Litt um Arbeid.

Det vert klagat yver Husmenn og Tenarar. Dei vil lite arbeida; men stor Bitaling vil dei hava. Det er Arbeidsfolket, som set Vilkor for Husbonden no. Vil du ikkje gjeva dei so og so stor Betaling, fær du vera dei forutan. Endaa er det snaudt nok dei vil arbeida. Dei reiser helder aat Byom elder aat Amerika og stræ-var meir for mindre Løn. So var det ikkje fyrr; daa var Folk glade, dei fekk Arbeid, um ikkje Betalingi var so stor. Og dei totte det var større Ære, di meir dei kunne bruka seg, og kappast um, kven som kunne gjera største Arbeidet. No er dei like sæle, anten dei tener noko elder ikkje _ det er det same, tenkjer dei: Kassa fær betala, naar dei trenger. So er Ærekjensla hjaa Arbeidsfolke no.
 
I sovorne Ordelag kann ein tidt høyra Bønderne klagar yver Husmennerne og Tenaranne sine. Og det er ilt aa segja, at der kann vera nokor Sanning i det. Ei sovori Klage er ikkje stødt utan Grunn.
 
Det vert klagat yver, at det gjeng attende med Bonden. Skal det halda paa so, vil han snart verta tynt, vert det sagt. Og det er sant.
 
Men det nyttar ikkje berre sjaa Bresten, naar ein ikkje veit noko Botevon for honom. 
Det er eit gamalt Ordtøkje: Som Husbonden fær, fylgjer Sveinarne etter _ og tru det ikkje hev gjenget just so i Arbeidarvegen og?
 
Kroppsarbeid hev ikkje høvt aat ”betre Folk” skal vera. Det er for grovt og ufjelgslegt aat dei. Men simplare Folk liksom dei er passe til det.
 
No, det er ikkje det eg meiner, at sovore Arbeid, som t. D. Mykakøyring og Veitegraving, skulde vera uhøvelegt for nokon bra Mann. 
Men sjaa, um det er vyrdt, som det skal.
 
Ja, ein kann no tala store Ord um Arbeidsmannen og hans Gjerd; men i Røyndi vert det meint so lite med det. _ Elder er det ikkje so, at dei, som ikkje er ”hardt nøydde til aa taka i med Nevarne”, dei dreg seg burt fraa Arbeidet? Er det ein Bondeson, som ”hev Raad til det”, lyt han studera og verta Embætsmann, og det er væl mykje maklegare det enn aa arbeida paa Garden aat Far sin. Elder han lyt koma inn paa eit Kantor, _ elder han fær taka Garden etter Far sin og styra den paa beste Maaten; men arbeida vidare vil han ikkje helder.
 
Men me hev ikkje Raad til aa hava det paa den Maaten. Det er ikkje anna enn Jordarbeid, som kann berga oss. Difor er det ikkje aa undrast yver, at det gjeng attende med Gardbrukaranne, naar Jordarbeidet er i Vanagt.
 
Helder ikkje er det underlegt, at Arbeidsfolket fær liten hug til aa arbeida, nær dei ser, at deira Stand og Gjerd ikkje er vyrd, som den skulde.
 
So reiser daa ei stor Mengd av den beste Ungdomen aat Amerika. Eg tykkjer det er ilt aa tenkja paa det. Der burte fær dei taka i, skal dei klara seg. Det er vel kannhenda so, at Arbeidet løner seg betre der. Men her heime ligg so mangt eit godt Stykkje Jord udyrkat, som og kunne gjeva litt av seg, um det vart lagt Arbeid paa det. Men det er liksom ikkje Rett aa leggja Tung-arbeid paa Jord her; men dei fær læra det, naar dei kjem der burt _ og daa er det mang ein Gong for seint.
 
No er det vist mang ein bra Bonde, som arbeider _ og det hardt og; men so sukkar han under Arbeidet og er unøgd med det. _ Som det var noko aa sukka for, at ein lyt bruka Likamet sitt til Arbeid! Nei der er Vælsigning med det _ berre ein gjeng til Arbeidet med Hugnad.
 
Skal ein so vilja, at Arbeidsfolket skal gjera meir Skil fyre seg, so nyttar det ikkje berre aa klaga paa dei og segja, dei er late.
 
Det er Eksemplet, som hev den største Magt i slike Ting og. Husbonden lyt ganga fyre og visa Agting for Arbeidet. So var det i gamle Dagar, fyrr den ”fine Daning” kom og gjorde det til Skam aa arbeida.
 
Og so lyt det knappast litt av paa dei alt for store Lønerne aat Embætsmennerne, so Bonden kann hava Raad til aa betala Arbeidsfolket sitt betre.
 
T. H
 

Frå Fedraheimen 06.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum