Tidender.

Kristiania, den 5te Februar.
  
Fullmagtsnemndi hev no haldet paa og granskat Fullmagterne. Vali i Arendal, Kristiansund, Finnmarki, Vestfold (Jarlsberg og Larvik) og Trumsfylkjet vart serskilt granskad. Det skal vera Stemning millom Fleirtalet for, at Statsraad Helliesens Val fraa Arendal ikkje kann godkjennast; det er berre W. S. Dahl og Bang, som vil godkjenna det. Likeins gjeng det daa væl Statsraad Holmboe i Finnmarki. Dei skal samrøystes halda paa det, at Valet i Stokke ikkje kann godkjennast, men korleis det daa skal gjerast med Umval, skal ikkje vera avgjort endaa.
 
 
Til Umsetning av det nye Testamente paa Landsmaalet innsteller Kyrkjedepartementet paa Kr. 1000 for næste Aar ogso. _ Aat Lækjar Vidsten er det uppsett 900 Kr. til Maalgranskning paa Vestlandet. Endeleg hev dei sett upp ein Sum til Utgjeving av Skulebøker paa Norsk.
 
 
Utnemningar. Kand. O. Olsen til Prest i Hol. Kallskap. H. Chr. Seip til fast Kapellan i Vestby. Kapellan i Gloppen O. M. P. Synnæs til Sokneprest i Sand, Ryfylkje.
 
 
Paa Stortingsmann Ullmann er det sendt Klage til Amtmannen i Telefylkjet, fordi han skal hava utdelt Sakramentet sjølv til Huslyden sin. Dette skal han hava gjort; fordi han ikkje kunne semjast so mykje med Presten Barth i Seljord, at han vilde hava han til det. Han vilde ikkje hava han til aa døypa Borni sine desheld.
 
Det er likevæl uvisst, um der vert Sak um dette, meiner Dagbl.
 
Sidan dette vart skrevet, hev det komet eit Stykkje fraa Ullmann i Dagbl., der han upplyser, at han og Huslyden hans i dei siste 7 _8 Aar hev notet Nattverden tilsaman som ein Del av Husandakten, men at dei difor ikkje hev forsømt Nattverden i Kyrkja. Han hev havt den Trui, at dette ikkje var noko ulovlegt, til dess ”jeg nu ved Spioneri og Angiveri fik mit inderste og helligste Hjemliv lagt aabent for Offentligheden og erfarede, at ifølge nogle gamle Bestemmelser i et Kirkeritual, er man i det 19de Aarhundrede ikke Herre i sin egen Dagligstue”. Han sagde straks, at han var viljug til aa taka den Straff, som Vankunna hans maatte føra med seg, og lovad, at han ikkje vilde gjera det meir, naar det fanst ein slik Lov. Det var ikkje for Presten Barth si Skuld, at han hev gjort dette, segjer han til Slutt.
 
 
Latinen i Skularne er det Krig mot i mange land. I Bern i Sveits hev Skuledirektøren sett under Forhandling, um ikkje Latin og Gresk heilt skulde ganga ut av Middelskolen, so dei kunne faa nyare Maal i Staden jamvæl i Gymnasiet skulde Latin og Gresk vera valfrie Fag.
 
 
I Snaasen hev dei skrevet Loverne for den nye Sparebanken paa norskt Maal. Det er væl fyrste Gongen, men vert ikkje den siste, at me ser Norsken i sovoren Bruk. Dei fyrste §§ lyder soleis:
 
 
August Strindberg , den svenske Diktaren, tykkjer, at det er likeso umoralskt for Forfattarar aa taka imot Diktarløner, som naar Prestarne i Statskyrkja liver paa Kostnaden av Ateistar, Katolikkar og Jødar. Det var nemleg nokre, som vilde venda seg til Riksdagen til aa beda um Diktarløn aat han, men han baud det tvert av; hadde det voret Partivener berre, som hadde sleget seg ihop um det, segjer han, daa hadde det voret ei onnor Sak; ”ein tek paa seg aa ganga fram, taka Skoti i dei fyrste Støytarne, paa det, at dei andre kann faa koma fram, taka Æra av Sigeren og Kvila etter Striden. Han set til Helse, Fred, Framtid, Livebraud og kanskje Livet med, og medan han gjeng paa, bed han Venerne tenkja paa Kone og Born. 
Det er berre rimelegt. Eg hev bodet av Stipendium, fordi eg ikkje vil vera bunden, og taka Hjelp av slike, som eg maatte arbeida imot. 
Det vere aa bøygja seg for djupt”.
 
 
Det danske Folketinget maa taka til aa jamna seg etter Landstinget og fira noko med Umsyn paa Finansloven, er det likt til etter eit Telegram igaar.
 
 
Med Gladstones Ministerium gjeng det godt; det vert helder meir radikalt enn fyrre Gongen.
 
Irlands Sak hev fenget ein god Talsmann der. Chamberlain hev komet med, men ikkje Charles Dilke.
 
 
Arbeidsløni no imot fyrr. Det er ein aagjæt Engelsmann, Giften, som hev lagt mykje Arbeid paa aa granska Arbeidsmannens Kaar i dei siste 50 Aar; han finn, at Lønerne hev stiget nær 100 Prosent, medan Arbeidstidi hev minkat 20 Prosent. Han segjer, at dei hev ikkje Rett, som meiner, at Framstigi i Industri berre gagnar den rike, men armar ut den fatige. For det er ikkje berre i England, segjer han, at det er so lagat, at Lønerne hev stiget, men ogso i Frankrike, Tyskland og andre Land.
 
For 56 Aar sidan, segjer han, var det 9 Millionar Arbeidsfolk i England, dei tente 171,000.000 Pund, elder 19 Pund for kvar. No er det 13 Millionar Arbeidsfolk, og dei tener 550,000,000 Pund, elder 42 Pund for kvar. Um ein samanliknar Inntekter av Arbeid og Kapital, so fær ein ut, at Innkoma av Kapitalen hev stiget ifraa 190 til 400 Mill. elder umlag 100 Prosent, Innkoma av Arbeidet hjaa dei høgre Klassar og Midelklassen hev stiget fraa 154 til 320 Mill. elder umlag 100 Prosent, men Inntekti av Lekamsarbeidet hev stiget fraa 171 til 550 Mill. elder yver 200 Prosent.
 
Det skulde soleis vera mykje betre for Arbeidsmannen aa liva no imot fyrr; det hev nemleg ikkje vortet dyrare det ein treng, Husleige og Kjøt einast er dyrare, men alt anna er billegare.
 
 
Ein leid Sjukdom. Ein Dag kom det ein 
Tiggar og bad so vænt um nokre Skilling. Han var daa so sjuk og det var so ille med han i alle Maatar, so det gjekk ikkje an aa fortelja det for noko Menneskje. Han fekk daa litevetta og gjekk sin Veg. Men so tok me til aa undrast paa kva Slag Sjukdom det var, som ein Tiggar blygdest for aa nemna. Me vart so forvitne etter dette, at me laut gjera Tenaren vaar iveg til aa spyrja. Ja han naadde snart att Tiggaren, saag paa han; ”du ser daa ut so frisk som nokon du”, sagde han, ”korleis kann du vera sjuk?” _ ”Aa det er soleis lagat med meg”, svarad Tiggaren, ”at ingen kann korkje gaa elder gjeta det; men likevæl er det so laakt med meg, at eg er som nomen i all Kroppen; um eit Arbeid er aldri so uvandt, so er ikkje eg før til aa gjera det. Men hev du no endeleg Hug til aa vita, kva det er, so skal eg fortelja deg, at dei kallar det Latskap”.
 

Frå Fedraheimen 06.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum