Ein Selle.

(Del 7 av 30. Fyrste delen.)
(Framhald).
 
Det var ikkje ukjende Tankar for meg. Det var ei Tid eg høyrde dei kvar Dag, ja kvar eg foor helst, so var det ikkje anna aa høyra. Eg kunne aldri finna Grunn i desse Tankarne; fraa det fyrste baud dei meg so imot, at eg var ved aa hugsprengjast, berre eg visste, at den og den var soleis lagad. Sidan vart eg væl meir vand til det, men det gav slik ei overlag Motløyse paa Verdi, ikkje kunne eg sanna det, og ikkje kunne eg løysa Flokarne elder slengja alt ifraa meg. Men no var eg vorten annan Kar, for jamen sat eg ikkje og log av han heile Kvelden, med han sat og lagde ut um alle sine Plagur, eg kunne ikkje for det. Han fauk upp med sine Legionar imot meg og vilde vita Grunnar. Eg kom sanneleg ikkje paa nokre Grunnar, men dess meir log eg, det kom ikkje for meg ein Gong, at det var verdt aa tenkja etter, ikkje meir enn um det hadde voret ein Bukk, som eg hadde talat med, og berre eg skulde freista til og tala, so vart alt burt i Laatt, berre eg saag paa Menneskjet. Det var Sjølvmannskapen i meg, som rett braut fram og fekk Høve til aa nossa seg og njota sin eigen Vyrdnad. Denne tanke- og djevelsprengde kloke Hausen kjende eg meg so Yvermann til, at eg tottest kunna blaasa’n burt, som ein blæs burt ein Maur. Hadde han ikkje tott seg sjølv vera so overlag gild, so veit du eg hadde lotet synast Synd i han, men no totte eg berre løglegt, um eg kunne hava lætt han ihel. Han eitrad og eggjad seg upp, og englad og svor, so det braglad for Augo baade blaatt og gult og kunne daa ikkje skyna korleis eg kunne vortet heiltupp slik ein Trave. Eg var den same. For all hans Tale, alle hans Maatar aa tala paa og draga Slutningar paa, alle hans Gjerder og Bragder dei tottest no vera noko so framandt og tullutte for mine Augo, som um det var ein fraa andre Enden paa Jordi, og ikkje ein slik ein, som kom beinast ifraa Kristiania-kulturen. Det merkjelegste var, daa det kom for meg, at i Fyrrtidi hadde eg ikkje tott det var det minste avbrengjelegt ved han; og at det skulde vera noko til aa verta galen av Laatt for ein slik ein, det kunne eg aldri hava drøymt um.
 
Sistpaa domnad han av og maatte gjeva seg reint yver, ”aah”, sagde han og sukkad, ”du er det umogelegaste Menneskje eg noko Sinn hev sett”, og daa vilde han hava Seng straks.
 
Medan me heldt paa, og skulde laga oss til, kom det ein, som vilde hava Doktoren, um det var mogelegt straks, daa det var noko, som stod paa. Det var ikkje so lang Veg, so han kunne godt rekkja ikveld, og koma hit igjen; han tok difor ut straks.
 
Eg vart sitjande ved Aaren og venta til han skulde koma att.
 
Eg hadde ikkje setet langt Bilet, fyrr eg høyrde eitkvart kruslad utanfor Døri. Er han alt der, tenkte eg; men dette kruslad og krus
lad og kom aldri inn, eg gjekk stad, let upp Døri og skulde sjaa ut. Der stod eit framandt Menneskje, ein stor Rusull med Hatten i Handi. ”Bli ikkje vond Husbond”, sagde han, ”eg er ein fatik Stakar, som gjeng og bed um Hus”. Det var eit grovt haast Mæle og denne sutrande Tonen, som fylgjer Armodsmannen jamt. ”Kom inn, kom inn”, sagde eg. Daa han steig innetter Tilet, saag eg fyrst kor stygg han var, halvgraae grisne Skjeggestubbar yver heile Andlitet, eit svart ruskutt Haar. Han var tjukklagd og før, men det saag ut til aa vera meir Daudkjøt enn Senar og Segar i den store Bulen. Armarne hekk tunge og daude, som det ikkje var forleitad av Arbeid. Klædeplaggi var tullad soleis ikring han, at dei just ikkje synte fram nokon fager Lekamsform, han hadde berre nokre hysjutte Flangar sveipt ikring seg, og Skofoti hans var so vie og utsigne, at det var mest likeso mykje holutt som heilt, og det hekk uppgjønom Leggjerne nokre fillutte Laddar, Stubbar av Haarsokkar elder kva det var. ”Set deg innaat Aaren og verm deg”, sagde eg. ”Tusund Takk skal Husbond ha”, sagde han, ”eg hev gjenget i all Dag og ikkje smakad Matsaai”. Eg totte det stod slik ein Surgust utor Munnen hans, so eg kunne hava trutt det, um han hadde sagt, at han ikkje hadde smakat mat paa Fjortandagar. _ ”Likar du Rjomegraut?” spurde eg, eg hugsad paa, at eg hadde ein Fløt skvett standande. ”Herren vælsigne Husbond _ _ ”. ”Eg spør, um du likar Rjomegraut”, sagde eg kvast”. ”Ja, ja”, svarad han. So gav eg ’n fyrst ei Kakeskive og ein Dram Konjak, som eg hadde gøymt undan for Doktoren. Aa som han aat. So stappad eg i gildaste Pipa mi aat han. Han vart sitjande som klumsad og sagde ikkje eit Ord. Augo paa ’n hadde eg ikkje set fyrr, det var som um det ikkje var Augo paa han, kalde og glanslause og med dei store Augneloki nedslepte; men no tok dei til aa dragast upp, og Augo vart so store og han kastad dei ikring seg i Stova baade noko skygt og villt, og fylgde meg med Undring kvar eg snudde meg. Men daa eg kom og sette paa Grautgryta med god feit Fløte, daa tok han til aa graata.
 
Eg turvte ikkje spyrja um kva han var ifraa, han fortalde sjølv. Eg fekk mest ikkje Ord for meg.
 
Han hadde faret lenge og raklat ikring og spurtt etter Arbeid, men ingen vilde hava han. Han hadde setet paa Slaveriet i nokre Aar maavita, og kvar han kom, stokk Folk ifraa han, all Stad so talad Folk um dette Mordet i Utbygderne som ikkje var uppdagat, og var so fælne, at dei negtad han alle Ting, so det var snaudt han fekk Tak yver Hovudet. ”Aa eg min arme Krok”, sagde han, ”nei aldri kunne eg drøyma um, at eg skulde koma til slike Folk ikveld, aa Gud vælsigne Husbond, men han hev ikkje vist kva Slag Kar eg var”.
 
Du er ikkje den verste du, meinte eg. Men daa fløymde det yver med Vælsigningar yver Husbond, so det ingen Ende tok, og han tok meg i Handi og riste meg, klappad meg paa Oksli og det vantad berre, at han skulde hava kyst meg, totte eg, so nærsøkjen som han var. ”Teg deg, teg deg din Stakar”, sagde eg. ”Aa ja, aa ja, eg er ein Stakar eg”, sagde han, ”eg hev nok gjort meir enn det eg hev vortet straffad for; berre Folk viste det, so vilde ingen hava meg under Tak, anna reka meg ifraa seg som eit villt Dyr”. ”Det trur eg ikkje”. ”Aa jau, aa jau _ og ’ det er det som ingen veit, som gjer meg saarast, og som hev voret Ulukka mi”. Han var ikkje hugad til aa fortelja, men leikad att og fram og ordad um, at det var so stygt, at det aldri kunne nemnast. Men endeleg maatte det ut lel.  Stygt var det, fælt stygt og, so det heiltupp gruste i meg, men eg kann daa minnast, at eg hev høyrt gjetet endaa styggare au, og det sagde eg han, at han var ikkje den verste endaa. _ Nei det kunne eg daa ikkje meina, og so fløymde det iveg att med Vælsigningar og han vilde heiltupp umarma meg, det var med Naud eg slapp ifraa. Men daa var og Grauten ferdug, eg auste upp, breidde ein kvit Duk paa Bordet, slog i ein Dram og fekk han innaat.
 
I det same kjem Doktaren inngjenom Døri, vert han sedd imot Bordet og gaar dette stygge Menneskjet.
 
”F _”, segjer han. ”Nei det er ikkje han detta”, segjer eg, ”det er ingen av Fylgjet ditt, det er ein bra Kar dette”.
 
Men han fekk ingen Graut Doktoran, den hin aat upp alt saman.
 
 

Frå Fedraheimen 30.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum