[Tidender.] Kva Folk gjeng i Kyrkja for.

Det var ein varm, fager Pinsedag, Prosten skulle til ei Annekskyrkje. Medhjelparen sat med Sida og køyrde.
 
Det var ein gudeleg Mann, det, og daa han saag at so mange skulde til Kyrkja sagde han til Prosten: ”Er det ikkje vænt, du aa sjaa at so mange vil søkja Guds Hus?” Men Prosten meinte det var no ikkje for aa høyra Gudsordet, at alle gjekk, ”no skal du høyra”, sagde han og stansad Hesten.
 
”Goddag, Olav!”
 
”Goddag, Far og gledeleg Høgtid, regtig eit velsignad Grover i dag.”
 
”So skal du til Kyrkje i dag, Olav?”
 
”Aa ja, her er so godt Ver, og so hev eg ei gild ”Haustbere” eg vil selje, og so hev eg høyrt, at Villum i Aasen skal kaupa seg ei slik, so so vil eg prøva treffa han med Kyrkja i dag.
 
”Haa haa! Hyp, hyp!”
 
”Goddag, Nils”.
 
”Aa, goddag goddag, Far, fælande godt Ver i dag.”
 
”So, du vil til Kyrkja i dag.”
 
”Ja det var no so, ja. Eg hev slik overs gode Ljaa eg skal selja iaar. Og so lagde eg nokre ned paa Sande som han Lars skulde selja for meg. No vilde eg treffa han og høyra koss det gjeng. Eg er kroksen um Pengar du.”
 
”Ja, ja, Nils! Farvel!”
 
Og dei køyrde avgare.
 
Uppe i Bakken stultrad der ein gamal Mann, som det saag ut til hadde vondt for kvart Stiget. Han maatte daa endeleg reisa for aa høyra Guds Ord, meinte Medhjelparen.
 
”Goddag, Ola Berge!”
 
”Goddag!”
 
Han var gretten Ola, han sagde ikkje eingong, at det var godt Ver.
”Hev du vondt i Foten, Ola?”
 
”Er det ikkje desse F.....s Støvlarne daa, dei er so harde som Horn, eg trur dei makar Tæarne av meg.”
 
”Og endaa gjeng du den lange Vegen til Kyrkja?”
 
”Ja, var det ikkje eit skarve Ærend og, for eg hev kaupt nokre _
 
”Hyp!” _ Presten blinka til Medhjelparen, som saag berre flat ut. So slog dei paa Hesten.
 
Gutarne skvat av Vegen naar dei saag Presteskjussen koma, han maatte ikkje sjaa, at dei gjekk og heldt Gjenturne kringum Livet, hell slikt noko.
 

Frå Fedraheimen 06.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum