[Tidender.] Stortingsmennerne

hev havt annvint med aa taka imot nye Forslag fraa Regjeringi og andre, og hev ikkje komet seg iveg med aa gjera noko endaa. Av Framlegg, som er framsendt av Tingmenner, skal me nemna:
 
Søknad fraa Lasse Trædal um Statshjelp til aa halda Maalskule i Smaaleni.
 
Fraa Bentsen, Sørensen m. fl. um, at Futeembætti skal leggjast ned.
 
Fraa Jaabæk um, at Distriktslækjarembætti skal leggjast ned.
 
Fraa Konow um Slitningspengar for dei som held seg sjølv Byrse paa Eksisturen.
 
Fraa Forfattaranne Constantius Flood og fraa Kristian Gløersen um Statshjelp til aa kunna halda fram med Bokskriving.
 
Fraa B. Bjørnson um Diktarløn aat Alexander Kielland.
 
Um Komponistløn aat Ole Olsen og Christian Sinding, og um Hjelp aat J. Haarklou til aa halda Konsertar.
 
Fraa Berner um Godtgjøring til Materialforvaltar (h. v.) Hol (Forfattaren av ”Rifleringen”).
 
Fraa Styret for det kyrkjelege Landsmøtet um ”Statskirkens Repræsentation”.
 
Fraa Bentsen o. fl. um borgarlegt Ægteskap.
 
Fraa Wexelsen o. fl. um friare Bruk av Kyrkjurne, um Løysning av Soknebandet og um Valsokner.
 
Fraa Quam um Rettergangsmaaten i Straffesaker.
 
Fraa Advokat Mejdell oum Justitssaker.
 
Fraa Bladstyrer Chr. Johnsen um aa slutta med Dødsstraffen og um Godtgjering aat slike, som vert sakad skuldlaust.
 
Fraa Styret for Kristiania Vinstresamlag um forandring av Skatteloven.
 
Fraa Berner um Eigedomshøve millom Ægtefolk.
 
Fraa Stang og Ihlen um Forholdstalsval ved Kommunevali.
 

Frå Fedraheimen 24.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum