Tidender.

Kristiania, den 12te Februar.
 
Stortinget hadde Møte i dag, og byrjad paa med Innstellingi fraa Fullmagtsnemndi.
 
Bang hadde Ordet fyrst og hadde seg frami um Riksretspolitikken straks, og sidan bar det iveg fljott, Helliesen, som dei vil senda heim att, hadde og Ordet, og tok i so kvast, at Præsidenten laut kalla han til Ordet. Sidan kom Sivert Nielsen og tuktad han. Skal dei halda fram so, ser det ikkje ut til, at dei vert ferduge snart, so Tinget kann opnast. I dag er det Ettermiddagsmøte.
 
 
Til Præsident i Odelslaget etter H. Bentsen, som ikkje er Tingmann iaar, meiner V. G. , at det kanskje vert Tale um aa taka Quam for Jurysaki si Skuld. Quam hev fyrr voret Præsident i Lagtinget. Elles skal mange vera hugad paa Liestøl, Blehr elder Sparre.
 
 
Skulekommissjonen hev no gjort ifraa seg med dei fyrste Møte sine, dei skal no ikkje koma saman att fyrr sist i September og halda paa til Jol og sidan eit Møte Hausten 1887.
 
Dei hev no paa Fyrehand granskat dei fleste Hovudspursmaali. Ein av Medlemerne, Kyrkjesongar Vollan, skriv i Vestlandsp., at det var Stamstelling i Kommisjonen paa at, um ein og kunne vera aldri so hugad paa Umbøter, so maatte ein vera so varsam som mogeleg i aa auka Utgifterne noko mykje baade for Land og By. Soleis vil det væl snaudt verta Tale um nokor større Lengjing av Skuletidi paa Landet, og for Byarne vil ein væl helder ikkje ganga so stort lenger, enn dei friviljugt hev gjort sjølve. Men det er meint, at Arbeidet vil ganga ut paa aa hjelpa Skularne upp paa annan Maate, ved at det vert gjort meir Bruk av Lærarinnur, og ved at Tidi vart nyttad betre, og endeleg ved at Skulestyringi vert lagad soleis at Folket sjølv og daa allvist Foreldri fær meir aa segja og kjem til aa bry seg meir um Skulen. I det heile skal dei lika dei Tankarne, som ligg til 
Grunn for Byskuleloven, som vart negtad Godkjenning av Kongen. Etter dette skulde Presten framleies vera Medlem av Skulekommissjonen, men ikkje sjølvskriven Formann meir. Ved Lærarutnemningar skulde daa Skulekommissjonen hava mest aa segja, men det vert ikkje haldet for umogelegt, at Foreldri fær noko Magt ogso. Det vart meint, at der ikkje skal vera so stort Tvidrag millom Kommissjonsmedlemerne, som ein kunne tru ifraa fyrstundes, og Arbeidet skal hava Von um aa ganga lettare, enn tenkt var. Dei skal no senda Spurningar um ymse Ting til Skulekommissjonarne rundt Landet, so dei kann hava sikre Upplysningar aa halda seg til.
 
 
I Danmark styrer Kongen og Estrup som dei vil no att, Tinget hev dei gjort heim att, so dei hev frie Hender.
 
 
”Begyndelsen til Vantroen”. Ein Dag kom der ei Kjering inn i Stoga til oss, etter at ho hadde setet ei liti Rid, tek ho ned or Bokhylla ei Bok (det var endaa av O. Vinjes Skrifter, 2dre Bandet), ser lite i ho og segjer: ”no er me ikkje go til aa lesa Bladi vaare, naar dei vert trykte paa dette Maalet”¹). Lite etter segjer ho: ”so gale hev han aldri gjort han Kristofer, som daa han tinga dei att etter Nytaar”. Lesar, no kann du høyra kva Slags Folk me hev ikring oss; endaa tykkjer dei at dei hev havt det Danske forlite.
 
Eingong sagde ein Mann til meg, (daa han saag at eg var Tingar paa Fedraheimen, Nora og Lagsmann av det ”Norske Samlaget”): ”der har vi Begyndelsen til Vantroen” . Dette kann eg ikkje forstanda, at Maalreisningi skal vera nokon ”Begyndelse til Vantroen”.
 
F...
 
 
¹) Det var ”Bibelbudet” dei heldt, og so hadde ho set eit Par Songar i det paa Maalet. 
 

Frå Fedraheimen 13.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum