[Tidender.] Loger fyr Sparebanken i Snaasen.

 
§ 1.
 
Maalet fyr denne sparebank er aa gjera pengar, som ikkje brukast, frugtberande og aa kunna gjeva næringsdrivande folk laan paa rimelege vilkor.
 
 
§ 2.
 
For aa naa dette maal tek banken mot innskot som daa ikkje lyt vera mindre enn 50 _ femti _ øyror. Av desse innskot svarar banken rentor, men ikkje fyr mindre enn 1 _ ei _ krona, som innanfyr dei vedtekne grensor til kvar tid av styret vert fastsett og kunngjort. Dei innskotne pengar laanast ut etter vedtak av styret so billegt, som det gjeng an fyr banken si skuld.
 
 
§ 3.
 
Innskot mottakast til tid og stad, som styret fastsett Kvar, som gjerer innskot, fær ei kontrabok, som er forsynd med det nummer, han heve i rekneskapsbøkerna aat sparebanken. I kontraboki vert innført kvart innskot, medan den, som gjerer innskotet elder fullmegtigen hans, er tilstadar.
 
 
§ 4.
 
Kvar, som gjer innskot i banken, lyt gjeva upp rette namnet paa honom, som innskotet er gjort fyr, minder svarar ikkje banken rentor fyr innskotet. Han, som pengarne er innsette fyr, vert av banken halden fyr eigaren aat deim og kann raada med deim etter fyreskrifti i desse loger.
 

Frå Fedraheimen 06.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum