Ein Selle.

(Del 8 av 30. Fyrste delen.)
(Framhald).
 
Medan den eine hadde det annsamt med aa vælsigna og den andre med aa forbanna, hadde eg det annsamt med aa laga til nattelægje aat Kararne. So lagde eg den, som sist var komen, uppi Sengi i reine, væne Klæde, Lækjaren ruskad eg i hop nokre gamle Plagg aat innmed Aaren, og sjølv slengde eg meg ned einkvar Staden. Den hin Karen somnad snøgt, men Lækjaren høyrde eg laag og mullad og sullad med nokre Smaadjevlar og sovore, til det leid langt paa Natt.
 
Han reis tidleg upp, og eg lagad til kaffe, medan den hin laag og sov so innerleg godt. Me tvo vart sitjande og røda utetter. Han var so mjuk vorten, at det var ikkje som det var same Karen.
 
_ Du er eit lukkelegt Menneskje _ sagde han.
 
_ Ja _ meinte eg _ eg veit aa njota Livet.
 
Daa firrad han upp: _ Det er so argsamt aa høyra deg tala soso, du som væl ikkje veit kva det er aa liva.
 
_ Det er væl du, som ikkje veit det _ meinte eg _ no hev eg granskat det ut og inn og veit, at det er verdt aa liva.
 
_ Livet er bra nok det _ tok han i att _ berre ein kunne faa det fram, som det er, so sjølve Naturen fekk bruka alle sine Krefter; men kva kann det koma utav det, so lenge ein skal ganga og tøygja seg etter nokre idiotiske reglar, som gamall Religion og Moral stramar ein inn i!
 
_ Eg undrast paa, kva det er du kallar for Natur? eitkvart Ukynde, som ikkje er medgjevet Dyri og langt minder Menneski. Um dei no og ugjerest uti Storbyarne og kallar det Natur, soleis som dei er lagad, so skal ein væl ikkje segja, at sjukt er friskt for det, veit eg. All denne ”Leidenschaft” i du rør um, det er daa visst ikkje noko Norskt, og ikkje noko menneskjelegt elder, um du so vil, men ein Sjukdom, som fylgjer med ein Kultur, som ikkje er av rette Slaget. Rope berre De paa det, som de kallar for Natur, og kalle ”Lidenskaber” fram i Folke drive paa og tyne ut fyrst Dykk sjølve og so andre, det skal ikkje nytta Dykk det Slag lel paa Lengdi. Naturen skal sigra, men ikkje De, og ikkje det De kallar for Natur. For det friske skal vinna yver det sjuke og det sterke yver det veike, og frisk Natur det kjem ut paa det same som Moral det.
 
_ Daa vart det keidsamt aa liva, ein kom til aa stura seg ihel.
 
_ Tykkjer du, at Verdi er so morosam du daa, som er sur jamt?
 
_ Ein fær taka ho som ho er og vera um seg og plukka dei Frukter, ein kann faa Tak paa. Solenge dette idiotiske Samfundet vaart stengjer Dørerne for Folk, som vil liva, so fær ein stela seg fram, det er ikkje Raad for anna. Det er ikkje med det sælaste endeleg, men so veit ein det med seg, at ein hev ikkje Skuldi sjølv. Slepp berre laust og lat det dansa iveg som det vil, so lagar det seg best, det er betre det er noko villstyrt enn at det skal dovna burt i Tykkjeløysa med alti hop. Livet vaart er ikkje lenger, enn at ein maa nytta alle Midlar, som kann gjera det rikt og gjeva det Innhald. Kvifor i all Verdi skal ein daa endeleg vera lagad annleis uppi dette Norig, enn ute i Evropa; me er daa arme nok fyrr paa Livsgledur. Og um du no so preikad aldri so lenge, so vert no Menneski likevæl, som dei ein Gong er.
 
 

Frå Fedraheimen 06.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum