Vigleik Dale

Ein Sundags Morgo med Sol i Lie
til Kyrkja han Vigleik gjekk;
og Fuglanne song, og Lauvet spratt
og Doggje i Grasi hekk:
 
”Hot er det? det myrknar kring meg
og Foten er stød og tung;
eg trur, eg er gamall vorten,
og eg, som trudd’ eg var ung”.
 
Han lae seg ned paa Sletti
med Vaarsol i Bakkjen skein, _
han skulde ganga til Altars
og frelsas fraa Synd og Mein. _
 
”Hot er det? det brest og brakar,
det var daa ein fæle Laat,
eg tykkjer, eg høyrer Tora,
saman med Leik og Graat”.
 
Og kring han er grøne Vollar,
det glimar av Stogevegg;
daa høyrde han vene Bjøllur,
men fekk slik ein underleg Stogg.
 
”Derburte mi goe Syster
er det vel Sigrid, eg ser?”
Eg somnad inn under Fjellet
og vaknad so atter her!
 
Eg gjætte i Dalaa-skogjen
og lae meg syvjug ned, _
so vaknad eg atter hjaa Rysen,
Gud gjeve meg eingong Fred!
 
Men pass deg, Vigleik, fyr Drykkjen,
um Rysen vil taka deg inn, _
drikk aldri ein Taar av Ølet, _
daa gløymer du Heimen din!
 
Og pass dine Augur! fyr mine
blei vrengde og aldri eigong
fær eg sjaa Ljoset i Verdi
og meir høyra Kyrkjesong”.
 
Med’ soleis dei stod og talad,
kom Rysen og leid’ han inn;
der laag ein Gut i Vogga
med Mose paa skjeggjutte Kinn!
 
I huset det glimde og glodde
av Sylv og av raude Gull,
og Bordet var diskat og dukat,
og Bollen av Øl var full.
 
Og Rysen tok Bollen og sagde:
”Drikk berre det, du vinn;
det skal du vist aldri faa segja,
du tyrst gjekk or Garden min!”
 
”Nei takk, eg tenkte aa ganga
til Herrens Bord i Dag _
so seig han ned paa Krakkjen
som raamad’ av Toreslag.
 
Han vaknad atter paa Heie,
ei Mil fraa den grøne Lid,
og Sole stod haagt, han var tyrst og trøytt,
men Trolldomen var han daa fri!
 
Ja, fri! men han drakk av Bekkjen,
som Trollet ha’ blandat upp, _
so bleiv han sjuk ut paa Hausten
og døe so hovudstupp!
 
V. V.
 

Frå Fedraheimen 06.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum