Baron von Munchhausen¹) fortel.

(Fraa Tysk ved K. S.).

Eg hadde gjenget ut til aa prøva ei ny Flintebyrsa. Nett som eg daa hadde skotet burt dei tvo tri Hagli eg aatte, flaug det upp ein Flokk Høns. Gjev eg kunne sjaa nokre av dei paa Bordet mitt til Kvelds! ynskte eg, og fekk med det same eit Hugskot, som de, mine Herrar, i Naudi kunna bruka paa mitt Ord. Strakst eg hadde seet, kvar Hønsi sette seg, ladde eg snøgt Byrsa mi, kvesste Ladteinen i den øvre Enden, so godt eg i Farten kunne, og sette han i Byrsa istadenfyre Hagl. So gjekk eg paa Hønsi, klemde av nett som dei flaug upp, og fekk det Nøgje aa sjaa, at Ladteinen min smaatt um Senn seig ned eit Stykkje burte med sjau Høns paa, som nog undrade seg paa, at dei so tidleg vart radade paa Spitet. Som sagt, ein lyt vita aa hjelpa seg fram i Verdi, skal du vita.

Ein annan Gong kom eg yver ein forunderleg svart Rev i ein stor Skog i Rusland. 
Det vilde voret Ynk og Skade aa bera Hol gjenom hans kostsame Pels med eit Kule- elder Haglskot. Hr. Mikkel Rev stod tett attmed eit Tre. Som ein Vind drog eg Kula or Laupet, sette so ein svær Nagle istaden, brende av og raakade so rart, at eg neglde Rova hans fast til Treet. So gjekk eg roleg ned til honom, tok Kniven min og skar ein Kross-Skurd yver Andlitet. So treiv eg Sviva mi og so dengde eg han so snodigt ut or den væne Pelsen hans, at det var reint ei Lyst og eit Under aa sjaa.

Me umlægrade ein By - eg minnest ikkje Namnet - og Generalen skulde plent hava Greida paa, korleis det stod til i Festningi. Det tottest vera fælt so vondt, ja mesta umogeleg aa naa inn gjenom alle Forpostar, Akter og Festningsverk. Helder ikkje var der nokon dugande Kar aa taka til, som ein kunne venta vilde utføra nokot heppelegt. Eg som kanskje er hosta rask i Mot og hugram i Tenesta, stellte meg attmed ei av dei største Kanonarne, som nettupp vart avbrend mot Festningi og hoppade som ein Vind upp paa Kula i den tanken, at ho skulde bera meg inn i Festningi. Men daa eg hadde ridet halvvegs gjenom Lufti, vart eg helder fælen fyre ymse Ting. Hm! tenkte eg, inn kjem du no vel, men ut atter? Og korleides kann det ganga deg i Festningi. Dei vil strakst kanna deg fyre ein Spæjar og hengja deg i nærmaste Reipet. Ei slik Æra vilde eg vel helst beda meg undan.

Etter desse og deslike Funderingar tok eg ei snøgg Avgjerd, og nett som ei Kanonkula fraa Festningi flaug framum meg til vaart Læger, hoppad eg fraa mi Kula burtpaa hi og kom hell og halden atter til vaare eigne, men vistnog med Ærendet ugjort.

Hesten min var likso snar og lett til aa byksa som eg sjølv. Korkje Veitor elder Skigardar hindrade meg fraa aa rida beinaste Vegen. Eingong sette eg etter ein Hare, som laup tvert yver Aalmannvegen. Ei stor Wiens Vogn tvo væne Fruvur i foor nett framum midt millom meg og Haren. Grahesten min bykste beint gjenom dei opne Vindaugo i Vogni so lett, at han aldri snertade og so snøgt, at eg snaudt fekk Tid til aa struka Hatton av og beda Fruvorne um naadig Tilgjeving fyre eg tok meg Lov til slikt.

Ein annan Gong vilde eg setja yver eit Søyledy, som eg i Fyrstningi ikkje totte var no fælt breidt. Men daa eg i Hoppet var midt yver Dyet, saag eg det var Uraad aa naa yver og svivande i Lufti snudde eg difyre um der eg var komen ifraa til aa taka eit større Renn, likevel hoppade eg for stutt andre Gongen ogso og datt i til Halsen ikkje langt ifraa Kanten av Dyet. Her hadde eg tvillaust druknat, um ikkje min eigen sterke Arm hadde trivet meg i min eigen Haarlugg og i Hesten, som eg heldt fast millom Beinom, og hivet meg upp atter.

Endaa eg var so handfast, gjæv og klok og Hesten min so snøgg og lidug og sterk, so gjekk det daa ikkje alstødt, som eg ynskte, i Ufreden med Turken. Eg hadde endaa den Uheppa aa verta kringsett og fangad med Ovfjølde. Ja, det som verre var, eg vart seld som Træl, so som Turken plagar fara med Fangom sine.

I detta audmjuke Standet var ikkje mitt Dagsverk so hardt og surt, som det var underlegt og keidt. Eg maatte gjæta Sultanens Biflugur og kvar Morgon driva deim ut paa Beite. Ein Kveld saknad eg ei Bia; men vart snart var ved at tvo Bjørnar hadde teket paa ho og vilde riva ho sund til aa faa fat paa Honingen. Daa eg no ikkje hadde nokot annat Vaapen i Hondom enn mi Sylvøks, som er Kjennemerke paa Sultanens Hagemenn elder Jordarbeidarar, so kastade eg ho etter baade Røvaranne til aa jaga deim vek. Eg friade ogso verkeleg den arme Bia dermed; men til all Uheppa kom eg til aa hiva so hardt og so ubeint, at Øksi flaug ende til Vedrs og steig høgre og høgre til dess ho datt ned paa Maanen. Kor skulde eg no naa ho atter?

Var det Stige paa Jordi til aa henta ho ned med?

Daa sveiv det meg, at Baunorna i Turkland voks sofælt fort upp til ei reint utruleg Høgd. Paa fljugande Flekken sette eg ei slik Bauna, som ogso voks upp og vatt seg av seg sjølv kring eit av Hornom paa Maanen. So kleiv eg trygt uppetter til Maanen, som eg ogso naadde. Det var eit helder mødesamt Verk aa finna mi Sylvøks paa ein Stad, der alle andre Ting ogso glitrade som Sylv. Men endeleg fann eg ho daa paa ein Haug med Agner og Hakkeis.

So vilde eg snu attende, men hu! - Solhiten hadde dessimillom turkat upp Bauna mi, so det var reint umogeleg aa stiga ned i henne. 
Kvat skulde eg no gjera? - Eg flettade meg eit Tog av Hakkels so langt eg paa nokon Maate kunne faa det. Detta feste eg i eit av Maanehornom og firade meg nedyver. Med høgre Handi heldt eg meg fast og med vinstre førde eg Øksi. Daa eg no hadde skridet eit Stykkje, hogg eg av Togstykkjet yver meg, som eg ikkje lenger turvte, og knytte det til Toget atter’ under meg: paa den Maaten naadde eg daa eit Stykkje lenger ned. Denne Avhoggingi og Tilknytingi tok eg uppatter Gong etter Gong; men det gjorde Toget so mykjet klenare, at det kom til aa føra meg nettupp paa Sultanens Gardar.

Eg kunne vel enno vera so eit Par Mil uppe i Skyom, daa Toget mitt rauk sund og eg datt ned til Guds grøne Jord med slik ei Kraft, at eg vart reint i Svime av det. Ved si Tyngd og Fart slog Kroppen min eit Hol inn i Jordi minst 9 Famner djupt. Eg kom vistnog til meg atter, men viste slett ikkje, korleides eg skulde koma ut atter. Men kvat finn ein ikkje paa i Naudi? Neglarne mine hadde grott i 4 Aar og med deim grov eg meg liksom ei Tropp og so steig eg heppen upp i Dagen med so gjort.

Strakst etterpaa gjorde Russen Fred med Turken, og eg vart daa saman med andre Krigsfangar send attende til St. Petersburg. Men eg tok daa Avskil og foor fraa Russland paa den Tidi, daa Riksumstøyten stod paa - fyre ei fyrrtio Aar sidan, i di at Keisaren i Vogga saman med Moer si og Faer sin, Hertugen av Braunschweig og Feldtmarskalken av Münnich og mange andre vart sende til Sibiria. Det var daa her var slik ein ovlege streng Vetter yver heile Europa, at Soli maa hava skadefroset liksom, og av di heve ho voret sjukvori til den Dag i Dag. Eg fekk difyre paa Heimreisi til Fedralandet mitt kjenna mykjet større Tygslor, enn eg hadde røynt paa Burtreisi til Russland.

Avdi Hesten min vart verande etter i Turkland, laut eg fara med Posten. So hende det seg, at me kom til ein trong hol Veg millom haage Tornegjerde. Eg minte daa Postsveinen um aa blaasa i Hornet, so me ikkje skulde møta ein annan Hest og køyra oss fast. Sveinen min sette i og bles av Livsens Krafter i Hornet, men alt hans Stræv var faafengt; ikkje ein einaste Tone kom ut - nokot som var oss reint ei Gaata, ja endaa ei verkeleg Ulukka, med di at me snart møtte ei Vogn, som me no paa ingen Maate kunde koma framum.

Eg sprang likavel or Vogni mi og sprette fyrst Hestarne ifraa. So tok eg Firehjulsvogni med all Paragasen paa Herdi og hoppade dermed yver Kanten og Gjerdet, umlag 9 Fot langt, burt paa Marki - eit Verk, som slett ikkje var nokon Smaating, naar ein tenkjer paa den tunge Vogni. So tok eg ein Hest under kvar Arm i Holvegen og bykste yver med deim og. So køyrde hi Vogni framum. Daa gjorde eg tvau Byks yver Holvegen - eit med Vogni og eit med Hestom - sprette fyre og naadde heppeleg i Herbyrge.

Men endaa skulde eg fortalt, at ein av Hestom, som var fælt ginsk og ikkje yver 4 Aar gamall, vilde gjera Fantestykkje; for daa eg vilde gjera det andre Bykset yver Gjerdet, so let han meg skyna av Snukking og Trumbelering, at han mislikade den sterke Farten. Men detta hindrade eg honom i dermed, at eg stakk Bakbeini i Trøyelumma. I Herbyrget kvilde me oss etter Æventyret vaart. Postsveinen hengde Hornet paa ein Nagl attmed Gruva og eg sette meg beint imot honom.

Høyre no, de Herrar, kvat som hende! Med ein Gong gjekk det: Fereng! Fereng, teng, teng! Me fekk store Augo og fann no med ein Gong Grunnen til at Postsveinen ikkje hadde kunnat blaasa Hornet. Tonarne dei var fastfrosne i Hornet og kom no ut klaare og reine, etter som dei tidnade, til ikkje liti Æra fyre Postkøyraren, for det ærlege Skinn heldt oss med Moro ei tolleg Stund med dei finaste Tonespil utan aa hava Munnen til Hornet. Der høyrde me den prøysiske Mars - Utan Song og utan Vin - Daa eg med mi Bleikning - med mange andre Stykkje - ja endaa Kveldsongen: No kvila alle Skogar. - Med detta siste ende det morosame Spilet og mi Ferdasoga lika eins.

 

¹) Friherre Karl von Munchhausen var fødd 1720 i Hanover, gjekk i Ruslands Tenesta, var med i eit Par Ufredsferder mot Turken og døydde 1797. - Namngjeten som Skrjonemakar.


Frå Fedraheimen 03.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum