[Tidender.] Kristiania og Bergen.

Ein Brevsendar til eit 
Bergens Blad meiner, at det spaar for noko det, at Arne Garborg tek til aa søkja til Bergen etter Forleggjar for Bøkerne sine. ”Det vil vara lenge”, meiner han, ”fyrr Kristiania vert Hovudstad, og naar Bergen kjem utor Einstødet sitt, fær han so mykje laglegare Vilkor, at han ogso i Bokheimen vil faa eit stort Velde. Der trengst her i Landet um aa faa Rom for anna enn Kristiania-daamen, for den hev lite baade med Aand og Fridom aa gjera”.
 
Dette trur me er sant, Kristiania vert visst seint elder aldri rett Hovudstad her i Landet, det trivst ikkje korkje den rette Hugen elder Dugen her i denne klene Lufti innst inne i Viki her. Men i Bergen blæs det friskare Gustar, og det er mykje meir den Sprøyten i Folket der, som høver ein nasjonal Hovudstad. Kristiania det er ei gomol Kjering det, og vert visst ikke annleis.
 
Det er elles merkjelegt, kor stort eit Velde Bergensarne alt hev her i Kristiania; dei held seg mykje isaman og kjenner lett sine paa den syngjande Talen, som dei seint legg av. Dei er sterke baade paa Høgre- og Vinstresida, me hev soleis høyrt Høgrefolk klaga seg reint yver, at Bergensfolket her i Byen styrer dei i alle Maatar; mange gjæve Vinstremenn med stort Velde her i Kristiania er likeins ifraa Bergen.
 
Bergensfolket er mykje meir livlegt av seg enn den seige likesæle Kristiania-buen, dei er snøgge til aa eldast upp, men so er det ikkje so sterk ein Tøyg i dei til aa halda ut som i 
Austmannen.
 
Det som kunne utvikla Bergen til aa vera ein Hovudstad til Landsens Bate, det var um me kunne faa ein Jarnveg ifraa Bergen tvert yver Landet, helst radt til Gjøvik. Daa vilde Bergen bindast so i hop med Austlandet, at han slipad Einstødugskapen av seg og vart heilt nasjonal, og so kunne Vikveringarne sulla som dei vilde, det meinkar ikkje Landet likevæl.
 

Frå Fedraheimen 24.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum