Tidender.

Kristiania, den 2dre Februar.
 
Stortinget kom ihop igaar Kl. 10. Steen paatek seg aa vera Præsident til dei kunne faa velja nokon retteleg. Tingmennerne vart ropad upp, det var eit Par, som ikkje var framkomne; i Staden for Hansen-Fosnæs fraa Vestfold, som hev gjevet upp Buet sitt, møtte Varamannen Konsul Christiansen.
 
So valde dei Fullmagtsnemnd: Lindstøl 102 R., Aarflot 94, Bang 92, Steen 79, S. Nielsen 79, Quam 77, W. S. Dahl 76, Thomesen 73, Glestad 66 Røyster.
 
 
Gladstone kjem til aa stiga inn i Regjeringi att i England for tridje Gongen, er det likt til, endaa han er 76 Aar. Høgrestyringi vart ikkje gamal. Salisbury vart fellt her i fyrre Vika, daa han ikkje fekk Fleirtalet av Tinget med seg. Det bar soleis til, at med dei heldt paa med Adressedebatten, kom det ein og klagad paa, at Regjeringi ikkje hadde komet med noko Framlegg, som kunne letta Bønderne smaae Forpaktningar.
 
Denne Klandringi vart haldi jamgod med eit Mistillitsvotum, og daa ar det, at Gladstone tok paa seg Andsvaret for Fylgjurne. Alle Vener av Ministeriet vart uppmanad til aa samla seg, og Spursmaalet vart stellt so: anten for elder imot Gladstones Reformplaner med Irland. Endskapen vart, at Gladstone fekk eit Fleirtal paa 79 Mann med seg. Og daa vart det Bøn til han um aa freista dana eit nytt Ministerium, det held han paa med no og det ser ut til, at det gjeng godt for han.
 
 
Nils Skaar, Styraren av Folkehøgskulen i Randesund, døydde igaarkveld Klokka 8, skriv Kristianssands St. den 11te Januar. Han hev legjet klein noko yver 8 Dagar av Lungesott. Um Maandagen saag Doktaren, at det ikkje lenger var Livsvon. Skaar fekk vita det; han tok det rolegt og vænt. Han totte, det var underlegt, Vaarherre vilde taka honom no, han var ung og stod i eit Livsarbeid, som han hadde lagt al sin Hug og Kraft i; men Herrens Vegjer var dei beste, og han trudde so visst aa verta salig for Frelsarens Skuld. Han bad, dei ikkje vilde sleppa det Skulearbeidet, han hadde sett i gang. Sjukdomen var titt hard, fyrst det kjøvde paa, so han kunne ikkje faa pusta. Men han var so tolmodig, og han sloknad fredelegt og stilt.
 
Nils Skaar var andre Sonen til gamle Stortingsmann Skaar fraa Hardanger; den eldste Bror hans er Høgskulelærar og Redaktør i Hardanger, han møter som nyvald Tingmann iaar. Farbroren er Bisp no. Det er ei gaaverik og viljesterk Ætt. Denne Nils’en gjekk gjenom Asker Seminar og vart so Skulelærar heime. Men han lengtad etter aa læra meir. So tok han til Folkehøgskulen og var Læregut og sidan Medlærar hjaa Ullmann. Her likad han seg. Ullmann sagde, at han aldri hadde havt nokon Medlærar, som han hadde voret so glad i aa arbeida i hop med, og som det var so tungt aa skiljast fraa. Han var plent, som ein god Ungdomslærar skulde vera; venesæl, rik paa Kunnskap, ordsnaal og tøyg i Grunnsetningar. So sagde Ullmann, dei hadde voret ihop i fleire Aar.
 
Nils Skaar var ein stillfarande og djup Mann. Han rakk ikkje aa verta kjend vidt ikring, men dei, som stod honom nær, heldt mykje av han. Han var 29 Aar, no daa han døydde, og det liver etter honom eit vænt Ettermæle.
 
 
Arbeidsskule. Soframt Stortinget gjev Pengar, vil det verta tvo Kursus ved Arbeidsskulen paa Halden (Fredrikshald), det eine fraa 24de Mai til 6te Juli, det andre fraa 7de Juli til 17de August. Dei fær helst koma med, som hev Von um aa nytta det dei lærer som Husflidslærarar elder sovore. Dei som vert med, vil faa Hjelp av Statskassa, 1 kr. Dagen forutan til Reiseutgifter. For Undervisning, Vyrkje og Ambod betalar ein ingen Ting, men det ein gjer, skal tilhøyra Skulen. Søknad um aa vera med, skal stilast til Kyrkjedepartementet og sendast aat ”Arbeidsskolens Bestyrelse Fredrikhald” fyrr den 20de Mars.
 
 
Folkehøgskulen i Sogndal hev paa det nye Aaret 86 Elevar.
 
 
Skirennet vart det ikkje noko av, korkje um Sundagen elder Maandagen. Det kom Linne som vanleg i Marknadsvika. Det er sett ut 8 Dagar for det fyrste.
 
 
Ein Prestmann i Bayern var ein Dag ute og gjekk; so møtte han eit Kvendfolk, som spurde, um han vilde segja henne, kor mange Klokka var. Ja, Presten tok fram Gulluret sitt, han, og skulde sjaa, men med det same nappad ho det fraa honom og flaug avstad inn i Skogen med det. Strakst etter kom det ein Mann gangande med ei stor Korg paa Armen, og honom fortalde daa Presten det, som var hendt. Mannen baud seg til aa finna Tjoven, han, og Presten skulde daa passa paa den store Korgi hans solenge. Det gjekk ein Kvarttime, og det gjekk tvo, men Presten saag ikkje meir til korkje Tjuven elder honom, som skulde leita henne upp. Tilslutt vilde han sjaa etter, kva det var i den store Korgi, og fann daa _ eit litet Barn. Dei hadde lurat honom godt den Gongen.
 
(Nora).
 

Frå Fedraheimen 03.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum