[Tidender.] Fraa Bygland.

Ein maa tenkja seg mest, kva stor Tanke ein vil, so rasar han fyrst ein Tur paa andre Kantar av Landet, fyrr han rekk oss. Det er vel paa same Maaten med dette som med dei store Tankarne, som kjem upp i Utlandi, dei gjeng fyrst der eit Bil, fyrr dei rekk Norig. Det kann vel og koma mykje av di, at me her i Dalen er seinare til aa skyna, kva som rører seg i Verdi. Men at me og fær Smaken av Rørslurne, um det gjeng seint, det hev me meir enn nok av Døme paa.
 
Eg skal nemna Avhaldssaki. Ho er nyleg komi. Dei hev paa andre Kantar dundrat lengje med ho, og ho hev havt ymis Framgang. No hev me og fenget eit heilt Leven. Møte paa Møte hev vortet haldne, og det syner jamvel inkje litet att. Eg kann berre nemna, at det fyrr var Skikk, at kvar Bonde bryggjad umlag ei Tunne Øl til Joli. Det var daa Skaaling og Drikking og Leven heile Joli. No hev daa Folk skynat, at dette var kje rette Maaten aa halda Jol paa. Det er ein stor Del, som aldri bryggjar no, og med andre er det fælt lite. Nokre av dei verste Drikkaranne hev vortet Totalistar, liksom det helder ikkje er so faa andre, som hev sagt Alkoholen farvel. Ved eit Møte vart det i ei Bygd innmeldt 20, og det tykkjest koma meir og meir inn i Folks Tankar, at Brennevinet bør jagast ut or Landet. Eg skuldar aa segja, at her er altfor mykje Drikking endaa, serleg blant Ungdomen, og Folk maa ikkje slaa seg til Ro med den Tanke, at det no er arbeidt nok, at no hev me det so godt. Nei Arbeidet maa haldast paa med, Krigen imot Alkoholen maa verta sterkare etterkvart, som Synet opnar seg for den store Skade, han fører med seg.
 
Det er no paa Tale aa faa skipat til eit Avhaldsselskap, som skal umfatta heile Dalen (Bygland og Valle). Prest Gullichsen hev gjort det fyrste Stiget, og for det skal han hava Takk.
 
A. L. i (Kr. Stiftsav.).
 

Frå Fedraheimen 03.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum