtgjeven til Drykk. Kona klagad ofte til Grannarne paa han, dei vilde ho skulde melda han til Politiet, men ho sette det ut Dag for Dag, daa han lovad Bot og Betring. Mannen sagde sjølv tilslutt, at det var best, at han vart lagd inn paa Hospitalet, men fyrst vilde han setja upp eit Testament til Hjelp for ho. Men Dagarne etterpaa var han fælt ustyren, so det var ikkje anna enn Drykk og Skjemming all Dagen, han opnad ikkje Budøri ein Gong. Kona var reint ille ute, og tenkte for Aalvor til aa faa han paa Sjukehuset.
 
Laurdagsmorgonen vart ho sedd paa Garden. Men daa dat vart so stilt, gjekk ein og skulde sjaa etter, korleis det stod til. Han raakad Mannen full, og daa dei spurde, kvar Kjeringi var helst, fekk han berre Vondord.
 
Han tok Mistanke straks og nærmast seg Bui, daa han tottest sjaa ein Mannakropp liggja bakum Disken. Han torde likevæl ikkje ganga inn, daa Mannen var so galen, men melde det til Politiet. Det kom straks nokre Politimenner og trengde seg inn i Bui, under Disken laag Liket til Kona i ein stor Blodpytt, Skallen var reint sundknasad, liksom med eit Lodd elder noko.
 
Det vart Forhøyr straks, det vart upplyst, at det var Aabryskap elder Jalusi, som fraa det fyrst hadde øst Mannen upp.
 
Kvar er Kvinna _ou est la femme_ spør Franskmannen jamt, naar det er noko paa ferd, anten ein merkjer seg ut i Manndom og Ovverk, elder han sig burt i Tykkjeløysa.
 
Fyrst Aleksander i Bulgarien hev no merkt seg ut paa ein meistarleg Maate, so det straks vert spurt, kvar er Gjenta? og dei fortel den Soga, at han hadde huglagt Prinsesse Viktoria. Sonedotri aat den tyske Keisaren og Dotterdotter av Droning Viktoria. Men dei mislikad Belingi hans Ættfolket hennar, det var ikkje aa tenkja paa so høgt for ein slik ein, som berre var Fyrste i Bulgarien og derattaat ikkje sjølvstendug, men undergjeven Sultaten. Han vende heimatt, sturen og tykkjelaus. Skulde han vinna den han vilde hava, maatte han gjera Storverk, som spurdest, det var ikkje Raad for anna. Fjortan Dagar etter vart det Revolusjon, Fyrsten stelte seg i Spissen og kastad seg inn i Rørsla med Liv og Sjæl. No galdt det stort Spil, anten aa missa alt saman elder so vinna baade si Krune og sin Kjærleik.

Frå Fedraheimen 20.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum