[Tidender.] Jarlsbergvalet

gjev Høgrebladi myki Sut og Trege.
 
I Stokke hadde dei, som me alle veit, fenget med ein Valmann formykje, og so kom Høgre (Mindretalet) til Magti i Jarlsberg.
 
Dette var væl og bra totte Budstikka (og dei andre Høgrebladi), og det, at ein Manntalsførar tek avlidne Folk med i Manntalet sitt, kann ikkje vera noko større aa snakka um. Mistak kann henda endaa ein Prest. Men no kjem denne her Fullmagtsnemndi og vil vraka heile Stokkevalet berre for det at Valet er ulovlegt! Skal ein ha høyrt slikt! Ikkje det minste Lovbrot, ikkje sopass som eit lite lovlaust Valmannsval kann faa smetta knarkelaust millom Fingrarne paa dette ”tyranniske Flertalsregimente!”
 
Ikkje for det, Høgrepartiet (segjer Budstikka og dei andre) bryr seg ikkje det Grand um aa vera i ”Majoritet”. Majoriteten er ein Tyran so stygg og fæl, at dei vil beda Vaarherre fria seg fraa aa koma i slikt Selskap. 
Det er soleis ikkje paa Partiet sine Vegner, at Budstikka (og dei andre ) er sinte. Um dei misser dei fire i Jarlsberg, so er der mange nok att likevæl for ein Minoritet aa vera. Nei det er paa Retten, paa Sanningi si Vegne. Ikkje slik aalmenn, kvardagsleg Sanning, som baade eg og du kann skyna. Nei det er ei høgre, finare Sanning, so fin, at korkje eg elder du kann sjaa ho. Det er denne her um Minoriteten, som alltid hev Rett, alltid maa og skal ha Magti og som aldri er elder hev voret ”Tyran”.
 
I Jarlsberg hev denne Sanningi livt i fleire Aar. Jarlsberg var einaste Plassen, som det var daa ei Trøyst i, ei god Trøyst; og so kjem denne ”forbandede Majoriteten” setjande med Lovbod og Stortingsavgjerder og lærde Fortolkningar av Aschehaug og alt det Juks til bid og gjer heile 
Trøysti til ein Røykpuff!
 
Arme Budstikka; her er mangt aa røyna i denne Verdi.
 

Frå Fedraheimen 13.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum