Skidlaupar-song.

(Tone: Her er det Land, som hugar meg best).
 
Upp, utor varme Kraai di fram,
ja upp alle raske Gutar!
Lokkande ligg i snjokvite Ham,
no Lidi med Skog og Nutar.

Kulden han knirkar kvikt under Meid,
Lufti so lett um Haug og um Heid;
og alt som du ser, so friskleitt seg ter _
Hurra fyr den norske Vetter!
 
Rann du sant av Nordmanna Rot,
so upp, og kom fram med Skidom!
Lat oss faa sjaa, du stød er paa Fot
og lidug i bratte Lidom.
Driver du fram som Rein og som Vind,
snor det deg kvast um Nase og Kinn,
med Blodet det brenn, / kvar Sege er spend _
Hurra fyr den friske Ferdi!
 
Livet hev her sitt likaste Lag,
det leikar i Braut og Bakkar.
Hukrar du slik ein glitrande Dag,
so er du no rett ein Stakkar.
Omnskroken gjer deg kløyen og bleik,
Kroppen og Hugen visen og veik.
Men slikt bles vel av / i Snjo og i Kav _
Hurra fyr dei norske Bakkar!
 
Fell ogso Bakken stundom for bratt.
og braadleg deg ende-vende _
hei! eit Hyrra fyr honom som datt,
Hurra fyre den som stender!
Snjoen han stend som Skodda, ja-ja,
no gjeng det kvikt, og no gjeng det bra;
det blømer paa Kinn, / det spretter i Sinn _
Hurra fyre gamle Noreg!
 
Matias Skard.
 

Frå Fedraheimen 03.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum