[Tidender.] Fraa Sagatun.

Paa Folkemøtet paa Sagatun den 22de og 23de januar var det so mykje Folk, som det paa nokon Maate var Rom aat paa den store Skulesalen, og millom dei var det au mange, som hadde komet langvegjes fraa for aa høyra, og eg meiner au, at det er verdt aa reisa ein Stubb fer aa faa vera med paa eit slikt Møte; det aukar Motet, styrkjer Kjærleiken og gjev ein nye Kræfter til aa vera med i Kampen for det, som er stort og godt og fagert i Fedralandet, gjev ein nytt Mot til aa vera med i Framstigsarbeidet, og eg skulde regtig ynskje, at det maatte verta mykje av slike Møte rundt um i Landet, det vilde gjera berre bra. No daa det er so mange Storsaker uppe, er det godt, ja naudturvelegt, at Folket gjenom slike Møte fær Høve til aa setja seg litt inn i desse, daa dei seinare gjenom Vali skal vera med aa avgjera dei.
 
Blandt dei, som var med paa Møtet, skal eg nemna den svenske Forfattarinna Fru Anne Charlotte Edgren, som no ei Tid hev voret ved Sagatun og Vonheim for aa setja seg inn i, korleids dei norske Folekhøgskular er, for sidan, _ so vidt eg veit, _ aa skriva um dei i ei Bok. Ho var eit stort, staut og vakkert Kvende.
 
Dei, som heldt Fyredrag paa møtet var: O. Arvesen, V. Ullmann og L. M. Bentsen. Baade fyrste Eftan og heile den andre Dagen var det etter Fyredragi Ordskifte, og dei som var med i desse, var utanom Arvesen, Ullmann og Bentsen, Billæthoggar Borch, Byskrivar Voss, Fru Edgren, Bladstyrar Ramtvedt og fleire. Dei Saker, dei talad um var: kyrkjeleg Friheit, Røysterett aat Kvendi og Pensjonsgreidurne og ei betre Ordning med Fatikstellet.
 
Bladstyrar Romtvedts Talar likad eg godt, kanskje au fordi dei var paa Landsmaal, det var so heimlegt, so vakkert aa høyra, totte eg.
 
Paa Skulen her er det i Vetter 26 Gutar.
 
Ein elder tvo Kveldar i Vika hev me Samtalemøte, og me ordskiftest daa um dei Spursmaal, som er sterkast uppe i Tidi sosom: Røysteretten, Kvendesaki, Fredssaki, Skjotarsaki, Husmannssaki, o. s. b. Ein Gong fyre Jol hadde me au Maalsaki, og me vart daa mot ei stemme samde um eit Vedtak, um at me sluttad oss til Maalarbeidet.
 
Um Dykk vil, Hr. Bladstyrar, skal eg kannhenda sidan ein Gong skriva litt i Fedraheimen um Skulen.
 
Den 31 _1 _86.
 
M. T. . . . . . . . . . n
 

Frå Fedraheimen 03.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum